Sideblikk
Kohortar i språkleg sigersgang
Generasjonar er alltid nye fordi dei har ulike erfaringar som set seg fast i kropp og sinn.
Helseminister Gudmund Hernes presenterer helsereforma på APs landsstyremøte 1996.
Foto: Gunnar Lier / NTB scanpix
Kohortar har erobra norske barnehagar. Det begynte med at pedagogar skulle laga «veiledere» og trong eit ord for stabile og avgrensa smågrupper som ungane skal halda seg i for å redusera smittefaren i koronatider.
Så blei ordet lys og tok bustad i Helsedirektoratet. Då direktøren og fungassen fekk spørsmål om koronaen frå lesarane i Aftenposten 12. mai, svarte dei: «På skolen er det et stort poeng å holde seg til kohorten sin.» Men dei opna for at barn med nære koronavenner i andre kohortar kunne leika saman i fritida – på ein meters avstand.
Engstelege foreldre lurte på kva slags eksperiment barna deira skulle vera med på. Somme vende seg til ekspertisen, men Språkrådet kunne ikkje hjelpa dei. Det næraste var at ein konsulent hadde lese teikneserien Asterix og mintest at romerske soldatar i kohortar kringsette den tapre gallarlandsbyen. Og slikt tykte Språkrådet var krigersk å ty til i barnehagane.
Det var feltherren Gaius Marius som innførte kohort i den romerske hærskipnaden. Han samla tre maniplar til ein kohort på 600 mann, og det var ti av dei i ein legion. Men kohort var i førstninga ein tropp med soldatar som kvart forbundsfellefolk måtte stilla til keisarhæren; derfor var dei frå same stad og i same alder, og dei blei vovne tett saman i strid i fleire tiår.
Som eit innskot kan det leggast til at dei tapre gallarane ikkje berre slost mot romarar og vikingar; dei var også i kamp med Coronavirus!
Fake news, fleip eller fakta? Sjekk album nummer 37, på norsk i 2017: Italia rundt på tvers. Albumet er ikkje laga av den etter kvart slitne opphavsmannen Albert Uderzo, men av fornyarane Jean-Yves Ferri (manus) og Didier Conrad (teikningar). Ramma var eit kappløp for vogner gjennom Italia, signa av Cæsar, for å «bevise for hele verden de romerske veiers utsøkte tilstand».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.