Sideblikk
Passande retrettjobb for Stoltenberg
Etter Peer Gynt har få heimvende landsmenn vore seg sjølv etter å ha gjort det godt utanlands.
Jens Stoltenberg synte Donald Trump vegen framover på Nato-møtet i England i desember 2019. Nå er Trump ute av presidentpalasset, og Stoltenbergs åremål i Nato går mot slutten.
Foto: Peter Nicholls / Reuters / NTB
Kuppforsøk, kallar Byråsjefen lobbyeringa for Jens Stoltenberg som sentralbanksjef og styreleiar for Statens pensjonsfond utland. Nokre har snakka saman, sådd ideen og gjødsla han offentleg, slik at han kan mognast, og stillinga haustast inn.
Byråsjefen nektar ikkje for at kandidaten er ein gild og dugande mann. Han har embetseksamen i sosialøkonomi og norsk rekord i permisjon frå Statistisk sentralbyrå, etter at Thorbjørn Berntsen fanga han inn som miljøstatssekretær før han hadde kome i gang med den deriverte forskinga.
DEN REVIDERTE utlysingsteksten er skreddarsydd for Stoltenberg. Han har leiarerfaring og har forvalta nasjonens kapital. Han er sekretær for generalane i Nato og har vore i Glasgow og grønvaska bombefly. I motsetnad til Nicolai Tangen har han ikkje ein kompliserande kjempeformue og ein kunstsilo som ballast. Han har ikkje krasja med ståmoped, men har nasjonal sportskapital frå tamreinjakt og skigåing i Nordmarka.
Men til liks med Tangen er han ein utflytta son som har gjort det stort i framande land. Dei rette folka meiner han må kallast tilbake for å frelsa folk og land. I vår skulle han vera statsministerkandidat og redda Partiet; nå er det Noregs Bank.
HANDLINGSREGELEN på 4 prosent av oljefondet blei oppfunnen på Stoltenbergs vakt. Han er justert ned til 3 prosent, men Stoltenberg kan ha som mål å senka han til 2 prosent. Det talet har han røynsle med som effektiv pengeinnkrevjar for Trump, og han kan vel bli like lojal mot Vedum som ein formelt uavhengig del av Forvaltninga. Det er ikkje som partifelle, men som lojal sjef for atommaktene i Nato at han kritiserer regjeringa for å villa observera kva 128 FN-land snakkar om når dei snakkar om ein traktat mot kjernevåpen.
DET VAR GRO som fann opp Jonas som sosialdemokrat, men det var Jens som tok han i berekraftig bruk som politikar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.