Og det var den pandemien. (Tulla!)
Stigande forventningar om rask gjenopning og «normalitet» svekker tilliten til Erna.
Publikum med koronasertifikat fekk stå på tribunane og sjå at Karsten Warholm sette ny verdsrekord i 400 m hekk menn under Bislett Games 2021.
Foto: Fredrik Hagen / NTB
hompland@online.no
Sveriges evige statsminister og folkhemmets farsfigur, Tage Erlander (1901–1985), fann opp de stigande förväntningarnas missnöje. Med det meinte han at når folk flest fekk betre velferd og meir solide plattingar å dansa det sitt personlege liv på, kravde dei endå meir samfunnsinnsats og betre offentleg garantert tryggleik.
Norske sosialdemokratar annekterte tankemåten og begynte å klaga over at folk flest tenkte stadig meir på seg sjølve og svikta solidariteten. Svaret var at «framgangen kommer til å fortsette», men at folk ikkje kunne venta å få alt på ein gong: å få sin rettmessige plass i køen var eit teikn på sivilisasjon og fordeling.
HØGREREGJERINGa har opplevd litt av det same når det gjeld gjenopning av samfunnet. Lenge levde stats- og detaljministeren og helse- og klemmeministeren høgt på tillit til at koronapolitikken var fornuftig og nødvendig. Folk fylkar seg rundt flagget i farlege tider, men liker ikkje sushi på Geilo.
Det har vore meir trøblete å opna enn det var å stramma til og stenga. Gjev du folk ein fri finger, vil dei ha heile handa. Det er meir misnøye med unormaliteten etter kvart som det blir mindre av han.
Når det ikkje lenger er forbode å vera meir enn to eller tre samla, men 20, finn folk det urimeleg at det ikkje er 200 eller 2000. Når det er lov å drikka alkohol til maten på kafé, er det misnøye med at ein ikkje kan drikka til klokka tre. Når fleire slepp karantenehotell, aukar misnøya med at gjennomtesta og kjær familie likevel ikkje får koma på besøk. Då er medietida inne for enkeltlagnader.
Det er eit teikn på at legitimiteten sviktar, når raljeringa skyt fart, som denne: «Det gjøres unntak fra karantenebestemmelsene for kjæresteforhold under ni måneder når paret kan dokumentere at de har gjennomført minst 30 av NRKs anbefalte samleiestillinger i Schengen-området i løpet av 72 timer før ankomst til Riket.»
REGJERINGAS MANTRA er at det må sleppast opp gradvis – etter data og ikkje dato, og nå med delta i tillegg. Prognosane for at «det var den pandemien», er gode, dersom ikkje delta slår frykteleg tilbake og helsevesenet hamnar i åvelta. Tidleg på hausten kan Noreg bli den mest gjennomvaksinerte og flokkimmune flekken på jord fordi prosenten som lar seg vaksinera, er like høg som valresultatet for ein vellykka diktator.
Men det er overmot å tru at me kan vera ei øy i eit globalt pandemihav. Det kan koma tilbakeslag med meir smitte og fleire intensivt innlagde, same om den importerte smitten kjem under kontroll, og same kor gode kommunane er på sporing og isolering.
Skrekken for styresmaktene er at om dei lover to trinn fram mot større fridom, må dei ta eitt tilbake. Det er det vanskeleg å få folk med på når dei har internalisert signala om at det går i rett retning.
REGJERINGA HAR ROTA det til i sluttfasen med stadig skiftande reglar og skeivfordelte unntak, som den forseinka og plutselege stortingsvaksineringa og komedien om den frivillige Janssen-vaksinen. Kvifor slikt hastverk når bodskapen elles er at nå kan det vera like før det verste er over?
Når uvaksinerte har forventningar om at nå må det vera deira tur, blir symbolverknaden ekstra sterk av å stokka om på køen. Det undergrev tilliten til styremaktene og skaper vondarta vaksinesjalusi.
SOMME ER SKEPTISKE til frisleppet. Når munnbind ikkje lenger er påbode eller tilrådd, gir dei faen og tar det på likevel. Mange har fått ein innebygd skrekk som blir sittande lenge i kropp og sinn.
Lenge var me alle nabokjerringar som såg med sosialt kontrollerande ugleblikk på folk utan munnbind. Me poserte som moralske menneske med samfunnsansvar, sjølv om symbolkrafta av munnbinda er større enn antismitteeffekten. Det tar nok si tid før munnbindarane blir heilt borte.
DET ER LITEN GRUNN til å tru at handhelsing og klemming tar seg opp att til det nivået me trudde var norsk standard etter kulturell appropriasjon frå sørlege og innvandra strøk.
Vertinna meiner psykologane tar feil når dei vil ha det til at ein kan døy av einsemd og mangel på kroppskontakt. Sjølv lever ho godt med passe avstand og kan ikkje noko med denne villklemminga som har gripe om seg. Nærleik er ikkje ein djup del av våre kulturelle skikkar og identitet – i motsetnad til svinepølser og alkohol.
Det blir ikkje «normalt» igjen; det blir ein ny normalitet. Og den er for viktig til å overlatast til medisinarane. Truer og skikkar og omgangsformer vil endra seg, ikkje minst i arbeidslivet, der heimekontora får varige følgjer. Til og med Byråsjefen har endra syn og er blitt tilhengar av fleksibilitet, så lenge det ikkje blir ei styrande norm.
BYRÅSJEFEN SER særleg fram til to ting etter pandemien. Det er ikkje småting som har rang fordi det er for første gong, men fordi det er å få att noko som er høgt elska og har vore djupt sakna.
Det første er tribunelivet, gjerne aleine, men saman med alle dei andre. Som innehavar av koronasertifikat fekk han ein forsmak på å koma over den hekken med Warholms verdsrekord på Bislett.
Det andre er å få gå i gravferder og ta avskil med kjenningar og kollegaer på verdig vis, vera saman med andre i sorga og dela varme kjensler og minne om den farne.
Og så vonar Byråsjefen at det blir slutt på dette utidige maset om kohortar.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vertinna lever godt med passe avstand og kan ikkje noko med all denne villklemminga.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.