Sideblikk
Landet vil vel få ei basert regjering
Støre sit med sterke kort på handa. Ropstad følgde ikkje dogmet om dei to blekkhusa.
Sjølv om Sp-leiaren vende ryggen til Audun Lysbakken og SV i valkampen, opnar han no for regjeringssonderingar saman med Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Når valet er forbi, tar politikken over – politikk som markeringar og manøvrar, tautrekking og kompromiss. For politikk er slett ikkje berre matematikk og statistikk, men også taktikk, pragmatikk og semantikk. I det spelet stiller dogmatiske identitetsparti utanfor totalisatoren, for dei held seg med ultimatum, har ufråvikelege krav og satsar på alt eller ingenting.
Det er ein politisk epoke sidan sentrumspartiet Venstre og Gunnar Garbo ville ha regjering etter formannskapsprinsippet, der alle parti skulle med, kvart etter sin styrke. Nå er det omvendt: Formannskap må vika for by- og fylkesregjeringar.
DET ER HEILT NORMALT at det tar fleire veker å setja saman ei regjering. Det er berre eittpartiregjeringar med reint fleirtal bak seg i Stortinget som kan kladda ferdig statsrådslista på førehand. Men også då kan det ta tid å få politiske fløyer, landsdelar og kjønnsdelar på plass. I tillegg bør kandidatane ettergåast grundig for å sjekka at dei ikkje har fiskefarse eller lik som kan ramla ut av skåpet.
I KOALISJONAR er prosessen meir komplisert. Potensielt samarbeidande regjeringsparti må først kjenna på interne smertepunkt, vurdera styrke og telja mandat. Formelen nå er: SV x 2 = S x 2 = A.
Så tek dei til å snakka saman, to og to, med statsministerkandidaten som ordstyrarar. Om dei finn grunnlag for å gå vidare, blir samtaler døypte om til sonderingar. I neste fase blir det alvor, med forhandlingsdelegasjonar som skal einast om politisk grunnlag, formuleringar og fordeling av statsrådpostar. Om det fell på plass, kjem dei fram til ei plattform med namn etter hotellet der dei forhandla: Lysebu, Sem, Voksenåsen, Soria Moria, Nydalen, Sundvollen, Jeløy radio, Granavollen. For sprikande regjeringar er det rimelegvis ikkje lovande å prøva å koma til semje på Staur gård. Det kan bli Hurdalssjøen denne gongen.
FØRSTE DEADLINE er når Stortinget er samla att, og den avtroppande regjeringa har lagt fram statsbudsjettet 12. oktober. Men det kan gå lengre tid, for her er dato mindre viktig enn dokument. Når det fell på plass, søker og får Solberg og statsrådande hennar avskil i nåde av Majesteten, og den nye regjeringa kjem ut på Slottsplassen. At Jonas Gahr Støre kjem ut i spissen, er det einaste sikre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.