JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Illiberalismens fyrtårn i Europa

Ungarn er ein liten rest av ei stormakt som slit med å finna sin plass mellom aust og vest.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Parlamentsbygningen ruvar ved elva Danube i Budapest.

Foto: Carey J. Williams / Ap / NTB

5772
20221021
5772
20221021

hompland@online.no

Budapest er ikkje aust eller vest. Budapest ligg midt i det sentrale Europa, saman med Wien, Praha og andre staselege byar frå den habsburgske stordomstida. Det er me som er ein utkant i nord.

Budapest blømde i andre halvdel av 1800-talet, då byen blei likestilt med Wien i det keisarlege og kongelege dobbelmonarkiet Austerrike-Ungarn. Gamle Buda og nye Pest blei slått saman og fekk storslagne bruer over Donau. Alt Wien hadde, skulle Budapest ha: mektige institusjonsbygg, palé, palass og svære bustadhus med blautkakepynt og nupereller. Dei er framleis imponerande, men slitne og grå, for det er altfor mykje å vøla og halda ved like. Høgdepunktet er det utspjåka og monstrøse parlamentet – verdas største i høve til mengda av demokrati.

AUSTERRIKE-UNGARN verna Europa mot osmanske muslimar og herska over store delar av det som seinare blei Jugoslavia, Tsjekkoslovakia og Romania, pluss bitar av Italia, Polen og Ukraina. Alt forsvann etter tapet i første verdskrig. Ungarn mista to tredelar av land og folk. Sidan har dei hatt nostalgiske og nasjonale tankar om ungarsktalande minoritetar i grannelanda, med minne om ungarsk stordom for 600–800 år sidan, nokre hundreår etter at dette folket med finsk-ugrisk språk vandra vestover og slo seg til på pusztaen.

I mellomkrigstida var regima sterkt høgreorienterte og revansjistiske og gjekk inn i andre verdskrig på Tysklands side. Då dei såg kva veg det bar, prøvde dei å trekka seg ut, men blei hardhendt okkuperte av Tyskland, som for alvor gjekk laus på den store, jødiske folkegruppa. Til slutt blei landet «frigjort» av Sovjet og hamna bak jernteppet.

KOMMUNISTPARTIET tok makta, og regimet til Mátyás Rákosi, jødisk frå dagens Serbia, var stalinistisk. Då han fall, gjennomførte den reformistiske Imre Nagy økonomiske, sosiale, politiske og rettslege reformer. Då han også flørta med å melda Ungarn ut av Warszawa-pakta i 1956, slo Sovjetsamveldet til.

Nagy blei avretta, og den Sovjet-lojale János Kádár (fødd 1912 i Rijeka i Kroatia, som då var ungarsk land) sat med partimakta til 1988. Han var svikaren som blei pragmatisk, manøvrerande og varsamt reformerande, men alltid lojal mot Moskva.

Systemet gjekk under namnet «gulasjkommunisme», etter den ungarske nasjonalsuppa, ein slags tyntflytande lapskaus. Kádár styrte etter slagordet «Alle som ikkje er mot oss, er med oss». Daglegliv, akademia og presse var friare enn i andre Sovjet-dominerte land. Turistar og vestleg kapital strøymde til. Eit varig spor er dei amerikanske hotellkjedene som fekk bygga kloss inn i forfalne slott og kyrkjer dersom dei var med og finansierte restaureringa.

Ungarn var det første av landa bak jernteppet som lét flyktningar frå aust koma gjennom piggtråden mot Austerrike, ein forsmak på murens fall. Så kom dei inn i EU og Nato før dei var klare for det, men forinten er ikkje bytt ut med euro.

MI LITTERÆRE NISTE i Ungarn var Leoparden og kjeet av György Rónay (1913–1978). Han høyrde til den nykatolske retninga i ungarsk litteratur, med tidsskriftet Vigilia som heldt seg i live under kommunistregimet. Romanen kom ut dagen etter han døydde, på norsk fire år etter (omsett av Mária Fáskerti, Vita-serien, Gyldendal, 1982).

Boktittelen viser til Jesaja 11,6: «Då skal ulven bu saman med lammet, og leoparden liggja i lag med kjeet.» Det handlar om ordre og tvang, brotsverk og straff, ugjennomtrengeleg overvaking, skuld, sanning og ansvar – ein stad i spennet mellom Dostojevskij og Kafka.

Den juridisk korrekte, men livredde og tilpassingsdyktige dommaren Aurél Stoll blir kalla inn til den allmektige Sjefen i persondyrkingas tid. Han blir pålagd å dra til ein by i provinsen og avseia ein ferdig skriven dødsdom over ein liten kulakk. Det gjer han, sjølv om han veit at den hengde er uskuldig. Det veit også mange andre, og det blir ei evig plage for dommaren då Sjefen fell og nye makthavarar går etter lakeiar for å retta opp nokre av syndene til det gamle regimet.

EIN FLIK AV DET SAME blir den autokratiske statsminister Victor Orbán skulda for: å ta politisk og utøvande kontroll over rettsapparatet. Det liberale demokratiet er truga. EU held han under overvaking og pressar med juridiske og økonomiske middel. Noreg har også hatt omtanke for det ungarske sivilsamfunnet og hatt innvendingar mot bruken av den norske EØS-kontingenten.

Ungarn er den svake lekken i den europeiske lenka mot Russland. Ingen EU- og Nato-land er så avhengige av russisk gass som Ungarn, og det meste kjem i røyr gjennom Ukraina. Dette er Ungarns geopolitiske plassering og energipolitiske klemme. Dessutan har Orbán lenge flørta med Putin, som han deler grunnleggande verdiar med.

For ikkje å få den papistiske og ungarsk gifte Janne Haaland Matlary på nakken skal eg gje att hennar tolking av kva Orbán legg i «illiberalt demokrati»: Det er ikkje å ta fridom og rettar frå folket, men å verna familie, kyrkje og nasjon mot vestleg dekadanse med kjønnsforvirring, sekulær gudløyse og global undergraving av kristne og nasjonale verdiar.

TO OVERRASKANDE observasjonar frå Budapest, hovudstaden i eit demokrati som har hatt og skal ha sterkt autoritære drag, og som har vore under sovjetrussisk hæl:

Aldri har eg sett færre politifolk i gatene i ein storby, og aldri så få vakter ved offentlege bygg. Tonen er vennleg og avslappa. Men så er ikkje det urbane Budapest Viktor Orbáns kjerneland; det er i det rurale han sigrar mest.

Eg såg ingen flyktningar og ikkje eit einaste ukrainsk flagg eller andre teikn til offentleg solidaritet med grannelandet.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ulven skal bu saman med lammet, og leoparden liggja i lag med kjeet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis