Sideblikk
Oljepengar, pund og matteuseffekt
Om ein bygger kapitalforvaltning på bibelsk grunn, har Robin Hood tapt sin rett.
Nicolai Tangen vart presentert som ny dagleg leiar i Norges Bank Investment Management 28. mai i år. Han hadde sin første arbeidsdag der 1. september.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Den gåverike Trond Giske kom seg ikkje inn att gjennom det trønderske nålauget fordi han hadde for mykje i bagasjen. Den gåvmilde og øltørste Nicolai Tangen slanka porteføljen og er på plass i Oljefondet. På ståmoped. Med hjelm. Der skal han «lage prosesser som gjør at resultater er repliserbare over tid».
Den kameleonaktige mannen har trigga dei litterære, bibelkunnige og ateistiske lesarane mine til å eksegera og kontekstualisera likninga om den rike mannen, kamelen og nålauga – og det det kan føra med seg.
I MOSEBØKENE er det mange drøvtogne reglar om kva israelittane kunne eta. Det er forbod mot hare, svin og fjellgrevling. Kamelen er også urein, «for han jortar nok, men har ikkje klauver» (3 Mos 11,4).
Når det i politikken er vanskeleg å sluka kamelar, er det ikkje berre fordi dei er store og puklete. Då den glatte retorikaren Jan P. Syse, far til den etiske filosofen Henrik Syse, skipa regjering med Senterpartiet, kom han seg unna med at slike politiske kunststykke lar seg gjennomføra dersom ein børstar kamelane grundig og sluker dei medhårs.
DET METAFORISKE nålauget for rike menn skal ikkje vera ei synål, men ein byport i Jerusalem som var så trong at kamelar ikkje kunne koma gjennom med mindre dei kraup på kne med tomme puklar etter at all lasta var tatt av.
Bibel- og bokstavtru innforbi og rundt Dagen vil ikkje vita av denne tolkinga: Kamelar kan ikkje gå når dei kneler, og det finst ikkje spor av nokon slik byport i det gamle Jerusalem på Jesu tid. Dei fornektar også den språkhistoriske lesemåten som vil ha det til at det er tale om ei forveksling av to ord på gammalgresk: «kamel» («k‡meelon») og «grovt tau» eller «kabel» («k‡milon»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.