Sideblikk
Kompromiss som farleg trugsmål
Eit politisk sentrum som balanserande midtpunkt er knust av todelingas tyngdekraft.
MDG har valt side: Partiet vil samarbeide med SV og Ap, men halde Sp utanfor.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Miljøpartiet Dei Grøne har valt side: til venstre, utan det grå og fossile Senterpartiet. For å bli kvitt Solberg-regjeringa, som styrer på det olje- og asfaltsvarte Framstegspartiets nåde, ofrar dei draumen om eit ope handlingsrom der dei kan forhandla fritt i ulike retningar for å få mest mogleg ut av det dersom dei skulle koma i vippeposisjon.
Partisjela skal likevel framleis vera blokkuavhengig så lenge det ikkje finst ei styringsdyktig grøn draumeblokk med SV og Venstre. Men ved neste val vil dei sentrale i partiet setta det å vera blokkuavhengig på pause; dei har peika ut sengekameratar og vil ha seg med Arbeidarpartiet og SV. Det er ikkje overraskande, for dei har hatt rimeleg fast følgje, sjølv om Jonas vil halda dei på sømeleg avstand i dagslys. MDG vil heller ikkje gifta seg med partnarane, men vera fri til å ta møydommen tilbake.
DETTE ER IKKJE enkelt, for dei grøne har sett seg som eit parti av eit anna slag enn dei breie og pragmatiske kompromissmaskinane. Deira raison d’etre er å samla reine og ranke idealistar med absolutte prioriteringar i kampen for det gode og eine nødvendige.
Med ei slik truvedkjenning er det vanskeleg å halda oppe gløden når den politiske kvardagen er kompromiss og breie, grå forlik. Det er ikkje lett å vera stornøgd med at så mykje hadde me, så mykje gav me bort, og så lite fekk me att. Det er ikkje langsiktig berekraft i å trøysta seg med at det hadde vore endå verre utan oss. Engasjerte folk med fundamentale og absolutte verdiar er ikkje laga for vipping og vingling. Alle kompromiss har ein smak av nederlag.
Enklare blir det ikkje av intern usemje om kvar ein vil og kva som kan ofrast. Tvers gjennom dei grøne er det ei aukande kløft mellom klassiske naturvernarar og urban klimaungdom som er for EU, vindturbinar og atomkraft.
BYRÅSJEFEN MINNER om at å vera vekkerop i fri stilling er ein draum som har enda i interne mareritt, mellom møllesteinar og i dødsskuggens dal for mange parti som har satsa på det. Det uner han ingen partileiar. For tida er eit politisk sentrum som balanserande midtpunkt i det minste skindaudt av todelingas tyngdekraft – same kor små dei politiske forskjellane er her i landet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.