Sideblikk
Persarkrigane i nye generasjonar
Paradoksalt nok kan den uføreseielege Trump stagga krigshaukane i B-gjengen.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu og den nasjonale tryggleiksrådgjevaren i USA John Bolton på ein pressekonferanse i Jerusalem 23. juni i år.
Foto: Tsafrir Abayov / Reuters / NTB scanpix
Lytt til artikkelen
Spaltisten har sjeldan opplevd «deadline» så påtrengande som akkurat nå. Denne teksten er tenkt ut og skriven tidleg i veka, og har så gått gjennom avispapirteknisk produksjon. Når du les dette, kan president Trump har tvitra både eitt og hitt, og mykje dødeleg kan ha hendt.
Så farleg er verda for tida, så farleg er villmannen i Det kvite huset, og så farlege er dei mørke skyene over kruttønna i Midtausten. Me kan vera på veg inn i nye og langvarige persarkrigar. Krigane mellom den zoroastriske stormakta Persia og dei greske bystatane har prega forteljinga om vår vestlege historie og kultur i 2500 år. Det er 1000 år før Muhammed fann opp islam, og 2000 år før kristne og siviliserte europearar fann sjøvegen til Vestindia og det som i det siste knappe hundreåret har vore supermakta Amerikas sameinte statar.
DET ER IKKJE LETT å vita kva det teokratiske og kaotiske styresettet i den islamske republikken Iran kan finna på når dei blir pressa heilt inn i alle sanksjonshjørne. Sjølv om mange iranarar drøymer om Amerika og har eit syskenbån i USA, er det offisielle Amerika-hatet like glødande som under revolusjonen i ayatolla Khomeinis tid.
Mot seg har dei ein vond akse av Bin, Bibi og Bolt: den mordariske kronprins Mohammad bin Salman i Saudi-Arabia, den korrupte statsminister Benjamin Netanyahu i Israel og den krigerske John Bolton som er den nasjonale tryggleiksrådgjevaren i USA. Denne trugande B-gjengen er truande til kva som helst – etter bombemottoet «Nuke them!». Israel har atomvåpen, med god hjelp av innsmugla tungvatn frå Noreg, og dei er klare til å bruka dei mot Iran etter at USA har trekt seg ut av atomavtalen.
DET ER SKREMMANDE å vita at kasuset Donald Trump er øvstkommanderande for dette krigsteatret. Han er sjefen for nasjonalsjåvinistisk aleinegang med forakt for internasjonale køyrereglar og diplomatiske kanalar; han kjem med drakoniske trugsmål og straffetiltak mot uvenner; han hyllar lojale bandittregime; han pressar allierte og venner for å tvinga dei til rævadilting.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.