Sideblikk
Nasjonale og naturlege monopol
Feil over feil seg bygger når Finansdepartementet drikk kaffi og siste statstog har gått.
Det første elektriske toget kom til Finse i snøvêret 7. desember 1964. Toget vart møtt av glade born med flagg, heiter det i biletteksten frå NTB scanpix.
Foto: NTB scanpix
Det er på sin plass å gratulera nasjonen med at den sørgjelege Vy-resten av statsbanane, og ikkje tyskarar eller svenskar, har fått monopol på å køyra tog på den ikoniske Bergensbanen. Men det er jo underleg at i det ugjennomtrengelege edderkoppnettet som gamle NSB er blitt, eig staten eit selskap som må betala staten to milliardar for å gjera den jobben staten har sett dei til å gjera for folk flest.
Sjølv kjem eg til å boikotta toget heim til jul. Eg køyrer heller bil på den stadig betre E39 enn å reisa med Go-Ahead, som lovar dynamisk prispolitikk, kortreist mat og Badcock for tog når køyreleidningen fell ned på Nelaug stasjon. Det blir så mykje søl at Bane Nor treng alle sine ørten godt lønte informasjonssjefar. Ansvarsfråskriving er det fremste resultatet av å prøva å driva jernbane i Noreg som new public management.
***
RETTINGAR. Eg kan ikkje unngå å stramma opp ei tre veker gamal og omtrentleg formulering. Det heitte at ein statsråd som ikkje får gjennomslag i sitt eige departement, må ta ein varmann: «Eg vil, men departementet vil ikkje.»
I politisk folklore er replikken kopla til den fargerike Kolbjørn Varmann (1904–1980), som hadde det med å lova fleire moloar og vegar enn han kunne levera. Han var frå Nordfjord, men prest og skulemann i Tysfjord, stortingsmann frå Nordland, samferdselsminister (1955–1960) i Gerhardsens tid og fylkesmann i Finnmark 1963–1974.
Ein edrueleg kar med klisterminne frå barndommen i sosialdemokratiets indre og urbane kretsar, meiner dette må vera feil, for han høyrde replikken av far sin før Varmann var statsråd. Då var han tillagd landbruksministeren frå 1935 til 1945.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.