Sideblikk

Politisk kaos og rot er normalen

Etter strategiske manøvreringar på raudgrøn side blir det nok ei Støre-regjering.

Partileiar Jonas Gahr Støre då han snakka om den politiske situasjonen på landsstyremøtet til Arbeidarpartiet i Folkets Hus i Oslo i fjor haust.
Partileiar Jonas Gahr Støre då han snakka om den politiske situasjonen på landsstyremøtet til Arbeidarpartiet i Folkets Hus i Oslo i fjor haust.
Publisert

Høyr kor det stormar der ute, her er det fredfullt og tyst. Vekselvis dreier det seg om «borgarleg kaos» og raudgrønt rot.

For tida vil Solberg ha det til at regjeringa hennar er det kjende og stabile. Faktum er ei svak mindretalsregjering på det fristilte Framstegspartiets nåde, og dei vil ikkje garantera for ei regjering dei ikkje er med i. Dei vil slett ikkje regjera saman med dei små tullepartia, og det er gjensidig. Om «borgarleg» side skulle behalda fleirtalet etter valet i haust, er det heilt uvisst kva slags mindretalsregjering som vil vakla vidare: Høgre og dei to minipartia, Høgre og Framstegspartiet, eller Høgre aleine.

DEN ANDRE DELEN av den politiske regnbogen har forplikta seg til å kvitta seg med Solberg-regjeringa. Utover det er mykje i flyt, og spora frå dei ulike samarbeidskonstruksjonane i Solberg-regjeringa skremmer. Slik er posisjonane:

Arbeidarpartiet vil i regjering med Senterpartiet og SV, men ikkje med MDG og Raudt. Dei vil heller ikkje ha ein bindande avtale med det raudaste og det grønaste partiet.

SV vil også gjenoppliva den raudgrøne regjeringa, men trekka med seg MDG og Raudt – om ikkje i regjering, så som faste avtalepartnarar.

Senterpartiet vil i regjering med Arbeidarpartiet igjen, men utan SV.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement