Krigen mot narkotikabruk er over
Tunge og helseknekte narkomane er ei anna sak enn festbrukarar og utprøvande ungdom.
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og helse- og omsorgsminister Bent Høie presenterte framlegget til rusreform 19. februar i år. Til venstre leiar i Foreningen for human narkotikapolitikk Arild Knutsen og leiar i RIO Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon Kenneth Arctander Johansen.
Foto: Heiko Junge / NTB
hompland@online.no
Eit rusfritt samfunn er draumen om eit tapt paradis. Er det då bra at fleire byter ut alkohol og tobakk med mindre skadelege rusmiddel? Det meiner nokre fagfolk og sporadiske rekreasjonsbrukarar. Legalistar rosar i tillegg hasjens roande og medvitsutvidande kvalitetar.
I ny ruspolitikk er det inga usemje om at tunge narkomane skal overførast frå justis til helse. Striden står om utprøvande ungdom som blir ferska med små kvantum til eige bruk. Skal dei berre bli fråtatt stoffet og elles vera ustraffa, men åtvarast, få melding med heim, påbod om tvangsinformasjon og tilbod om behandling?
BYRÅSJEFEN MEINER at han med bakgrunn i Forvaltninga har eit ryddig syn på denne materien: Sjølv om eit utval har hatt som mandat å greia ut eitt problem og sjå alle sider av det i samanheng, må ein ikkje vera blind for at det i røynda er ulike utfordringar. Tunge og helseskadde narkomane er noko anna enn frisk og uavhengig ungdom og velberga vaksne som rusar seg for moro. Det er så ulike sider av saka at det er to ulike saker. Då må ein tilpassa tiltak og verkemiddel etter ulike tankemåtar, lovar og regelverk.
I EIT TIDLEGARE LIV festa Spaltisten med eit miljø der jointen gjekk rundt. Sjølv om han røykte pipe tolv timar i døgnet, hadde han det som Bill Clinton: I didn’n inhale. Hasj innbakt i gulrotkake var heller ingen suksess, så han blei sittande og skilja seg ut med klosterlikør og raudvin.
Seinare har Spaltisten røynsle som meddommar i tingretten. Der var han med og dømde mange tunge narkomane som var tatt med ein kvarting heroin for n-te gong. Dei hadde som regel også innbrot på synderegisteret, men straffa balla kraftig på seg når dei hadde brote vegtrafikklova og køyrt bil i rusa tilstand utan førarkort.
Høgdepunktet var å vera med og dømma diverse utløparar og medløparar av ein vidt forgreina narkobande til til saman 75 års fengsel. Mange var små fiskar som transportørar, seljarar og brukarar. Men bakom song bakmenn i internasjonalt organiserte nettverk og gjengkriminelle i den beksvarte økonomien. Så lenge alle former for narkotika er forbode, men sterkt etterspurde, er tilbodssida eit kryssingspunkt som bind saman avanserte kriminelle nettverk i ulike bransjar.
Ein ting er å kjempa mot helsemessige og sosialt nedbrytande konsekvensar av narkobruk; noko anna er å slåst mot tung vinningskriminalitet. Det logiske alternativet er å legalisera narkotika, i alle fall cannabis, og føra omsetninga inn i kontrollerte, kvalitetsgaranterte, mengderegulerte og ordna former, i det statlege narkomonopolet.
VERTINNA HAR klare og grunngjevne synspunkt på dette feltet og ser seg som ein høyringsinstans. Ho veit lite om helseknekte med tiggarkopp. Dei tungt avhengige ho har kjent, var tilsynelatande veltilpassa, men overnervøse husmødrer med kronisk verk både her og det. Dei blei fôra med morfin og piller av huslækjaren.
Men når det gjeld ungdom som er i ferd med å hamna på skråplanet, har ho fleire tiårs røynsle. Ho har kjent dei som nabokjerring, som fjern «tante», som ei som har hatt ein liten jobb å tilby i ny og ne. Når ho ser at slike kjekke gutar er i ferd med å falla utanfor, hankar ho dei inn, serverer dei eit par øl og taler ord i alvor til dei.
DEI KAN HA DROPPA UT av skulen og fotballen og musikken og ha vanskar med å få og halda på jobbar. Ho forstår at dei kjenner seg tilsidesette og slit med å koma opp om morgonen, og at dei tar det att i seine kveldar, i fellesskap med andre i same situasjon. Og dei held seg ikkje til røyk, øl, heimebrent og lynol, men også til andre stoff som er komne til bygds. Vertinna liker det ikkje, men ho skjøner at det er ein måte å finna saman på for å tura på sida av det velordna, vellykka og avvisande.
Nokre av gutane kjem frå godt møblerte heimar, og dei klarer som oftast å ta seg inn att. Det er større fare for dei som kjem frå lite og har sviktande bakkemannskap og lite å sjå fram til.
Ho veit av dei som rømte frå det heile. Nokre hadde godt av miljøendringa, fann ein ny kurs i byen og skikka seg vel. Men andre hamna mellom endå låkare vener, gjekk til grunne og kom heim som slakt eller i kiste etter overdose.
NOKRE AV DEI Vertinna har tatt tak i med sine privatpraktiserande intervensjonar, forbannar henne for å bry seg med noko ho ikkje har noko med. Andre har kome tilbake mange år etterpå og takka henne for at ho såg dei, tok dei på alvor og brydde seg om dei.
Det Vertinna er heilt sikker på, er at usikker og sårbar ungdom som leikar med elden, må gripast fatt i før risikoen aukar og brukardosane blir så store at dei må driva med sal og anna snusk for å finansiera eige bruk. Skilnaden mellom avkriminalisering og legalisering tar dei lett på. Å bli kalla inn til frivillig samtaletime med sosionomen eller ein moraliserande kommunefunksjonær er berre til å flira av og mora seg over saman med likesinna: Skulle vi liksom ha bruk for «hjelp»!?
Vertinna ser gjerne at fleire nabokjerringar og andre med tiltru og ein viss lokal autoritet tar eit tak. Men som lærarar av den gamle skulen har ho også sans for riset bak spegelen. Ho har tru på lensmannen og meiner det er alvorleg at det reformerte nærpolitiet er blitt fjernare. Ein skal ikkje kimsa av frykta for flekkar på rullebladet. Og særleg ikkje av trugsmål om prikkar og tap av førarkortet.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alternativet er kvalitetsgaranti, mengderegulering og kontroll i det statlege narkomonopolet.
Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.