Sideblikk
Papiravisene i solnedgangstider
Kveldssong for deg og meg og Aftenposten med solid bakgrunn for andres meiningar.
Tanta i Akersgata, Aftenposten, har via omvegar hamna inst hos VG. Tinius Nagell Eriksen har dei flytta fram frå ein løynd plass i bakgata.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
Grunnfjellet for Aftenposten på papir les avisa bakfrå. Me begynner med vêret som blei varsla i går, og blar oss framover gjennom det analoge programoversynet, dødsannonsar, nekrologar og jubilantar. Sjakk, bridge og sudoku er demensførebyggande tilbod, men teikneseriane mista me taket på då redaktør Hansen eigenhendig tok livet av Fantomet. Sporten har me gitt opp, for deadline er så tidleg at oppdaterte fotballtabellar kjem to dagar seinare. Reint fysisk har tanta i Akersgata fått plass som innerst hos gaukungen VG. Forfallet er totalt: Nå slepper dei også til nynorsk.
Kjernelesarane er i ferd med å døy ut, men så lenge Aftenposten har regionalt monopol på dyre dødsannonsar, tener dei godt, og me er trufaste fordi me berre må ha det. Det er lenge sidan papegøyen i Johan Borgens barndomsrike skreik: «Leser De Aftenposten – fy faen!» Det var på den tida dei i kondisjonerte krinsar sa: «Våre dør i Morgenbladet.» Det nye Morgenbladet med grundige avhandlingar har me droppa, for dei hopar seg berre opp ulesne og gir dårleg samvit.
AFTENPOSTEN SLIT med å finna sin digitale plass, men klarer solnedgangen betre enn andre tradisjonsrike aviser på papir. Dei prøver å halda nivået med fallande opplag, færre ressursar og svinnande inntekter etter at eigarane ordna seg slik at annonseinntektene finn vegen til andre lommer i Schibsted-konsernet.
Redaksjonen satsar på få, breie og eigenproduserte saker, som eit heilt nummer om sex i A-magasinet, så detaljert og gjennomillustrert at det ville blitt selt under disk hos Porno-Hagen. Elles er mykje stoff delt med andre Schibsted-aviser, og som avskrivingsbyrå hentar dei stadig meir frå NTB. Oss papirlesarar fornærmar dei dagleg ved å gløyma å omdatera saker som har vore lagde ut på nettet.
Det heiderskrona slagordet var: «Solid bakgrunn for egne meninger.» Nå les eg Andreas Slettholm og Therese Sollien med utbytte, men fleire av dei andre faste kommentatorane har ganske smal og tynn meny. På leiarplass strekker dei seg sjeldan lenger enn til å mana til sinnsro. Etter at den breie og mangfaldige Harald Stanghelle, inngift i Gerhardsen-slekta, slutta som politisk redaktør, er Trine Eilertsen frå Solbergen i ferd med å føra tanta tilbake på linja frå Egil Sundars borgarlege velmaktsdagar.
Etter mykje tvil har dei tilsett ny redaktør for kulturen; dit skal også vandrepokalen Frank Rossavik. Dei skal vegetera på idear frå skraphaugen der Dagbladet skrota og rydda vekk sin historiske arv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.