Sideblikk

Konvensjon og transformasjonar

Moss er døme på det som skapte byar, og på kva dei prøver å bli etter skiten industri.

Røyk frå pipene i industribyen Moss i 1920-åra.
Røyk frå pipene i industribyen Moss i 1920-åra.
Publisert

Moss er ekstremt uheldig med taiminga for det påkosta 300-årsjubileet: først allmenne koronareglar og så ei stadeigen smitte­klynge frå bryllaup i Sarpsborg og raude turar til Sverige. Når ein skal samla masse folk for å prekast, bygga fellesskap og skapa tilhøyrsle, er sosial distansering det siste ein treng. Det blir få høve til helsinga som etter Linda Eides språksjov er eit særkjenne for Moss: Ærruhæranuau?

SÆRPREG blir mangelvare når næringsgrunnlaget endrar seg, og eigedomsutviklarar apar etter kvarandre. Med og utan bybrannar veks stader seg likare over same lest. Det er ikkje lett å finna og halda fast på det Sverre Fehn kalla genius loci eller «stedets ånd». Kvar og kva er det vi høyrer til? Kva er det vi identifiser oss som og med?

Nye Moss kommune har seminarert fram eller kjøpt «kjerneverdiar» av eit kreativt kopi- og konsulentfirma: Likestilling. Inkludering. Mangfald. Berekraft. Det osar av konvensjonell velvilje, gode ønske og von om realitet, men det kallar ikkje på byrgskap og hornmusikk i brystet.

DET ER LETTARE å finna tidlegare enn samtidige og framtidige merkelappar på Moss: trelastbyen, møllebyen, handelsbyen, hamnebyen, brenneri­byen, jernverksbyen, glasbyen, verftsbyen, industribyen, amtmannsbyen, fredsbyen, revybyen, fotballbyen. Sjølv minnest eg den sunne og vonde smaken av Moss Maltextrakt mot treig mage.

For å ta det viktigaste av det lite viktige først: Dei lokale «kællane» vann cupen i 1983 og blei seriemeister i1987 – rett nok med den trønderske godfoten Nils Arne Eggen som trenar. Nå er det pinleg at Sarp er i eliteserien, medan Moss ligg nær nedrykk i andre divisjon, der Fredrikstad og Kvik Halden toppar. Men framleis er det pølser i vaffel på Melløs.

MOSS HAR PRØVD å skapa seg eit ry som fredsby fordi dei norske taparane i den korte krigen med Sverige signerte våpenkvileavtalen i administrasjonsbygningen på Moss jernverk 14. august 1814. Han ber nå namnet Konventionsgaarden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement