JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Om å vinna i Statens pengelotteri

Det er marknaden som rår. Det klarer ikkje Støre og Vedum å revidera seg bort frå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å koma seg inn på bustadmarknaden er ikkje berre berre for førstegongskjøparar.

Illustrasjonsfoto: Beate Oma Dahle / NTB

5427
20220513
5427
20220513

hompland@online.no

Revidert nasjonalbudsjett blei lagt fram i går (før denne spalta måtte skrivast) – «revidert» mellom venner og fiendar, RNB for dei akronyme i regjeringsapparat, byrå og forvaltning. Per definisjon er det ei oppdatering av «hovedtallene for norsk økonomi og regjeringens syn på gjennomføringen av den økonomiske politikken».

I tider med stabile rammevilkår og fast styring er RNB berre ei løypemelding med varsel om endringar i globalt økonomisk klima og konjunkturar som fører til skiftande vinddrag her heime. Og som følgje av det: mindre justeringar i statsbudsjettet, tilpassa ytre omstende og indre overraskingar.

I ÅR ER DET ANNLEIS på grunn av krig, pandemi, kompensasjonar, bondeinntekter, lite nedbør og andre forviklingar. Det er pøsa ut milliardar for å motverka hardnakka pest og høge prisar. Nå skal det summerast opp og betalast for. Derfor treng statsbudsjettet meir enn forsiktig saumfaring og ny saldering; det må vera røynleg revidert, for landstad og by.

Tida er forbi for den detalj-selektive og omtrentlege Vedum. Nå må valløfte frå Hurdalssjøen konkretiserast, sorterast og prioriterast, i tillegg til alt det vonde og leie som har kome til sidan og gjort handlingsrommet endå trongare. Statsrådane må revidera salmebøkene sine, der det faste refrenget har vore: «Det må vi komme tilbake til i revidert.» Nå må dei inn i reelle dragkampar med nære venner og potensielt allierte for å få det ombygde statsbudsjettet gjennom i Stortinget.

DET ER FAKTISK tredje gong AS-regjeringa legg fram eit statsbudsjett som i grunnen ikkje er deira eige. Det første hadde dei dårleg tid til å omarbeida etter Solberg og Sanner, salderinga før jul var berre nødvendig flikking, og nå er det så mange unormale utgifter og inntekter at dei ikkje får sett sitt sanne stempel på statsbudsjettet denne gongen heller.

Det er til hausten, 6. oktober, Støre og Vedum skal få klart fram den nye kursen. I mellomtida må regjeringa ri på bølgjene og sigla dit marknadane fører oss, for som ein liten og open økonomi er Noreg ein kork på verdshavet.

BYRÅSJEFEN VAR OPPGLØDD av Einar Førdes klassikar: «Det hjelper ikkje å bera havre til ein daud hest», for han liker marknad og børs like lite som katedralar.

Det som skjer der, er motstykket til det rasjonelle og solid funderte som Forvaltninga står for. Men han må jo innsjå at den gamle tråvaren har vakna til liv att på totalisatoren. Til og med Forvaltninga må retta seg etter marknadens krav. Byråsjefen veit det, men han liker det ikkje.

Han hadde også sans for Ted Hanisch. Før han måtte gå av som arbeidsdirektør og starta det private vikarformidlingsfirmaet Personalhuset, sa han: «Arbeidsmarkedet er ikke noe blivende sted.» Det er Byråsjefen samd i: Folk skal ikkje virra rundt på ein prekær marknad; folk skal ha eit trygt arbeid med sikker inntekt.

Det er som med bustadmarknaden: Folk skal ikkje vera på evig jakt på ein uviss marknad; folk skal ha hus å bu i og bygga seg ein heim.

I DESSE SAKENE er hjelpeskrivarane heilt samde og øser seg opp i lag. Dei har størst medynk med unge som bur til leige. Andre er heldige og har ein foreldrebank i ryggen som hjelper dei inn på bustadmarknaden. Då blir dei raskt omsnudde i hovudet og tek til å bry seg om rentesatsar, rentefrådrag og verdistiging frå månad til månad. For den som skal inn på bustadmarknaden, er det best at prisane fell; når ein er der, har ein objektiv interesse av at prisane stig.

Derfor varer skilnaden ved og legg på seg, mellom dei som eig og dei som leiger. Og staten spelar ei viktig rolle i å halda urettvisa ved lag gjennom rentefrådrag og låg eigedomsskatt. Å eiga er som å få bingo og vinna i Statens pengelotteri.

Vertinna grøsser når ho høyrer meklarar snakka om full fest i bustadmarknaden, for det betyr at det blir kjøpt og selt mykje, til stadig høgare prisar og med større forteneste til dei glattaste meklarane. Ho liker det betre når sjeføkonomar ser for seg at bustadmarknaden blir nedkjølt og svekker seg, for då flatar prisveksten ut.

BYRÅSJEFEN MINNER om at ein må merka seg kven som er avsendar av bodskapen. Dei som tener på at bustadprisane stig, har erobra media som ekspertkommentatorar og vev oss inn i sitt verdsbilete av kva som er positivt og negativt.

Aktørane på aksjemarknaden har sitt eige språk: «Markedet er urolig, svakt, nervøst, avventende, volativt. Markedet er resilient, kan riste uroen av seg og finne tilbake til det mer normale.»

Dei får marknaden til å høyrast ut som eit tenkande subjekt med kunnskap og kjensler, mens det faktisk er ein hybrid av saueflokkar og pengeflyttarar i krig mot kvarandre, med spionasje, innsidehandel og andre løynde tenester.

Slik er det med den kabla straummarknaden også. Dette er ei ordveksling mellom Aftenposten og ein sjefanalytikar då prisen i fjor haust var 68 øre per kilowattime:

«– Venter markedet at dette nivået vil fortsette?

– Markedet mener at det vi ser akkurat i dag kanskje er vel høyt, og det venter noe lavere priser utover høsten.»

EIT SAMFUNN SOM lar meklarar føra ordet, og som oppfører seg som om det var ein børs, er eit dårleg samfunn. Ja, det er ikkje noko samfunn i det heile teke, men ein transaksjonsinstitusjon.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Regjeringa må ri på bølgjene, for Noreg er ein kork på verdshavet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis