Regjeringar og politiske realitetar
Senterpartiet har slite ut slagorda, slik at det er uråd å forstå om det er innhald att.
Trygve Slagsvold Vedum tok Arendal i bruk då Senterpartiet hadde partitime der denne veka.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
hompland@online.no
Pågåande, opplysande og avslørande journalistikk er merkelege saker som kjem til å bli repeterte i det uendelege i vekene fram til valet. Dette er første bod frå Gelius (Jon, ikkje Einar): Eit gamalt og tomt spørsmål er som nytt og meiningsfylt når det blir stilt på brygga i Arendal, og den innbilt soleklare kvaliteten aukar med talet på avbrot.
KOMMENTARIATET overgår kvarandre i jakta på merkelappar, og politiske motstandarar er på same køyret når dei karakteriserer regjeringskabalane til dei andre: kaos, røre, rot, søle, suppe.
Spaltisten minner om at før eit val handlar det om ønske; etter valet er det styrke og konstellasjonar. Det er jo derfor me har val. Røyster og ressursar tel, men dei politiske realitetane avgjer kven som kan regjera saman.
For åtte år sidan gjekk Erna Solberg til val på ei borgarleg firepartiregjering. Ho har leia fire ulike regjeringar, men berre i eitt år med fleirtal og etter idealet. Då blei det fangeopprør, og Sylvi Listhaugs tid var inne, mens det partifellen hennar kalla «de små tullepartiene», kjempar for livet mot sperregrensa. Likevel messar pratemaskinen Solberg utrøytteleg den urealistiske bodskapen om borgarleg samling.
Å tvila på Senterpartiets absolutte regjeringskrav er ikkje å la vera å ta dei på alvor, men å basera seg på kjennskap til partiets karakter. Dei gjer det dei må for å ha ei hand på rattet.
VERTINNA VEDGJEKK for eit halvt år sidan, rett nok motvillig og tvisynt, at ho kom til å røysta på Senterpartiet. Ho kjende seg som distriktsopprørar og meinte det er vanlege bygdefolks tur.
Ho trudde ikkje på Trygve Slagsvold Vedum som oppstanden redningsmann, men såg han som ein usnobbete stand-up-politikar som sette viktige saker på spissen og gjorde det godt i verbale slagsmål. Som distriktsmenneske kjende ho seg att i Senterpartiets perspektiv på by og land, elite og folk, sentrum og periferi.
Vertinna var i grunnen ikkje så sterkt for Senterpartiet som ho var mot dei som er mot Senterpartiet. Ho hadde ubendig lyst til å seia frå mot sentrale betrevitarar som meiner at dei enkle, einfaldige, lettlurte og forførte veljarane i distrikta ikkje forstår sitt eige og landets beste.
FOR Å VERA PÅ den sikre sida og ikkje bli plaga av tvil røysta Vertinna på førehand så snart det var høve til det. Ho stålsette seg mot å la valkampen koma forstyrrande inn, men nå er ho ikkje så sikker lenger. Som mange andre opprørte distriktsveljarar har ho kome til sans og samling etter å ha blitt fanga av senterpartibølgja i vinter og vår.
Vertinna sitt problem er ikkje at Vedum og Senterpartiet seier noko anna enn dei sa før. Problemet er at dei berre bruker dei same slagorda om att og om att, slik at det uråd å vita om det er noko attom orda.
I eit anfall av hybris tok Senterpartiet heilt av og kåra Vedum til statsministerkandidat. Det var det ikkje klima for. Han er malplassert i rolla, for alle veit at det står mellom Solberg og Støre. Den humørfylte Vedum er i ferd med å bli sur og gnaven. Og partiet er som ein oppblåsen grøn ballong som mistar trykket, mens fargen grånar mot det oljesvarte.
VERTINNA HAR SJEKKA om ho kan angra. Ho har rådført seg med Byråsjefen, som har ei fortid med å organisera val. Det var då ansvaret låg i ei avdeling i Kommunaldepartementet, før oppgåvene blei sette ut til eit eige direktorat, samlokalisert med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), desentralisert og flytta til Tønsberg som ei distriktspolitisk knebøying.
På privaten meiner Byråsjefen at det burde vera høve til å angra fram til valdagen. Kva skal me elles med valkamp? Men som lojal representant for Forvaltninga må han slå fast at Valdirektoratet er ubønhøyrleg: «Husk at det ikke er mulig å endre på stemmegivningen. Dersom du forhåndsstemmer kan du ikke stemme på nytt, heller ikke på valgdagen.»
VERTINNA ER FANGA i senterpartifella, men ho trøystar seg med at Vedum har gjort ein innsats som vekkerop. Senterpartiets framgang har tvinga dei andre partia til å ta misnøgde veljarar i distrikta på alvor, tala vel om dei og lova å gjera meir for dei i nærområda.
Arbeidarpartiet er nå for billig diesel i grisgrendte strøk, seier distrikt og fattige barn i same setning og vil syna større omsorg for dei. Den postpandemiske Erna set sin lit til formuande gründerar og verdiskaping i distrikta, men det beste trekket Høgre har gjort i distriktspolitikken, er å digitalisera og gøyma bort Linda Cathrine Hofstad Helleland.
DET ER GRUNN TIL å rekna med at Senterpartiet gjer eit godt val, men kva som er godt, er avhengig av kva ein samanliknar med. På valnatta kan dei koma ut med store plussar samanlikna med 10,3 prosent i 2017, som også var eit val over normalen. Men i høve til meiningsmålingar på over 20 prosent og kåtskapen ved å vera større enn storebror Arbeidarpartiet på vinterføre, er fallhøgda stor og sjølvpåført. Mens Arbeidarpartiet vil ta det som ein siger om dei nærmar seg 27,4 prosent frå 2017, som er det nest dårlegaste valet etter den revolusjonære fortida.
Så vil det syna seg om Støre kjem til å regjera aleine i mindretal eller saman med SV og Senterpartiet, som begge har vore ute ei vinternatt før. Det kan ha kome vel med at statsministerkandidaten bytte ut supermannkostymet med superundertøy då utandørsvalkampen starta i Arendal.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Støre byter ut supermannkostymet med superundertøy i utandørsvalkampen.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.