Sideblikk
Kven er alle dei nye Høgre-folka?
Erna sit stille i båten og rir på ei Høgrebølgje. Dei har rulla over landet før, og lagt seg.
Høgreleiar Erna Solberg feira oppturen med ein turné i fjor sommar.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Francis Sejersted (1936–2015) var ein verdikonservativ og danna høgremann, med Minervas ugle på aksla. Han var av juridisk embetsmannslekt, men sjølv var han professor i økonomisk historie. Nobelkomiteen og Fritt Ord var to av hans arenaer. Rettsstat og ytringsfridom var ideologiske grunnmurar. Han tolka norsk historie etter 1814 som «demokratisk kapitalisme». Fordi Noreg mangla eit sterkt industriborgarskap, spelte Staten rolla som «kompensatorisk borgerskap» i den norske idyllen.
Sejersted var også Høgres historikar (tredje bind: Opposisjon og posisjon 1945–1981). Forteljinga munna ut i høgrebølgja som løfta Kåre Willoch opp til statsminister. Som ein sleivete og karakteristisk kommentar sa Sir Francis at det at han røysta Høgre, var heilt naturleg, men at alle desse andre gjorde det, var vanskeleg å forstå. For som han også skreiv: «Høyre har alltid fungert som et interesseparti for de bedrestilte i samfunnet.»
DET EVINNELEGE spørsmålet er korfor så mange «vanlege folk» røystar på Høgre. Er dei forførte? Er dei offer for falskt medvit? Skjøner dei ikkje sitt eige beste?
Om dette har Mímir (Kristjánsson) og (Magnus) Marsdal, som tidlegare jakta på Frp-koden, laga ein Manifest-podkast med den trøndske vernepleiaren Andreas, marknadsanalytikaren Dag Inge Fjeld og den franske kultursosiologen Bourdieu som hjelpesmenn.
EIN SLAGS METAFORISK konklusjon er at dei ny-konverterte kler seg i allvêrsjakke – for å vera på den sikre sida. Dei er alt-med-måte-folk: forsiktige, fornuftige, nøkterne, ordentlege, planlagde, skikkelege, anstendige, ansvarlege, ikkje-alternative. Dei er opptatt av helse, sport og kultur, utan å vera fanatiske. Dei ser seg som individualistar, men vil helst vera som folk flest, følgja straumen og ikkje skilja seg for mykje ut. Dei er verken overklasse eller arbeidarklasse; dei kjenner seg heime i ei vidfemnande og godt tilpassa middelklasse.
Dei trur på privat sektor, men kan gjerne jobba i det offentlege. Uansett er dei mot byråkrati og overdriven rapportering, og dei har stor respekt for tiltakslystne folk som vågar å satsa. Dei er allergiske mot slabbedaskar på venstresida som hetsar rikingar som skaper arbeidsplassar og verdiar. Dei trur ikkje at dei sjølve vil bli rike med Høgres skattepolitikk, men det er bra for A/S Noreg at Høgre styrer og forandrar for å bevara. Dei er meir opptekne av menneske enn av milliardar, meir av tradisjonelle verdiar enn av skatt og økonomi. Dei er ikkje freista av Framstegspartiet, for dei styggest ved absolutte haldningar og sterke meiningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.