JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Når algoritmane blir grovt krenkte

Meta approprierer digitale og globale kommunikasjonskanalar utan å kjenna landskapet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Storebror ser deg, men å få han i tale er ikkje lett.

Foto: Dado Rucic / Reuters / NTB

5568
20211112
5568
20211112

hompland@online.no

Eg har fått gult kort frå Facebook, ein del av Zuckerbergs Meta. For hatefulle ytringar og støytande innhald. For å ha brote standardane om hatprat og mobbing. Synda var fanga opp av algoritmar og vurdert av «vårt team». Innlegget blei gjort utilgjengeleg for alle som hadde sett det, likt det, delt det, kommentert, polemisert eller på andre måtar vore i kontakt med dei fordervelege orda.

DEN ANSIKTSLAUSE boka var forsonleg, det skal ho ha: «Vi forstår at alle kan gjøre feil iblant, så vi har ikke begrenset din konto. Men den kan bli ilagt begrensninger eller fjernet hvis du bryter standarden igjen.» Det var høve til å vera usamd og be om ny vurdering, så eg merkte av for at eg meinte dei hadde misforstått intensjon og kontekst.

Eg kan ikkje gje att alle robotsvara ordrett, for dei blei borte etter klagen. Men det var mykje om at på grunn av covid-19 hadde dei liten kapasitet, så dei kunne ikkje gjera ei ny vurdering, og «Since we can’t review your comment again, we can’t change our decision.»

Eg fekk råd om ein annan opsjon: «Du kan muligens få en uavhengig gjennomgang av denne avgjørelsen hvis du anker til Tilsynsrådet. Tilsynsrådet er ikke en del av Facebook. Rådet går gjennom et lite antall van­skelige avgjørelser for å bidra til å fastsette hva som er og ikke er tillatt på Facebook i fremtiden. Du har frist til 21. november.» Det er vel i det Tilsynsrådet Helle Gucci Thorning-Schmith sit, så eg trur eg står over prosessen.

KVA VAR DET SOM måtte fjernast som hatprat?

Ein vyrdeleg kjenning skreiv eit sakleg drøftande blogginnlegg og ville diskutera kulturell appropriasjon etter at temaet hadde eksplodert i SoMe, Debatten og Dagsnytt 18 rundt halloween. Han illustrerte det med eit sjølvtatt bilde av ein melaninrik kar i gapta på urfolksfestivalen Riddu Riddu i opprørsbygda Manndalen.

I ein usæl saus av brennemerkande karakteristikkar, skjellsord og forsøk på å vera sakleg spora det raskt over til hudfarge, rasisme, kolonialisme, urfolkmusikk, indianarkostyme, kimono, samekufte og andre symboltunge plagg og markørar. Eg tykte eg kjende att diverse forløparar til desse kontroversane frå Filmtilsynet i nær kulturell urtid. Derfor spurde eg: «Kva var det den filmen heitte i 2003? Brent neger? Svidd same?»

FOR DEI SOM IKKJE VEIT eller vil minnast, var Svidd neger ein grovkorna og rølpete film som dreiv gjøn med identitetsproblem til alle kantar i nord. I den grad det er råd å gje att noko av det sprikande innhaldet: Ante med afrikanske røter vil finna ein far og vera same, Normann Hætta Bongo Utsi Saus vil vera nordmann med frons urbana, puslingen Peder vil vera attraktiv machomann, Karl vil ha ein son, og alle vil ha Anna, men ho vil ha ein kvit prins.

BERRE FOR Å HA sagt det: Eg er ikkje krenkt av å ha blitt råka av kunstig intelligens og fått gult kort frå Facebook. Snarare tvert imot styrker det mine fordommar mot det Meta-korrekte. Moderatorane og algoritmane er ikkje intelligente, men ter seg som allvitande når dei kansellerer kulturovringar. I Silicon og dei virtuelle dalstrøka innanfor er eit ord eit ord, uansett kva slag ordfylgje det har. Ironifilter finst ikkje.

Dette er eit memento for kva som skjer når dei som herskar over den digitale og globale allmannvegen, opptrer som løynde og falske redaktørar utan å kjenna det språklege og kulturelle landskapet dei opererer i. Og som på kjøpet stel lesarar, annonseinntekter og retningssans frå redaktørstyrte media.

Å APPROPRIERA IDENTITET er noko anna enn å appropriera intellektualitet. Å stela og kommersialisera kulturell opphavsrett er noko anna enn å låna, utveksla og parodiera uttrykksformer. Bunader er både innvendige og utvendige identitetsmarkørar. Det er skilnad på dårleg smak, hat og fornedring. Det var eit lang sprang frå «Voi voi» til «Sámiid ædnan», og opprøret held fram i Guovdageaidnu.

***

RETTINGAR. For meir enn 40 år sidan fekk Spaltisten kraftig motbør då han kalla Bjørnstjerne Bjørnson ei ramlande tomtønne, så han burde vita betre enn å vera omtrentleg i omgang med diktarhovdingen og legga seg ut med bjørn­sonianarar. Det kjem alltid, om ikkje så brått, ein påpasseleg og kjeldetung lesar på banen. Derfor dette:

«Ingen som helst politikk å ha», skreiv Bjørnson (Verdens Gang, 28. november 1896) i striden om eigen norsk utanriksminister. To veker tidlegare hadde han gått inn for å redusera det utanrikse til det reint konsulære.

Då Stortinget drøfta utanriks­ordninga i mars 1906, sa utanriksminister Jørgen Løvland at utanrikspolitikk var å verna fedrelandet frå å bli blanda inn i «konflikter og vanskeligheter», og det «krever en hvileløs påpasselighet og årvåkenhet».

Det var noko anna enn å ikkje ha ein utanrikspolitikk. For det fekk Løvland tyn frå ein uvanleg allianse av Arbeidarpartiet, radikale delar av Venstre og Nordisk Skibsræderforening, for dei ville ikkje ha anna «gesandtskap» enn slike som tok seg av konsulære tenester.

MEIR BJØRNSON, som ein kommentar til bondehovdingslektene i Trøndelag, (og dette har Spaltisten frå historikaren Anders Ole Hauglid). Då Bjørnson var på reise i det nordafjelske i 1869, vitja han By ved Steinkjer og blei synt rundt på garden av Marie Fredrikke og Ole Anton Qvam. Der kunne han tenka seg å slå seg ned for å dikta, proklamerte Bjørnstjerne, men Karoline sa plent nei. Det blei Aulestad i Gausdal.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bunadar er både innvendige og utvendige identitetsmarkørar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis