JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Ja, nå er også eg på veg til hytta

Sushien på Geilo er dobbel tapt ære for stats- og detaljminister Erna Solberg (60).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg vart tatt med munnbindet nede.

Foto: Ints Kalnins / NTB

5772
20210326
5772
20210326

hompland@online.no

Det er ikkje alltid lett å skilja mellom bør og skal. Det er vanskeleg å halda styr på kva som er innforbi regelverk og avstandsgrenser, og det er forvirrande å sortera mellom anbefalingar, råd, reglar, pålegg, rundskriv, forskrift og lov.

Og det er uklart kva det fører med seg dersom ein ikkje klarer det, men umedvite handlar i strid med viljen til helsestyresmaktene. For ikkje å snakka om dersom ein gjer det medvite – eller burde ha visst.

JO FLEIRE DETALJERTE, geo­grafisk differensierte og tidsavgrensa meldingar frå ulike kokkar, jo meir søl. Det blir raskt for mykje når alle instansar skal med og matar ut informasjon med teskei på supplerande, ikkje-koordinerte og konkurrerande heimesider. Stadig fleire tvilstilfelle gir somme dårlig samvit og andre egosentrisk manøvreringsrom.

Det gjeld å skilja mellom grunnleggande varsemd og spesifiserte detaljar. Noko av det mest realistiske som er sagt om dette, er det ufrivillige gullkornet frå ein stressa og pressa helsedirektør med tom verktøykasse: «Ikke vær så opptatt av disse reglene, for de kan endre seg raskt.» Det gir oss eit vindauge for å sleppa å setta oss inn i alle detaljar, men bruka sunn sans og dømmekraft til å tolka og tenka sjølv.

FOR STATSMINISTERen, som også er detaljminister med elefantminne, er dette eit nederlag. Ho har eksellert med meterstokk og gjestetal og sett si ære i å ha fullstendig oversikt og innsikt. Eit av hennar store bidrag var å haussa opp og finansiera naudrespiratorane som ein profesjonell Petter Smart kom opp med, men som ikkje er tatt i bruk her i landet. Nå vil helse- og klemmeminister Bent Høie gje dei bort til utlandet, som også kan lesast u-land, men har ikkje funne nokon som vil ha dei.

Etter 60-årsfeiringa på Geilo kunne stats- og detaljministeren hatt bruk for ein naudrespirator. Ho har beklaga og er lei seg og vonar at alle andre vil passa betre på. Ho brukte akkurat dei orda, for ho ville ikkje ha gjort det om att på same måte.

MASSE STYR er det blitt, men for rettstilstanden i riket er det ikkje viktig at Solberg med mann og gjester og restauratør blir kalla inn til politiavhøyr og får bot fordi dei ikkje hadde nok age for regelverket, for stjerna Erna har alt fått si samfunnsstraff. Signaleffekten vil plaga henne og det kritikkimmune Høgre, statssekretær Egseth som drog frå eit nedstengt Oslo til Nesodden for å drikka jobb­pils, ordføraren i Molde som nå må administrera kaotiske testkøar i nevrosanes by, at ein Solberg på Geilo meir enn nulla ut ein Skjæran i Bodø.

Det er verre at det fører til lågare tillit til styresmaktene og blir ei unnskyldning for å ta lettare på alle påboda, for nokon har større ansvar enn andre for å halda seg til reglane, og det er dei som har laga og konfirmert reglane. Dei slepp ikkje unna med ein kamerat Napoleon frå Animal Farm: «Alle er like, men noen er likere enn andre.»

SPALTISTEN FØLTE SEG litt sjaber for eit par veker sidan. Han har trening i å lytta til kroppens signal og meiner at den som ikkje er litt hypokondrisk i koronaens tid, ikkje kan vera heilt frisk. Uroa sette seg fast, og med R-en i magen var vegen til teststasjon kort. Straks det vesle ubehaget med pinne opp i nasen var der, følte han seg utforbi fare. Placebo skal ein ikkje forakta.

Ein skal tenka seg godt om før ein dreg på hytta, og det har me gjort. Me lar det ikkje vera i solidaritet med dei hyttelause som tar dugnaden for oss i byen, sjølv om dei ikkje kan gå på asfalt-ski med tospannet Harald Heide-Steen og Jon Skolmen frå hotell til hotell. Med helsedirektør Guldvog som moralsk guide kallar me det nødvendig fritidsreise. Me prøver oss også med at me på den måten yter eit bidrag til å redusera trengselen i byen, for smittepresset er høgast der folk bur tettast.

FOR EIN RURALSOSIOLOG er det eit artig poeng at ein grunnfesta leveregel for
fredeleg sameksistens mellom by og land er snudd på hovudet. Normalt heiter det: Ta skikken der du kjem. Nå heiter det at ein skal oppføra seg som om ein var heime. Derfor kjem me frå storbykohortane til å skilja oss ut i påskefjellet, ikkje berre med doble munnbind, men også med sosial distansering, noko som elles blir tolka som manifestering av den urbane elitens ignoranse og arroganse.

Då det var hytteforbod i fjor påske, etablerte privat­-
praktiserande bygdevektarar (stodderkongar) i Sirdal kontrollstasjonar for å stoppa tilstrøymande rogalendingar. Dei kan raskt settast opp att – med same fasilitetar som protestleiren mot vindmølletransportar. Om eg slepp gjennom, lovar eg å halda meg borte frå kristelege skular og smittefarlege bedehus i Lyngdal og dalstrøka innanfor. Men lokal mat frå kompebua i Froland må eg ha.

PÅSKEVETTREGLANE: Lytt til pressekonferansar. Tilpass turen etter helsa og forholda. Meld frå kvar du er, på app. Bruk ditt indre kompass. Spør kjentfolk. Ta trygge vegval. Det er inga skam å snu og legga seg flat. Søk ly og grav deg ned i eiga hytte. Skål med hyttenaboen frå terrasse til terrasse, men kall det ikkje eit arrangement.

Hald deg til påskelam, brød og vin. Ligg unna sushi. Kom i hug at det betyr ulykke å vera 13 til bords, for det kan vera ein Judas mellom dei.

Det er tvilsamt om alle sorger blir sløkte påskemorgon til evig tid. Medan den store vaksineringa er sett på vent, må uvaksinerte og samfunnskritiske lærarar stå i det, og dei utsette i helsevesenet må stadig stå opp att oftare enn kvar tredje dag og ofra seg for å halda smitten under porøs kontroll.

Ha ei god påske og ei stille veke.

Og hold ud.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Ikke vær så opptatt av disse reglene, for de kan endre seg raskt.»

Helsedirektør Bjørn Guldvog

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis