Sideblikk
Hytteliv i bygd og by i koronatider
Veggane fell rundt den norske draumen. Folkesjela er truga av inneluft og sjablongar.
Typisk unorsk i desse dagar: byfolk i påskefjellet.
Foto: Geir Olsen / NTB scanpix
Trussamfunn verda over lyder Staten meir enn Gud og avlyser flokkar der fleire enn to eller tre er samla. Dei vågar ikkje å lita på at det stabile geniet i Sambandsstatane er Grundtvigs redningsmann som er oppstanden og gir oss lyset og livet: «Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid.» Det gjer han ikkje sjølv heller lenger.
Det er teologisk og rituelt tøft for kristne kyrkjer å droppa kollektiv fotvask, korsvandringar, påskemesser og nattverd. Å drikka vin og eta kjeks på sosial distanse i isolerte heimar utan felles kommunion, har ikkje same mystiske nytte.
I mittt lille og sekulariserte land tar folk flest dei religiøse sidene av stoda med ro. Det er verre at folkesjelas viktigaste ritual er avlyste: fjell, ski, kvikklunsj og hytteliv. For me held oss til Luthers katekisme og ei omskriving av Pontoppidans tredje trusartikkel: Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, ålmenn hytte, eit samfunn av dei næraste, forlating for syndene, oppstode for kjøtet og æveleg liv. Amen.
DET ER EIT TEIKN i tida at av alle politisk gjennomtenkte eller panikkarta tiltak er det hytteforbodet som har hissa sterkast opp både lek og lærd. Det undergraver familiekjærleiken i koronaens tid; det hindrar oss i å få stressa ned og klara oss sjølve; det er eit trugsmål mot helse og sjelefred.
Det står fram prinsipielle prokuratorar og finjuridiske professorar med heimel til å la vera å skilja mellom smått og stort, skit og kanel. Dei undergrev truverdet sitt når dei trugar smitteverna kommunar med den heilage eigedomsretten, Grunnlova og Strasbourg.
Utkropne hytte-eigarar leiter etter utvegar rundt sjablongforbodet som vrange kommunar har innført og fått signa av regjeringa. Vertinna såg eit lysglimt då fleire hyttefolk tinga nattrom på pensjonatet, men så oppdaga kommuneoverlækjaren det, og då måtte ho stenga heilt. Nå lurer ho på om dei har tenkt å kverrsetja pensjonatet til smitteisolat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.