Sideblikk

Lærar mellom Kommunale Stolar

Lærarstreiken demonstrerte total mangel på tillit. KS er ein hybrid med varige dilemma.

Streikande lærarar framfor Stortinget tidlegare i haust. No vil frustrerte lærarar ha tilbake staten som forhandlingspartnar, for dei har større tillit til regjeringa enn til KS.
Streikande lærarar framfor Stortinget tidlegare i haust. No vil frustrerte lærarar ha tilbake staten som forhandlingspartnar, for dei har større tillit til regjeringa enn til KS.
Publisert

Under tittelen «Idealisten i meg er i ferd med å dø» (Aftenposten 3/10) lét ein Ibsen-kunnig lektor i Osloskolen, han heiter ikkje Elias Rukla, vera å knekka paraplyen. Men det er freistande å storma ut av huset og forlata barna, som Nora i Et dukkehjem. Men han blir, som fru Alving i Gengangere, for å hevda sin rett: «Likevel er det frustrerende å stå i en jobb man elsker, som gir mening, og samtidig merke at politikerne våre tar oss for gitt.»

Det er hardt å vera syngande lerkefugl når KS er utru: «De forstår ikke hvilken hverdag lærerne står i. De forstår ikke hva det krever ikke å ha makt i eget hus, å bli behandlet som en dukke.»

LÆRARAR HAR SYMPATI rundt om i norske kommunar; mange er også aktive i lokalpolitikken. Men det nære hopehavet og tilliten forvitrar høgare oppe i organisasjonsapparatet. For KS er ikkje lærarane ei unik og spesiell gruppe, men ei av 37 i den kommunale porteføljen.

Lærarar har ei inntekt midt på treet. Dei har fallande status og stagnerande lønn, og langtidsutdanna lektorar kjenner seg som taparar. Men samanlikna med grupper innan helse og omsorg og andre kommunale etatar, er dei relativt høglønte. Dei lir av relativ deprivasjon: Dei er misnøgde når dei samanliknar ansvar og kompetanse med profesjonar dei heller vil jamføra seg med. Dei er ikkje ute etter klemmar og vakre ord, men meir pengar.

LÆRARANE STREIKA mot ein arbeidsgjevar dei ikkje har tillit til, in casu dei profesjonelle forhandlarane i KS.

KS kjempa lenge for å koma ut av den vindskeive ordninga der kommunen var skuleeigar og betalte lærarlønna, men der staten hadde hand om tariffen. Då KS fekk overta forhandlingsretten frå 1. mai 2004, i Kristin Clemets tid som kunnskapsminister og Halfdan Skards epoke som KS-leiar, gjekk lærarane til politisk streik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement