Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Press mot pensjonert pressesystem

Noko meir om storfamilien Schibsted og den kommersielle utviklinga av mediemarknaden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sjefredaktør i Aftenposten Trine Eilertsen då Nordiske Mediedager Digital 2020 vart arrangert.

Foto: Thomas Brun / NTB

5582
20200925
5582
20200925

hompland@online.no

Etter at Byråsjefen i førre Sideblikk la ut i det vide og breie om sitt papirlesarliv og ugreie forhold til nettaviser, har det kome mange nikodemusar til meg – fleire av dei pensjonerte journalistar og redaktørar på 70 +, gjerne med sluttpakke. Det er ein kohort som kom inn i journalistikken på ymist vis og med blanda bakgrunn utover på 1960-talet. Dei hadde blømingstida si i dei avpartiifiserte papiravisenes høgtidsstund på 70-, 80- og 90-talet, før internettet førte synda inn i verda.

Felles for den nostalgiske uroa deira er at dei ikkje stoler på etterkomarar som ikkje eingong var fødde i 1968. Dei mistenker neste generasjon av bladstyrarar, som vaks opp med www og ser papir som ei plage, for ikkje å ha forstått den historiske og publisistiske kjernen i det norske pressesystemet. Dei er uroa for nedbygginga av grensene mellom det redaksjonelle og det kommersielle, for at boktrykkar Aslaksen eller folkefiendane skal få siste ord. Om ikkje alt var betre før, så var i alle fall skiljelinene klarare.

STRIDEN OM LÅGE portotakstar var, saman med bøndenes rett til å brenna brennevin sjølve, av dei store sakene på Stortinget i åra etter 1814. Begge delar skulle motverka monopolmakt og privilegium for embetsstand og borgarskap. Når bondetingmenn og andre i opposisjon til embetsmannsstyret var så hekta på låg bladporto, var det ikkje fordi dei brydde seg om fortenesta til adressekontora, men fordi dei ville sikra billege blad med politisk stoff, slik at ålmugen hadde sikker bakgrunn for å kunna ta informerte, opplyste og lykkelege val. Det går ei line frå Grunnlovas paragraf 100 til statleg pressestøtte.

MEDIEMARKNADEN liknar etter kvart stadig meir på dagligvarehandelen. Han blir kontrollert av tre store konsern som etterliknar kvarandre og konkurrerer seg imellom: A-pressen, Schibsted og Polaris. (Eigentleg er det berre to og eit halvt konsern, for det er laga ein snedig konstruksjon der Schibsted eig ein firedel av aksjane og sit med styreleiaren i Polaris.) I konserna arbeider dei tett saman om økonomi og organisasjon, annonsar, teknologi, trykking og distribusjon, og det er stadig meir utveksling av stoff – også meiningar. Kva dei ansvarlege redaktørane måtte ha, ha hatt eller ikkje ha av haldningar, er ikkje viktig, så lenge dei er gode disponentar, held marginen og styrer etter botnlina på alle plattformer. Det liknar på noko som har funnest før, men der partilojalitet er bytt ut med kommersiell konsernlojalitet.

Eitt scenario er at me endar med to lenkekjeda avishus med lokale variasjonar: Avis 1 og Avis A. I skuggen av dei strevar offentleg støtta nisjeaviser som ein slags uavhengige småkjøpmenn, medan «den feite purka», den allmenne rikskringkastaren NRK, blir slanka for å hindra konkurransefordelar.

VERTINNA har ei godt løynd sportsinteresse, og ho er ein hund etter fotballtabellar. Der er ho sveltefôra av Aftenposten på papir, som ho må halda fordi nokre aldrande gjester er avhengige.

Deadline er openbert så tidleg at tabellane etter helgerunden ikkje kjem på trykk før onsdag – om dei kjem, for då er dei gamalt nettnytt. Ho forstår at det i koronatider er vanskeleg å senda journalistar verda rundt, men det er merkeleg å lesa reportasjar frå heimekontoret om bravadane til Ingebrigtsen, Warholm og Hynne, Kristoff, Ruud og Hovland bygde på det NTB skreiv og TV-kommentatorar sa på direkten to dagar tidlegare.

Nå set Vertinna sin lit til ei nyordning: Frå i haust skal VG vera som eit nyhendebyrå og overta den laupande dekkinga i alle kanalar av norsk og internasjonal sport for heile porteføljen i storfamilien Schibsted. Aftenposten har lagt seg i trening for eit liv i skuggen med førehandslagra og tidlaust nisjestoff. Dei har styrkt sin unike profil med grundig haussing av norske bragder i verdsidretten «snooker», som er eit idrettsleg dekkord for biljard.

SJEFREDAKTØR EILERTSEN i Aftenposten har forklart at «samarbeidet mellom norske aviser har vært med på å redde oss», i kampen for nettabonnement og mot annonsetjuvar som Facebook og Google. For å forklara likskapen i innhald bak framsidene fann ho det naudsynt å bruka ordet unik fem gonger.

Utviklingsredaktøren i Aften­-
posten meiner dei har knekt «The New York Times-koden» med «digitalt abonnementsprodukt». Dei leverer same kvalitet i distribusjonskanalane nett, papir og mobil, seier han, for det er ei feilslutning at papir­avisa har særeigne kvalitetar. Men det viktigaste er at dei har klart å bryta ned «siloer og skiller mellom ulike fagavdelinger, mellom produksjon og distribusjon og mellom redaksjonell og kommersiell side».

Andre har drive utviklinga fleire hakk vidare og på fordekt vis bygt ned skiljet mellom annonsar og redaksjonell tekst under merkelappen «content marketing». Slik går avisverda vidare.

BYRÅSJEFEN fekk sagt grundig frå førre veke, men han har eit tillegg, for Wenn jemand eine Reise tut, so kann er was erzählen.

Her om dagen var han på statleg tenestereise, og som vanleg kosta han på seg billett på Komfort for å få arbeidsro, med kaffi og aviser på kjøpet. Men det var ikkje ordentlege papiraviser der lenger! Tapet er vel tenkt kompensert med straumuttak for diverse duppedittar og nettverk som verkar av og til utanfor tunellar. Kaffien var heller ikkje betre hos Go Ahead enn på statsbanane då vala var færre og bladlivet enklare.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det spørst om boktrykkar Aslaksen eller folkefiendane får siste ord.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis