JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Når det beste er å passa kjeften

Journalistikk, politikk og forvaltning kan vera gode grannar, men bør la gjerda stå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tostrupkjelleren i juni 1971: Pressemennene Arve Solstad (med ryggen til) og Per Vassbotn frå Dagbladet, og til høgre stortingsmann Einar Førde.

Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

5410
20230519
5410
20230519

hompland@online.no

Pølsefestar, barbesøk og uhøvisk framferd på nachspiel vekker åtgaum. Diskusjon om habilitet og tilhøvet mellom politikarar, fraksjonistar og journalistar fekk ei ny omdreiing etter hurlumheien før Arbeidarpartiets landsmøte, som i pressa enda skuffande med tilløp utan hopp og sprang.

I medielauget meiner samstemte stormeistrar at kontakten med kjeldene må vera porøs. Mange veit mykje som ikkje kan skrivast, om det har kome frå styrte eller ustyrte lekkasjar, sladder i bøttekott eller frå spinndoktorar eller møbelhandlarar.

Å vera på fest er å vera på jobb. Det som blir sagt i uformelle settingar, skal ikkje refererast, men lagrast som informerte bakgrunnsinntrykk og gje grunnlag for pirrande journalistikk og innsiktsfulle analysar frå kommentariatet. Redaktørstyring må til når det skal sorterast mellom hummar og kanari og avgjerast om ein skal trykka skiten eller kanelen.

SPALTISTEN HAR VORE der og lar det ligga her. Men Byråsjefen minner om at det hende dei treftest på Tostrupkjelleren, med nedgang frå Dasslokket. Det var eit vasshòl for journalistar, politikarar, advokatar og folk av ymse slag som ville henga rundt og med. Juryen for Kjendistoppen trekte seg tilbake til det indre og avskjerma rommet, som blei kalla Holland etter ei elitepolitisk gruppering i førparlamentarisk tid.

Det normale lydnivået var høgt, og det var mange stormar i ølglas. Somme fann ein stillare krok for lågmælte og kanskje konspiratoriske samtalar. Men rett som det var, kunne låtten frå den humørfylte Arne Strand slå gjennom – salig vera den.

BYRÅSJEFEN LÅG LENGE ved universitetet og dreiv studentpolitikk, men han fullførte graden og fekk stilling som hjelpeskrivar i departementet. Men han kjende seg heime på Tostrupkjelleren, for der møtte han studiekameratar som hadde hoppa av som halvstuderte røvarar då dei fekk kveldsvakt som vikarar i NTB eller i ei avis.

Den seinare Byråsjefen var hjarteleg til stades og kjende seg mellom likemenn. Han var ein ihuga lyttar mellom brautande journalistar som skrytte av viktige saker dei skulle grava djupt i, dersom dei berre kunne sleppa unna politiradioen, brannbilar, bortkomne kattar og andre daglege trivialitetar. Han prøvde å få inn eit ord av og til, men ingen var interesserte i det han dreiv på med langt inne i den trauste og tause Forvaltninga.

HJELPESKRIVAREN fekk opprykk til konsulent, førstekonsulent, rådgjevar og avdelingsleiar før det opna seg ei dør med Byråsjef på skiltet.

I korridorane i departementet var det ei kjend sak at han kjende mange journalistar og vanka på Tostrup. Det var heller ikkje fritt for at han kunne briska seg i lunsjpausane med kven han hadde treft og kva dei hadde sagt.

Dette blei eit problem i det småparanoide deptet. Dei andre begynte å sjå skeivt på han, for dei var sosialiserte til å vita at dei arbeidde med viktige saker for folk, fedreland og statsråd, og at det var eit vilkår å halda kjeft utanfor departementets veggar. Dei lurte på kor fritalande og lausmunna Byråsjefen var når han møtte freistingar i lystig lag. Var han lojal? Tok han teieplikta på alvor? Etter kvart heldt dei tann for tunge når han var i nærleiken.

BYRÅSJEFEN BLEI eit «tilfelle», og kalla inn på teppet til departementsråden. Då kom det fram at på Tostrup kunne det treffa at han møtte politiske rådgjevarar og statsekretærar – ja, til og med ein statsråd – over øl, portugisisk biff og flensburgar til dessert. Slik omgang, på tvers av linjene, skapte uorden i det byråkratiske hierarkiet og var over grensa for sømeleg framferd. Kontakt med politisk leiing skulle gå tenestevegen. Departementale ytringar i opne og lukka forum måtte ein vera minst ekspedisjonssjef for å koma med, og helst skriftleg gjennom den veksande kommunikasjonsavdelinga.

BYRÅSJEFEN TOK VARSLA på alvor. Han konverterte til det klassiske byråkratiidealet om fagleg verna sakshandsaming med tette skott mellom Forvaltinga og omverda og mellom administrasjon og politikk. Nå skyr han journalistar som den pesten dei er.

Han er på line med regjer­inga, som vil gjera det vanskelegare å få offentleg innsyn. Prinsippet om «meroffentlighet» ut over det som er lovpålagt, er av det vonde.

Han meiner sakshandsaming og avgjerder blir best når det er frie meiningsutvekslingar mellom ulike organ i Forvaltninga. For at dei skal vera opne og utprøvande, må dei vera interne.

Han er mot at alle interne notat skal journalførast. Det fører til press frå gravande journalistar som ville gjera det til æressak å avsløra innhaldet, same kor førebels og trivielt det måtte vera.

Han kan lova at dersom det blir offentleg innsyn i fleire interne dokument og notat, blir det meir munnleg sakshandsaming i løynd i lukka rom. Berre slik kan Forvaltninga gjera sitt gagns arbeid utan avsporingar utanfrå.

HJELPESKRIVARANE VAR som vanleg rykande usamde over ein kongepjolter på grunnlovsdagen, i lys av paragraf 100. Vertinna meiner det er bra at byråkratane blir kikka i korta. For Byråsjefen undergrev rettvisa i spelet. Og dette var hans ord for dagen: Når politikarar og journalistar er i lag og et pølser, må dei aldri gløyma at det er Forvaltninga som har hand om det som er inni pølsene.

Høyringsfristen på regjer­ingas forslag til innstramming er 5. juli.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis