JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Og her kjem Sideblikk-juryens dom

Valkamp er ein saus av sentrale og perifere saker der uventa innslag gir dramatikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiarane klare for debatt i TV 2-lokala i Media City i Bergen: F.v. Jonas Gahr Støre (Ap), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Kirsti Bergstø (SV), Arild Hermstad (MDG), Marie Sneve Martinussen (R), Olaug Bollestad (Krf), Guri Melby (V), Sylvi Listhaug (Frp) og Erna Solberg (H).

Foto: Tuva Åserud / NTB

5274
20230908
5274
20230908

hompland@online.no

Spaltisten og Hjelpeskrivarane har hatt ei fritalande førvalvake med mykje godt attåt. Der drøfta me stort og smått, hovudaktørar og biroller, overtonar og understemmer, sentrale saker og meir perifere hendingar som har dukka opp av ymse omstende. Me har sortert skit og kanel og lagt stor vekt på skiten. Dette er vinnarar og taparar i valkampen, slik juryen ser det.

ÅRETS JOKER: Noregs Bank-sjefen Ida Wolden Bache. Same kva finansministeren og prissjokkerte politikarar håpar og trur, er det ho som styrer renta.

ÅRETS FENOMEN: inhabilitet. Fire statsrådar har vore ugilde og brent seg på kameraderi, nepotisme og sprengstoff­aksjar, men to er så langt redda av Støres gongong. Finansfrue Huitfeldt har bindingar til den aksjespekulerande ektemannen som ho har felles økonomi med, men skotta skal ha vore så vasstette at ho ikkje var inhabil med forsett eller overlegg, men berre uvitande, umedviten og uforvarande ugild.

ÅRETS BOK: Håndbok for politisk ledelse, utgitt av Statsministerens kontor. Obligatorisk pensum for statsrådar og nærståande, men overflatisk lesen, grovt mistolka og under stadig revisjon.

ÅRETS SKUGGE: Sindre. Han er gift med Erna og finnes som bakkemannskap i Ved Ernas side, som var tittelen på sjølvbiografien som spøkelsesskrivaren Martine Aurdal i Dagbladet skreiv. Han handla aksjar og laga lister over inkompetente arbeidarpartifolk som burde reinskast ut, ikkje direkte bak Ernas rygg, men heller ikkje for hennar augo. Men via vide vegar var det ei hjelp til å få inn kvalifiserte kvinner og folk utanfor Oslo i statlege styre og råd. For som Erna seier: «Sindre er en klok mann, og jeg er grådig glad i han.»

ÅRETS UHELDIGE: Jonas Gahr Støre. Han er ein gild, kunn skapsrik og reflekterande mann som fekk dei økonomiske og internasjonale vindane mot seg. Kvar gong det kan ha sett ut som han var i ferd med å få ei hand på rattet og festa eit slags grep, har det kome nye brottsjøar og inhabile statsrådar. Det blir stusseleg og lokkar ikkje misnøgde veljarar ned frå gjerdet.

ÅRETS REFRENG: Trygve Slagsvold Vedum har reist Noreg rundt og sunge gamle songar om trugande sentralisering. Men «Fugleskremselet» slår ikkje til lenger, for Maskorama er 2021.

ÅRETS REPLIKK: Den eksalterte Olaug Bollestads oppmoding til Vedum: Ta ein kaffikopp med dei som har skoa på.

ÅRETS REPRISE: reversering av robuste revideringar. Nå lovar Høgre re-reversering av alt som er mogleg å få tilbake på tuben. Det er slutt på dei tider då strukturreformer blei tilpassa og førte vidare av neste regjering i den politiske stafetten.

ÅRETS VIKAR: Marie Sneve Martinussen. Ho rykte opp som partileiar etter Brillegate og har stått fram med vett og vidd. Moxnes har stått opp frå dei politisk daude som utan- og forsvarspolitisk talsperson, ikkje for eige forsvar, men mot kampfly til Ukraina.

ÅRETS NYKOMAR: INP. Indu­stri- og Næringspartiet vil ikkje bli kalla eit protest- eller opprørs­parti, men eit «oppgjersparti» som skal ta eit oppgjer med alt som ikkje er bra, og det er mykje, i mange og kryssande retningar. Dei drøymer om makt i vippeposisjon, men for nye og uklart samansette parti endar det gjerne i klager om diktatorisk einevelde, personstrid, fråfall, splitting og oppløysing.

ÅRETS GALLUP: InFact måtte trekka tilbake fleire meiningsmålingar på grunn av dårleg handverk. Men bommane gav så kraftige utslag at det førte til store oppslag, så dei var verde prisen.

ÅRETS ANAKRONISME: kyrkjevalet, der den opne folkekyrkja kliner seg tett til stat og kommune, som ein nisse på lasset.

ÅRETS DEBATT: NRKs Town Hall Meeting i Tromsø. Det var eit velredigert folkemøte med gjennomført dramaturgi, med tilbakelente og uvanleg lite sjølvnytande program­leiarar, og med saklege og emosjonelle utfordringar frå folk flest. Erna og Jonas fekk stå fram som resonnerande, kvikke og empatiske, utan å snakka spørjarane etter munnen. Dette som kontrast til dei oppjaga partileiardebattane på TV 2, der programleiarane ikkje var forsiktig styrande tilskodarar, men kranglete og masete deltakarar.

På underhaldande og opp­lysande vis makta faktisk folkemøtet i Tromsø også å syna skiftande alliansar i lokale saker. Det kan bli spennande rundar etter valet i Fjellvikdal.

ÅRETS HEIDERSPRIS går til veljarar som har vore på vandring og sete på gjerdet før dei klatra ned. Dei blir skulda for å vera «rævediltere» og politisk drivgods som følgjer straumen, men dei kan også rosast for å ta valet på alvor.

JURYEN MINNER OM at det er eit kommuneval me skal ha, men at det ikkje er til å koma forbi at det også er ei folke­røysting om Støre-regjeringa. Mange byter parti og bestemmer seg i siste liten. Høgre har lenge vore fullmobilisert og vel så det, mens halvparten av arbeidarpartiveljarane har desertert eller er demobiliserte.

Etter ei totalvurdering ser det ut som om vinden frå Høgre har spakna, men ikkje kjem til å snu blant skuleungdommen. Og at Arbeidarpartiet kan koma til å setja ein solid rekord: for første gong på hundre år blir dei ikkje størst.

Ha eit godt val.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Olaug Bollestad: Ta ein kaffikopp med dei som har skoa på.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis