Olsenbanden og den rike mannen
Sjeldan har så mange mektige fått så mange læringspunkt om så mykje på så kort tid.
Leiar i hovudstyret til Noregs Bank Øystein Olsen og påtroppande leiar for kapitalforvaltninga Nicolai Tangen møter pressa.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
hompland@online.no
Sentralbanksjefen hadde dårleg gangsyn og var sta som ein kamel. Men den rike mannen slapp ikkje gjennom det parlamentariske nålauget før han sette pengane i banken.
Dette er fritt etter Skrifta (Mark 10,25). Det er Jesu kommentar til ei hending austanfor Jordanelva der ein mann kom springande og fall på kne, skrytte av at han hadde levd etter alle boda heile livet, og spurde kva han skulle gjera for å få evig liv. Meisteren fekk han kjær og mælte: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt det du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» Då mannen høyrde dette, fór det som ein skugge over andletet hans, og han gjekk sturen bort, for han var svært rik.
NICOLAI TANGEN kjenner nok denne parabelen, for han var aktiv i det kristelege skulelaget i fødebyen. Sidan har han brukt sitt talent for talentar og blitt umåteleg rik på å ta risiko og flytta pengar dit dei gir stor forteneste og lite skatt. Det er læringspunkt for mange der.
Han gav bort mykje til verdig trengande, men hadde framleis rikeleg att. Han frakta gode venner og nyttige nettverk til draumeseminar med sting. Han donerer dyre målarstykke til dei danna i Kristiansand, og slik har han fått ein flik av evig liv i ein silo. Det er læringspunkt der òg.
Nicolai Tangen er ein forførar. Tidlegare varaordførar frå KrF i Kristiansand seier at han blei tatt på senga av Tangens sjenerøse kunstgåve, så han gløymde at det ville bli dyrt for byen å husa kunsten.
NICOLAI TANGEN er eit ekstraordinært tilfelle. Olsen og hovudstyret i Noregs Bank lét seg forføra av at han ville ta pause frå livsverket sitt i London for å gå i offentleg teneste og gjera Oljefondet til eit finansielt og moralsk fyrtårn i verda.
Tangens støttespelarar medgav at han ikkje kunne forvalta den norske fellesformuen på den spekulative måten som har gjort han styrtrik; han må styra etter eit indeksert gjennomsnitt. Men dei mest ihuga apologetane har sirkulert ein positiv konspirasjonsteori: Bak den finansspekulative hamen er det ein humanitetens filantropiske apostel som vil bruka Oljefondets posisjon til å snu verda i meir rettferdig og grønare lei.
OLSENBANDEN hadde ein plan. Dei sette sin lit til Tangens sinnelag og finurlege konstruksjonar som skulle gje vasstette skott mellom Tangen som privat investor og Tangen som offentleg forvaltar av folkets sparebøsse. Med Arntzen de Besche på alle sider av bordet. Med ein vikarierande keisar skulle styra pengebingen uavhengig av Tangen, med hjelp av advokatbutikken Gabler. Tenk det, Hedda!
Sentralbanksjefen og hans personalpolitiske støttekontakt Karen Helene Ulltveit-Moe tok for lett på gråsonene, før det i juli kom opp nye læringspunkt: Integritet er subjektivt sinnelag og personlege kvalitetar; habilitet er eliminasjon av mogelege mistankar og uheldige konsekvensar i praksis. Det kan vera brotne kar i alle paradis utan gjennomsiktig tilsyn, så det tidlegare supperådet gav Olsen-Tangen juling, og Stortinget tok på seg rolla som naudanker i farens stund.
RETTSSTATEN og den frie sentralbanken stod i fare, meinte finansbransjen og krinsen rundt Civita, men mot sin vilje glei finansministeren inn i ein våg han helst ikkje ville vita fantes.
Då det drog seg til med stadig nye læringspunkt frå time til time sist fredag, måtte Sanner sanna at det var store opningar i handlingsrommet, og at nokon måtte gje seg: Om Olsens reviderte ikkje eliminerte alle praktiske og teoretiske interessekonfliktar, og Tangen ikkje slanka kapitalen nok til å koma gjennom nålauget til gutedraumen, ville han bli pressa til å trekka seg ufrivillig og ta Olsen og kronekursen med i fallet. Arntzen de Besche hadde fått oppdraget med å forhandla fram kompensasjon for krenking og vraking.
TANGEN HADDE nøkkelen og vrei han om, for oljefondhatten ville han ha. Sjølv om det kosta han nokre milliardar, er det rikeleg att til velgjerande føremål etter hans vilje. Han sa det med ein vri på Øverland: «Den største glede du kan ha, er å gi bort ting.»
Tangen synte betre innsikt i det norske systemets politiske og moralske bakrom enn Olsenbanden, som fekk nye lærepunkt i fanget.
Tangen nemnde ikkje Jante og klaga ikkje på smålege politikarar, kranglevorne jussprofessorar og avundsjuke småspararar. Han stura ikkje som den rike mannen hos Markus. Om ingen finn smotthol i avtalen eller lik i skatteparadis, har han levd opp til det omdømmet han vil skapa seg som ein heilstøypt velgjerar som har følgt draumen og ueigennyttig stilt seg til disposisjon for heimlandet og framtidige generasjonar. Nedsida er at han frå neste haust kan bli underlagd finansminister Kaski.
VERTINNA kan ikkje løyna gamal godhug for Vinstre. Etter at Grande abdiserte, har partiet rota meir enn vanleg. Det blei for mykje av frisyrane til den veslevaksne spirrevippen og den oppøste speloppmakaren. Derfor tykkjer Vertinna det er bra at det endar med kloning: ei trottug, traust og trugen trøndersk lærarinne som har flytta til hovudstaden.
RETTINGAR. I sideblikket på 300-årsjubilanten Moss blei Sverre Fehn kreditert for «genius loci». Fehn var fenomenal, men rett skal vera rett: I arkitekturteorien er det Christian Norberg-Schulz som har smidd omgrepet.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Den største glede du kan ha, er å gi bort ting.»
Fleire artiklar
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.
«Moren» utanfor Munchmuseet.
Foto: Heiko Junge / NTB
«Kva slags motiv hadde Emin for å støype ein salbar skulptur i bronse i tre utgåver under konkurransen?»
Hans Rotmo var ein flåkjefta rabulist og provokatør, skriv Audun Skjervøy.
Hans Rotmo (1948–2024)
«Det er eit før og eit etter Vømmøl Spellmannslag.»