JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Men kva ville Haakon Lie ha gjort?

DNA har både samtidige og historiske grunnar til å frykta fraksjonar og borgarkrig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tidlegare sekretær i Arbeidarpartiet Haakon Lie under eit intervju i 1967.

Foto: NTB

5719
20230224
5719
20230224

hompland@online.no

Faren for splitting sit djupt i Arbeidarpartiets DNA. Det har å gjera med demografi, demagogi og demokrati, pluss tvillingskapet mellom parti og fagorganisasjonar i arbeidarrørsla.

NEDERVD HISTORISK lærdom er å stå saman for å stå sterkt. Ettersom Arbeidarpartiet er ein historisk, regional, sosioøkonomisk og politisk koalisjon, er det ein vanskeleg balansegang.

Det er ulike måtar å leva med slike spenningar på. Ein kan la hundre blomar bløma om ein er viss på at samhaldskreftene sigrar, at alle har same mål når det kjem til stykket, sjølv om midla kan vera ulike og somme er mindre tolmodige enn andre. Som Halfdan Hegtun frå Raufoss lét Even Brattbakken og naboen Anton vera samde om i eit anna parti med stor fortid: «Vi hører tel i Venstre begge to og står følgelig nokså langt ifrå hinænnen politisk.»

ARBEIDARpartiet har hatt ei anna livline sidan den russiske revolusjonen og partikløyvingane på 1920-talet. Først sigra Martin Tranmæl og fagopposisjonen og la partiet fleire revolusjonære hakk til venstre. Sosialdemokratane braut ut i protest mot Komintern og Moskvatesane. Då dei samla seg igjen, hadde dei Sovjet-lojale brote ut og stifta NKP. For å demonstrera at DNA ikkje hadde gått til høgre, kalla Gerhardsen-ungdommen seg «Venstrekommunistisk ungdomsfylking».

Etter desse kalamitetane gjekk det eit langt tiår før Arbeidarpartiet utvikla ein samlande og berekraftig krisepolitikk og fekk regjeringsmakt i 1935. Sidan sat faren for kommunisme og sekterisme med intern strid og splitting generisk fast i partikroppen.

FRÅ VISITTEN I MOSKVA tok DNA med den leninistiske partimodellen og tilpassa han si eiga praktisering av demokratisk sentralisme. Når Partiet hadde lagt linja etter korrekte prosedyrar, skulle alle venda om og tru på det. Som ein leiande kader, Finn Moe, uttrykte det: «Partiets politikk og representanter skal i alle sammenhenger omtales med begeistring.»

Det galdt å vera på vakt mot ytre fiendar, men også mot interne element som kunne utvikla seg til fraksjonar, bli eit anna sentrum og undergrava Partiets politikk og leiingas autoritet. Då måtte det gripast til ekskludering og andre organisatoriske verkemiddel.

DEN IKONISKE overvakaren av dette regimet var den legendariske og tyranniske Haakon Lie, partisekretær 1947–1969. Den milde Einar Gerhardsen kunna skyta når velfortente tillitsvalde og statsrådar måtte ofrast i eittpartistatens tid. Men Haakon Lie var hardare i klypa og meir ubønhøyrleg i eksekveringa. Han såg konspirasjonar og halvkommunistiske jomfruer i mørket og spøkelse ved høglys dag. Han var eit bål av vilje og hadde sine metodar. Han var karismatisk og beinhard, salvingsfull og fordømmande, og han kunne knekka lus mellom fingrane.

Det kameratslege forholdet mellom Gerhardsen og Lie skar seg til slutt. Men i velmakts­dagane var det eit arbeidsdelt og effektivt fornufts- og tvangsekteskap, for den eine var ein føresetnad for den andre.

KJERSTI STENSENG er ingen Haakon Lie, verken av gemytt eller i politisk og organisatorisk posisjon. Han kunne handla i kraft av styrke i eit parti som hadde, eller hadde von om, reint fleirtal. NKP var ei skabbete kråke, så Partiet var utan truverdige trugsmål frå venstre før den interne utanrikspolitiske opposisjonen av fossegrimar orienterterte seg mot ein tredje veg. Det enda med eksklusjonar og Sosialistisk Folkeparti, som etter EF-striden i 1972 samla fleire utbrytarar og blei SV.

Stenseng har ikkje autoritet til å formana, den organisatoriske verktøykassa er ikkje lenger velfylt, og Partiet har ingen veljarar å mista. Det slit leiinga med å handtera. På den eine sida må dei seia seg glade for at det strøymer medlemmer til partiet gjennom Giske-jarlen sitt forum i Nidaros. På den andre sida fryktar dei at den detroniserte Giske, som grasrotas sjølvbestalta hærførar, bygger opp eit nettverk med alle kjenneteikn på å vera ein organisert fraksjon og eit anna sentrum. Når sentralstyret famlar med vedtektsendringar og vil innføra klarare regler for representasjon frå fotlause lokallag, blir dei skulda for stalinisme og organisatorisk terror.

MED POLITISKE kannestøyparar og drøvtyggarar på lasset heng vanleg frustrerte partifolk utover landet seg på underet i Nidaros og vil skipa sine eigne sosialdemokratiske forum, med Giske som erkebiskop.

Giskes trønderhær har ingen planar om å bryta ut og laga eit alternativt parti. Etter slag på Stiklestad trur dei det er mogleg å omskapa Partiet – med ein førar som er totalt uetande også for andre enn moralpolitiet, men som blir helgenkåra av sine eigne. Det er eit oppsett for borgarkrig.

VENSTRE-sosialemokratar, det vil seia delar av Partiet, kommunistar (hev vore) og den høgspente straumopposisjonen i fagrørsla, angrip regjeringa for manglande styring, regulering og kontroll og for svik i velferdskampen mot ulikskap og fattigdom. Fremst i rekkene står jern og metall ved dei statlege ammunisjonsfabrikkane på Raufoss. Det er for så vidt ein kritikk frå venstre, men mest på vegner av historia.

Mímir Kristjánsson, det post-kommunistiske Raudts velferdstalemakar og sosiale stemmefiskar, har ein slags opphavsrett med den manifeste debattboka Hva ville Gerhardsen gjort? Svaret hans er rimelegvis at det er alt Raudt står for i dag. Men i Nidaros er Giske sosialdemokratiets inste, opphavlege røyst og Gerhardsens fulltrugne tolk.

FOR Å TOLKA undergangs­teikna i Arbeidarpartiet må dei som på anakronistisk vis vil halda seg til det dei meiner Gerhardsen ville ha gjort, ikkje gløyma å spørja seg om kva Haakon Lie ville ha gjort.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis