Sideblikk
Landskapa som me har inni oss
Indre Agder er skog. Frolandia blei omtykt lokalt då verket sette Froland på kartet nasjonalt.
Ketil Bjørnstad laga eit stort musikkverk, ein suite, til Froland kommune.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Mellomsmå byar held seg gjerne med ein omlandskommune som dei låkar ned på for å dyrka eigen oppskrudde identitet. I Egersund har dei denne herma etter ein som reiser seg opp og ropar ut i kinomørket: Æ dæ nogen frå Bjarkrei her? He me det ikkje gjilt?
I Flekkefjord har dei Gyland, Kristiansand har Vennesla, Tvedestrand har Vegårshei, Tromsø Balsfjord, Ålesund Sæbø, Hamar Løten, Bergen har både inn- og utstrilar.
Arendal har Froland som ei slags molbuaktig bakevje. Det blei grundig stadfesta av Harald Eia og Bård Tufte Johansen i Lille Lørdag med den tafatte Peder frå Frouland og rugla påmmfri på rudebilstasjonen. Froland skal også vera ein av få kommunar i landet som ikkje har hatt rojalt besøk, men kongen har fleire gonger gratulert skiskytaren Marte Olsbu, med det utanbygds tillegget Roeiseland, sjølv om det også finst ei røyselandshei i Froland.
Rådgjevar for KULTUR- og næring Ole Tom Tjuslia meinte det var på tide å skaffa Froland av med dette ry. Han bestilte eit stort musikkverk, ein suite, av Ketil Bjørnstad: Når Sibelius kunne skapa Finlandia, måtte bjørnstadguten kunna fanga Frolandia i ord og tonar.
ETTER MANGE ÅR UTE på den billause Sandøya hadde Bjørnstad røynsle med tog og jernbanestasjonar i skogane i Indre Agder: Nelaug, Vegårshei, Gjerstad. Det skriv han om i romanen Siste tiåret i serien Verden som var min.
Den eksistensielle og metaforiske heimstaddiktaren Tarjei Vesaas skreiv Hjarta høyrer sine heimlandstonar (roman, 1938), og i dikt er snø og granskog heimsleg, der det stig i våre innlandshjarto.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.