JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Regjeringsproblemet på grasrota

Misnøgde ordførarar i Ap og Sp som søker attval, må distansera seg frå si eiga regjering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I kommuneval er personane ofte viktigare enn partia dei er knytte til. Historisk bilete av ein rådvill førstegongsveljar frå kommune­valet i 1967.

Foto: NTB

5703
20230113
5703
20230113

hompland@online.no

Når veljarane blir spurde om kva dei ville røysta i eit kommuneval, kjem regjeringspartia betre ut enn når spørsmålet gjeld stortingsval: 23,3 prosent mot 19,4 prosent for Arbeidarpartiet, 9,2 prosent mot 5,9 prosent for Senterpartiet. Det er svake noteringar, men høgare enn Arbeidarpartiet på historisk lågmål og Senterpartiet nær sperregrensa.

Ettersom det er kommuneval til hausten, ser dei baserte regjeringspartia desse tala som von om at det hangande snøret ikkje sit fast i botnen.

Det er ei illusorisk og mager trøyst som slår direkte tilbake på politikken til regjeringa. Mykje som blei lova i Hurdal, er ikkje gjennomført, men sendt til utgreiing i utval og kommisjonar. Regjeringa er eit problemet for regjeringspartia.

DEN RAUD-GRØNE trua på at ei berekraftig Støre-regjering skulle rydda opp og syna kraft etter åtte år med Solberg i ulike sjatteringar, har visna og bleikna bort. Det er ordføraropprør mot grunnrenta på laksekaksar, og det er misnøye med høge prisar på drivstoff, matvarer og ymist anna. Men straumpriskrisa er den verste gordiske knuten regjeringa har vikla seg inn i.

I talepunkta kallar kadrane i regjeringspartia det eit kommunikasjonsproblem i tunge tider, men grunnfjellet kan forvitra når lokalpolitikarar i regjeringspartia markerer seg ved å distansera seg frå si eiga regjering.

NASJONALE TRENDAR kan dra eit parti opp eller ned. Populære partitoppar på den nasjonale scena kan trekka lokale veljarar, men når leiarane famlar og falmar, skuvar dei veljarane bort i val som skulle dreia seg om kommunale saker.

Melodien hos misnøgde kommunalpolitikarar i Arbeidarpartiet og Senterpartiet er at regjeringa ikkje leverer nasjonalt, men at dei sjølve tek ansvar og har lokal tillit. Derfor vil dei helst sleppa å ha rikspolitikarar rekande rundt med kaffikoppar i ukomfortable sofahjørne, repeterande at dei forstår uroa før dei legg til eit «men dere, …».

VALDELTAKINGA plar vera høgare ved stortingsval enn ved kommuneval, og fylkestingsvala ligg endå lågare. Nokre parti gjer det systematisk betre ved kommuneval enn ved stortingsval. Senterpartiet er der, bortsett frå bonus ved stortingsval med EU-smak. For Arbeidarpartiet har det som oftast vore omvendt.

Partistrategar og kommentariat ser gjerne kommuneval som ei løypemelding for neste stortingsval. Forslag om å slå vala saman har aldri slege gjennom, for kommuneval skal liksom ikkje berre vera eit vedheng til nasjonale oppgjer.

Kommuneval har litt meir preg av personval enn partival. Ein dyktig ordførar dreg veljarar til partiet eller bygdelista. Kumulering har også større effekt i kommuneval: Kjende namn får ekstra personrøyster og slengarar og slår ut folk som er nominerte høgare på listene. Det prøver ein å motverka ved å føra dei partiprioriterte opp to gonger.

Ved kommuneval er det større rom for protestlister mot bompengar og i kampar om lokalisering og andre enkelt­saker. Dei fell ofte frå kvarandre i personstridar og deler seg i to eller tre så snart gruppa er samla.

SPENNINGA MELLOM sentrum og periferi ligg alltid på lur i dette Rokkan-landet – også internt i partia. Arbeidarpartiet er truga av eit ordførarras i storbyane. Senterpartiet, som har 37 prosent av landets ordførarar i 132 kommunar, fryktar det same i kjerneområda på landsbygda.

Det kan synast som om Arbeidarpartiet har bomma på balansen i truvedkjenninga om by og land hand i hand. I distriktspolitikken hengde dei seg på Senterpartiet som var konkurrent og samarbeidspartnar. Derfor har dei skaffa seg både eit storbyproblem og eit utkantproblem.

På grasrota meiner mange klassiske Sp-veljarar at problemet er sambuarskapet med Arbeidarpartiet. Sp-ordførarar er pragmatiske og fleksible og kjenner seg ofte heime i borgarleg leir. Det der med Arbeidarpartiet og SV er noko partitoppane driv på med inne i Oslo når dei er blitt ein del av den sentrale eliten.

Og det er gjensidig: A-veljarar på gjerdet er misnøgde med at Partiet har bunde seg til masta med bondevennene.

FOR SENTERPARTIET var oppløysing av tvangssamanslegne kommunar og fylke eit brage­løfte før valet, av omsyn til den lokale og regionale folkeviljen, men også for å demonstrera rikspolitisk at Senterpartiet er lokaldemokratiets beste vern og feste.

Reverseringa har enda i pengekrangel der delte fylke og kommunar meiner regjeringa er for kjip, slik at dei hamnar i gjeld. Det er også prinsipiell usemje om det er veljarane i dei gamle kommunane eller kommunestyra i dei samanslåtte som skal ha siste ord. I begge stridane har Senterpartiet kome i klem og tapt endå ei vinnarsak.

***

RETTINGAR. Skotske Bill Shankly (1913­–1981), spelar i Preston North End og legendarisk manager for Liverpool, fekk sagt det: «Somme meiner fotball er eit spel på liv og død; eg kan forsikra om at det er mykje viktigare enn som så.» (Som ein rundetidsnoterande skeisesports­idiot frå Per Jorsetts tid vil Byråsjefen, med djevellue, legga til at lite meir er intenst enn eit tett langdistanseoppgjer der rundetidene blir pressa ned mot slutten, som i EM i Vikingskipet).

Det har kome klage på at det i Sideblikk 23. desember stod at fotballmål er 2,24 meter høge og 7,32 meter breie. Den korrekte høgda er 244 centimeter. Når desse tala er så lite runde, er det fordi dei er rekna om frå engelske mål: 24 x 8 fot, for det var på
balløya formalisert fotball hadde si vogge. Etter VM i Qatar er verdas største idrett kanskje i ferd med å få ei overprisa grav saman med Ronaldo på den sportsvaskande og fossile arabiske halvøya. Hvilket skulle bevises.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis