Sideblikk
Jonas Gahr Støres magiske kappe
Ørna mellom partia har krasjlanda, og den solbergske parlamentarismen er ultimativ.
Adelsmerket til Jonas Gahr Støre er å visa seg haldbar i motgang.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
VETLE LID LARSSEN skriv mykje om seg sjølv i boka Hvordan elske en far – og overleve, men han er også innom Jonas Støre, skipsmeklarson med nistepakke frå Ris, klassekamerat på Berg gymnas og ein alliert i krinsen av unge geni i Morgenbladet som representerte «det beste i den borgerlige kulturarven».
Larssen skriv: «Han var liberal, internasjonalt orientert, kunnskapsrik, og med en egen letthet og eleganse som jeg straks kjente igjen: Oslo vest. Støre var en intellektuell Toralv Maurstad.»
Høgdepunktet var då Vetle i eit frikvarter i første gym fekk prøva Støres grøne lodenfrakk. Han flaug og svevde, opplevde «tidsånden» og blei forvandla, for det var ei magisk kappe.
DENNE MAGIEN bar Støre med seg som læregut og høgre hand for Gro i regjering og WHO, og som leiar for Raudekrossen. Som utanriksminister var han ein respektert pryd for landet. Då Jens Stoltenberg emigrerte til Nato, gjorde Støre eit rimeleg godt kommuneval for fire år sidan, men han tapte ein spådd siger på målstreken og blei ikkje statsminister. Som stortingspolitikar og partileiar i opposisjon er han på det ordinære og umagiske.
ARBEIDARPARTIETS problem er ikkje Jonas Gahr Støre. Arbeidarpartiets problem er at det ikkje er Jonas Gahr Støre som er problemet. Hadde så vore, kunne dei ha kasta han etter eit valnederlag, eller han kunne gjort det normale: Når tillitsfondet er tomt, går leiaren av og tar ansvar for dei dårlege tidene for Partiet på hans vakt.
Det skjer neppe, for Støres adelsmerke er å visa seg like haldbar i motgang som Solberg var før maskinentreprenør Brodtkorb gjennomførte ekstrem oppussing. Dessutan er reservebenken i DNA for tynn og trønderhæren demobilisert. Nedover i partirekkene blir det mumla stadig høgare om at Støre ikkje er den rette til å ikjøta partiet, at han er for rik, at han kjem luskande etter dei konkurrerande samarbeidspartia, at han har bada i for mange forlik med regjeringa, at han vinglar og kjem med halvkvedne snuoperasjonar om nærpolitireforma, «barnehavene», fylkesbastardane og jarnveg mot nord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.