JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Restaurasjon av maktstrukturane

Trumps mislykka statskupp betyr ikkje at USA blir forvandla til eit rettvist samfunn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Donald Trump sende eit slengkyss til tilhengjarane utanfor Det kvite huset før han sette kursen mot grensemuren mot Mexico tysdag denne veka. Onsdag vedtok eit fleirtal av representantane i Kongressen å stilla Trump for riksrett for andre gong.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB

5327
20210115
5327
20210115

hompland@online.no

Sinclair Lewis, med nobelprisen i litteratur i 1930, skreiv i 1935 den dystopiske romanen It Can’t Happen Here. I slagskuggen av Mussolini og Hitler mana Lewis fram demagogen Berzelius «Buzz» Windrip frå det demokratiske partiet. Han feia FDR av banen og blei president på eit program for å gjera Amerika stort og rikt att, med basis i frykt og hat, patriotisme, tradisjonelle verdiar og 5000 dollar i borgarlønn til alle.

Med brei, folkeleg støtte i ryggen og ryggeslause businessfolk og militsen «The Minute Men» i førarsetet utvikla det seg raskt til ei korporativ nyorganisering av samfunnet med konsentrasjonsleirar for motstandarar og minoritetar. Den paramilitære militsen gjekk laus på Kongressen. Nokre opposisjonelle kom seg unna, og visepresidenten rømde til Canada. Det enda med militærkupp og avsett president, invasjon av Mexico, motkupp og borgarkrig.

SÅ ILLE HAR DET IKKJE gått under den mentalt ustabile og fredsprisnominerte narsissisten Trump, som etter eiga utsegn kunne ha stått midt i Fifth Avenue og skote nokon utan å mista veljarar. Erna Solberg fekk inntrykk av han som ein normal mann med sans for humor.

Trump har dobbeltsnakka, talt opphissande og agert som ein samanraska og postmoderne fascist. Resultat: Ord er verksame. Løgn er sanning. Kort veg frå data til gata.

Det er eit retorisk og politisk meisterstykke å ha tent interessene til seg sjølv og andre rikingar, med støtte frå store grupper av depriverte som har vendt seg i hat mot andre som er diskriminerte, har mista fotfestet og er down and out.

SELFIESHOWET på capitol
kunne ha gått mykje verre. Riksdagsbrannen blei avverja. Lincoln blei skoten i eit teater, men Pence og Pelosi blei ikkje hengde i Kongressen. Dei redda seg frå privatpraktiserande og profesjonelle kommandosoldatar som Trollmannen gav ordre om å marsjera mot Kongressen saman med vanlege, sinte folk og læregutar i ein lurvete mobb av covid- og klimafornektarar, sjamanistiske veganarar og anonyme konspirasjonspraktikarar som ville forsvara folket mot den globale og satanistiske pedofiliringen som drikk barneblod for å halda på den djupe statsmakta.

DEI KONSTITUSJONELLE institusjonane har overlevd, og Forvaltninga fungerer, meiner Byråsjefen, men vinterstormen på palasset har synt eit land på kanten av politisk sivilisasjonssamanbrot. Det blir ikkje lett å gjera Amerika greitt igjen. Det amerikanske marerittet lever. Hatet mot elitane vil framleis bli nørt av trua på ein sterk mann som kan rydda opp.

I sumpen vil politikarar som er kjøpte og betalte av oligarkane i olje, våpen og farmasi, tru seg på trygg grunn att. Medan det sosiale limet går i oppløysing, vil dei halda fram med pompøs retorikk om det overlegne og eksepsjonelle amerikanske systemet, demokratiets tempel, «the shining city on the top of the hill».

Biden er ingen velferdsstatleg sosialdemokrat eller ein arvtakar etter Franklin D. Roosevelt som lærte å «look to Norway» av Märtha. Sentrumsregjeringa hans ligg til høgre for midten av Høgre. Sanders og retninga hans er marginaliserte av partitoppen. «Å venda tilbake til det normale» er mest truleg å restaurera ein politikk for sosial og økonomisk urettvise og aukande kløfter mellom fattige og rike.

REALISTAR TRUR Biden får så mykje å gjera på heimebane med å prøva å rydda opp i eit kløyvt samfunn og ein sviktande medisinsk infrastruktur at administrasjonen vil ligga lågt internasjonalt. Det motsette er like sannsynleg: Den kommunistiske og kinesiske agenten Biden kan overgå Trump i å vera tøff mot Russland og Kina og andre ytre fiendar. For det skal Donald Trump ha: Han har vore meir tilbakehalden med militærmakt utanlands enn dei verdspolitihaukane som nå vender tilbake.

HANS BØRLI var mykje meir enn «skogens dikter». Han har to dikt som heiter «Amerika», det første frå Glåmdalen i 1947:

Jeg tror at du, «Guds eget land»,

er villig til å selge deg til djevelen.

Hvorfor dreper du en ung neger

hvis eneste forbrytelse er at han er mørk i huden?

Det andre Amerika-diktet («Isfuglen», 1971) var retta til ein poetisk gråtande Walt Whitman:

Du har drept din framtid, Amerika.

Alt du har tilbake er

en flokk lusete hauker og

en værhane.

DENNE SPALTA er skriven sju dagar før Biden flyttar inn i Det kvite huset. Det er uføreseieleg kva den kjempande despoten i bunkeren kan finna på på veg til den tarpeiske klippa. Det einaste øvstkommanderande med atomknappen skal ha angra, er at han lét seg pressa til å framføra ein forsonande video­snutt før han blei stengd ute frå kommandokanalen Twitter.

Det beste ein kan håpa på, er at dei siste dagars heilage spyttslikkarar klarer å få han til å nøya seg med snakka i telefonen, ta ein skrytetur til Mexico-muren, prøva å skapa alternative sanningar og nådegje seg sjølv; at det er for seint å «stand back and stand up» og lita på «Million Militia March»; at Donald ikkje lenger er i stand til å skyte fra hoften midt i Det Hvite Hus (Børli), men endar som lame duck; at han som ville ri ein tiger, endar i tigerkjeften.

Ein kan håpa, men det er liten grunn til å tru det før ein ser det.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Alt du har tilbake er en flokk lusete hauker og en værhane.»

Hans Børli

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ingeborg Arvola har fått fleire prisar for forfattarskapen sin.

Foto: Fartein Rudjord / Norla

BokMeldingar

Heitt begjær ved islagt hav

Ingeborg Arvola held fram med soga om kvensk liv på 1800-talet.

Hilde Vesaas

Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.

Foto: Marcel Leliënhof

TeaterMeldingar
KristinAalen

Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten

Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis