JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Låg valdeltaking gir utanforskap

Det er røystene som tel, men ressursar avgjer kven som røystar, og kva dei røystar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valet er hemmeleg, men det er ingen løyndom at fleire bruker røysteretten på vestkanten enn på austkanten i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

5556
20231006
5556
20231006

hompland@online.no

Tingets hall har opna seg, og statsbudsjettet er lagt fram. Den nasjonale politiske dagsordenen vender tilbake til det ordinære etter å ha vore skipla av aksjespekulasjonar og inhabilitet.

Kommunane er i ferd med å få konstituert seg med valtekniske og programmatiske alliansar. Det er blitt mange breie regnbogekoalisjonar, men som kjent er det berre ein draum at gullskatten finnes der regnbogen endar.

VALDELTAKINGA ER ALLTID lågare ved lokale enn ved nasjonale val, og langtidstendensen er at det går nedover. Unntaka er når høgprofilerte saker og konfliktar fører til ekstra mobilisering fordi noko avgjerande står på spel: Kings Bay og Gerhardsen-regimets fall, EF/EU. Og for nokre parti: abort, landbruksoppgjer, kontantstøtte, bompengar.

Ved stortingsvalet for to år sidan røysta 77,2 prosent, ved kommunevalet i år 62,4 prosent. Det var altså 37,6 prosent som ikkje brukte røysteretten. Del­takinga varierer mellom grupper og valkrinsar: fleire kvinner enn menn røystar, og valdeltakinga aukar med inntekt, utdanning og alder.

Aldersgruppa over 80 er den einaste der talet på røysteføre veks. Sjølv om valdeltakinga totalt fall med 2 prosentpoeng frå førre kommuneval, auka ho med meir enn det mellom dei eldste (64,4 prosent). Lågast valdeltaking var det i aldersgruppa 20–24 år (45,5 prosent).

Det er fLEIRE som BRUKER røysteretten i ressurssterke enn i resurssvake strøk. I Alna bydel i Oslo røysta berre 49,8 prosent, i enkelte valkrinsar var deltakinga nede i 40 prosent. I Vestre Aker røysta 77,6 prosent, i somme valkrinsar over 80 prosent.

Arbeidarpartiet har historisk stått sterkt i innvandrartunge bydelar i aust, Høgre i velsituerte strøk i vest. Røyster tel, men ressursar avgjer kven som røystar, og kva dei røystar.

DEN LÅGE VALDELTAKINGA er til bekymring for fattig og for rik, dersom dei kjærar for politisk tillit i folkestyret. Offentlege kampanjar er rulla ut, utan at det har ført fleire til valurnene. Valgomatar går sin sigersgang og minner om Lottokupongar med fasit. Skulevala blir haussa opp, og det har vore prøveordningar med røysterett for 16-åringar.

Direkte ordførarval var eit anna forsøk på å auka temperaturen og få fleire til å røysta ved kommuneval. I 1999 var 19 kommunar med i ordninga, og talet auka til 50 i 2007. Det var ingen suksess, så eksperimentet blei avskaffa.

Valforskarar trur at det som må til for å få fleire til å røysta, er klarare alternativ og meir polarisering som gir ei kjensle av lagnadstyngde. Nedsida er at det trugar harmonien og det vinnskipelege samarbeidet som er eit gode i kommunestyringa.

BYRÅSJEFEN ER REDD for at den låge og varierande valdeltakinga er eit steg mot varig politisk utanforskap for store veljargrupper. Dei som treng politikken mest, er dei som røystar minst. Dei som røystar mest, er dei som ville klara seg best kvar for seg på marknaden, men som også når lettast fram i dei politiske kanalane. Det er eit demokratisk problem og ein veg mot større ulikskap og sterkare sosial spenning mellom dei som er innanfor, og dei som står utanfor.

***

RETTINGAR. Det er alltid for seint å retta opp tyrkkleif, men Spaltisten fekk ein ekstrasjanse då Inga Strümke stilte opp i Nytt på nytt. For nokre veker sidan blei ho i denne spalta omtala med feil fornamn: Karin Strümke er ein tysk modell og skodespelar med småroller i filmar som The Reader, og The Counterfeiters.

Inga Strümke er fødd i Gummersbach i Tyskland, flytta til Narvik som barn og har sine akademiske gradar frå Bergen og Trondheim. Ho er KI-ekspert og har skrive den formidlingsprisa bestseljaren Maskiner som tenker. Algoritmenes hemmeligheter og veien til kunstig intelligens.

I Nytt på nytt, som er ein arena for grov og relativt intelligent humor, bidrog Strümke med dårlege ordspel. Det var kanskje eit utslag av kunstig intelligens.

DET HAR FALLE i Spaltistens lodd å fylgja med på leiarane i Aftenposten. Til vanleg er dei veltempererte, pompøse og inkjeseiande meiningar i hovudstraumen, ispedd betrevitande, refsande og elitistiske råd til politiske leiarar her heime og verda rundt. Men av og til dukkar det opp noko uventa, som då det tradisjonsrike Høgreorganet og tanta i Akersgata oppmoda om å røysta Venstre ved kommunevalet i Oslo.

BEKLAGER, NORD-NORGE heitte det førre laurdag i ein raljerande leiar om jarnveg til Tromsø, krydra med andre lagnadstunge hendingar: at puben The Scotsman, den nordnorske ambassaden i Oslo, skal leggast ned, og at den nordlysande redaktøren Skjalg Fjellheim har meldt overgang til helsefienden i Bodø. Aftenpotten fann berre éi trøyst: at Faris Pemi Moumbagna frå Kamerun scora med eit fenomenalt brassespark for Glimt mot Vålerengen.

Stormen frå nord blei så hard at Kjetil Bragli Alstadheim måtte gå kanossagang i mange kanalar og skriva ein oppfølgjar i eiga avis for å forklara sleivsparket og finna «læringspunkt». Ettersom Aftenposten hadde sagt nei til Nord-Noregbanen mange gonger før, måtte dei ty dei til «en litt lettere tone» for å unngå repetisjon.

SPALTISTEN HAR SYMPATI med den politiske redaktøren i jakta på fornying, innovasjon og variasjon. Men når ein stadig vekslar sjanger mellom autoritative leiarar, meiningsberande kommentarar og lausare skisser, og i tillegg skal halda styr på «Under streken» til kvardags og «Sagt i uken» på laurdagar, kan det gå i ball og enda med at ein kåserande pøti blir opphøgd til leiarplass.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis