JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Range riddarar av dei runde orda

Noko om politisk-mediale sløyfer. Men mest om diktaren Hans Børli (fødd 8. desember 1918).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattaren, lyrikaren og tømmerhoggaren Hans Børli tek seg ein matpause i Eidskog i februar 1965.

Foto: Ivar Aaserud / NTB scanpix

4764
20181207
4764
20181207

hompland@online.no

Aftenposten implanterte eit inkjeseiande bilete av helseminister Bent Høie på heile førstesida måndag. Det handlar om implantat­industrien, som Aftenposten har granska saman med 58 internasjonale mediehus. Dei har drive kampanje, tynt ­storyen og skremt livet av folk som treng «nerver av stål» dersom dei har livbergande pacemaker eller hjertestartar.

Då må den komande fylkesmannen ta ansvar, seia «Behov for å gjøre endringer» og kalla inn til kringkasta møte med alle partar – i konkurranse om merksemda med sjølvmord i psykiatrien, som Dagsrevyen har køyrt dag etter dag på sosialpornografisk vis som reklame for NRKs eiga gransking der programleiarane poserer med tjukke bunkar av sakspapir.

Det gjeld å smi medan lika er varme og sakene eksklusive. Og snart er det tid for å sondera og hestehandla om orda i ein ny regjeringsplattfot.

Vertinna har hatt ein poetisk raptus i haust. Ho sette seg føre å lesa Hans Børlis samla dikt før hundreårsdagen 8. desember (1918–1989). Det har vore fåfengt, men ho har funne trøyst hos den poetiske fylkesmannen Sigbjørn Johnsen, han som lét Børli sleppa inn i finans­talen. Han meiner at om ein skal sansa og fordøya livsvisdomen som ligg på og mellom linene hos Børli, kan ein ikkje lesa meir enn eitt dikt om dagen, og då vil arbeidet i den lyriske tømmerskogen ta tre år.

Jeg er et menneske. Jeg har

erkjent storheten i dét

å være så uendelig liten.

Vertinna har sprengt akkorden, men likevel berre kome halvvegs. Ho har vandra med Børli i kald djupsnø «innpå skoga», sett elgkadaver, høyrt dverg­målet, stått med han i einsemda under stjernene, sett «en kvast linnea varsomt holdt i en kvae­svart tømmerhogger-neve» og opplevd stutte stunder av lykke, men også barfrosten i sinnet. Ho har undra seg over kampdikt, smilt av skjemtedikt og høyrt lyden av gamle, milde Satchmos trompet og Makebas song, men kjent meir på tung­sinnet, sorga og alvoret der «den dårlige samvittigheten er en simpel borgerplikt».

Børli var vel bevandra i mytane frå Athen og dei klassiske tekstane frå Jerusalem og omland, men han var ikkje vidt bereist:

Jeg har sett Akropolis,

for jeg har aldri vært der.

Han var frå husmannsplassen Oppistun Børli ved Børen sjø og budde på Skotterud i Eidskog. Han var ein skoging mellom
slitarar, slike som ved gravferda blei kalla arbeidets adelsmenn, men som var grå og eigedomslause proletarar:

Ingen av mitt folk

har noensinne eid et tre.

Likevel eier vi skogene

med blodets røde rett.

Gjennom diktarlivet turnerte Børli både tradisjonell rim og rytme og frie, modernistiske vers. Han skreiv mange dikt om slitet med å gjera orda meiningsfulle. Han ville ha dikta til å «danse som ei naken rå gjennom skogen i mi sjel». Han var redd for å hamna i lyriske tvangstrøyer:

Å, som jeg kan se meg lei på

formen i et dikt!

Disse rimene

som snakker hverandre etter
munnen

som koner i kaffeslaberas ...

Skogens diktar er merkelappen Børli fekk klistra på seg når han blei prisa og hylla. Han likte det ikkje, for rett nok er det mykje djup skog i dikta hans, men fleire djupe og livsfilosofiske tankar. Han var skeptisk til småromantiserande kritikarar og kunstforståsegpåarar som «står med mange bøker i blikket og kaster røykbomber inn i templet». Sjølv kommenterte han posisjonen sin slik i «Å bli gjort til dikter» frå 1981:

«Skogen gjorde ham til dikter»,

har velmenende journalister

skrivi i avisene

om vesle meg.

Jo da –

Det hendte jeg satt på en stubbe

i tjue–tredve minusgrader

og knurpet i meg klaka kaku

mens tankene spikker valhent

på knoklete verseliner

inni hue på meg.

Og jeg kan forsikre dere om at

dét var en fanken så hardvølin måte

å bli gjort til dikter på!

Vertinna har langt att i si kronologiske lesing av dei over 20 diktsamlingane mellom 1945 og 1991, dei sju romanane og forteljingane og den sjølvbiografiske Med øks og lyre. Blar av en tømmerhoggers dagbok. Men ho har sniklese litt bakfrå i dei frittståande dikta frå aviser og blad. Så med helsing til Bent Høie og andre vil ho dela endå ein tekst med tittelen «Politikerne» (Arbeideren, nummer 4, 1980):

Nesten hver kveld

ser du en eller annen av dem

i Dagsrevyen på TV. De står der

oppsteglet på Stortingets talerstol

og gnikker bakhodet mot
de stramme hvite

pantalon-knærne til
Eidsvollsmennene

på bildet i bakgrunnen.

Og ordene de mer eller mindre
veltalende

strør ut av sine autoriserte

kjeftamenter

kreker som maur inn i

øregangene på oss

og gnager hjernekassene våre

hule og tomme

slik de skal og bør være

i et godt demokrati.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det gjeld å smi ord medan lika
er varme og sakene eksklusive.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis