Sideblikk

Krig og våpen som vegen til fred

Det er uviktig om Raudt vil senda våpen til Ukraina, men i partiet er det kamp for livet.

Før jul gjekk rundt 50 personar frå LO Oslo og Raudt Oslo i fakkeltog for fred i Ukraina. Det var fredsaktivistar frå Fredsinitiativet 2022 som stod bak arrangementet, som var kraftig omdiskutert.
Før jul gjekk rundt 50 personar frå LO Oslo og Raudt Oslo i fakkeltog for fred i Ukraina. Det var fredsaktivistar frå Fredsinitiativet 2022 som stod bak arrangementet, som var kraftig omdiskutert.
Publisert

Det brutale russiske an­grep­et på Ukraina har fått eit ekko som borgarkrig i Raudt, og sjølvplaginga skal vara heilt til påske. Eg er ingen venn av Raudt, men eg kunne unna den revisjonistiske formann Moxnes eit mindre ope partidemokrati og litt meir leninistisk sentralisme.

DET HAR INGEN REELLE konsekvensar på slagmarka kva Raudt meiner, for ein kompakt politisk majoritet donerer våpen til Ukraina. Det som skjer i og mot Raudt, er ein retorisk spesialoperasjon, ein «stedfortrederkamp» om sinnelag og moral i eit reformert parti som har hatt suksess med å løyna og omskapa den politiske arven.

Motstandarane deira kan vera ærleg skuffa, sjokkerte og moralsk forarga over kva som dukkar opp når det strigla partiet kryssar sine spor frå fortida. Men det er også ein kamp om veljarar som blir trekte til Raudt av den skarpe og venstrepopulistiske kritikken av velferds- og forskjellspolitikk. Det er det partiet har vakse på etter konfirmasjonen, ikkje på at dei framleis har Marx og ordet «kommunisme» litt gøymt i programmet, og at dei vil ut av EU, EØS og Nato, for det har ikkje flyt-veljarar frå Arbeidarpartiet merka seg eller lagt vekt på. Derfor er våpen til Ukraina eit sår å skjera i, særleg for byrådsleiar Raymond Johansen, som må stø seg på Raudt i Oslo.

KVAR FRONTANE GÅR i den interne striden i Raudt, har påkalla mange merkelege kommentarar, som at mot­standarane av våpeneksport er gamle stalinistar som syner sitt sanne ansikt. Dei er nok heller fredsvenner og sinnelagsetikarar som driv kontrafaktiske øvingar og ikkje ser konsekvensane av tilfeldige analysebitar. Dei er ikkje på lag med Pål Steigan, dott no, som har flytta frå Den himmelske freds plass i Beijing til Den raude plassen framfor Kreml i Moskva.

Ein trearbande av historiske urkommunistar med Boye Ullmann, Terje Kollbotn og statsstipendiat emeritus Lars Borgersrud (alias Ottar Strømme) fører vidare den maoistiske AKP(m-l)-lina, som ikkje var særleg fredeleg. Då den store politiske vekkelsen hjemsøkte gymnaslærer Pedersen og vårt land, og Dag Solstad skreiv sin heroiske krigstrilogi, var det kinesiske avskrivingsbyrået i Noreg for væpna revolusjon, proletariatets diktatur og revolusjonære folkekrigar mot imperialismen både der og her. Dei skifta line frå militærnekting til politisk militærteneste for å øva seg til kamp og avsløra CIA og Nato.

Leiande kadrar førebudde seg på å gå under jorda i Valdres når Sovjet-imperialistane starta tredje verdskrig og invaderte Noreg med støtte av det dei kalla «quislingane i SV». Desse hendingane var tentativt tidfesta til ved påsketider i 1975.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement