JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Hovudstaden er eit annleisland

Det blei eit miljøval som slo ulikt ut Noreg rundt og auka avstanden mellom by og land.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
MDG-leiar Une Bastholm omringa av nokre som må snakke saman, etter partileiardebatten på Stortinget valnatta. Frå venstre Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, SV-leiar Audun Lysbakken, Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Naina Helén Jåma / NTB

5561
20210917
5561
20210917

hompland@online.no

Kommentariatet, politiske analytikarar og valforskarar bomma på stemningar og marginar. Dei er miljøskadde og tolka tal og tendensar feil. Diagnosen var at den tikkande klimabomba ville detonera og prega valet – med stor framgang for dei grønaste partia.

Slik gjekk det ikkje. By og land gjekk ikkje hand i hand. Trykkbølgja og ekkoet av den grøne eksplosjonen i dei store byane med kollektivtransport og syklande vegetarianarar var frykt for tap av arbeidsplassar og den velsigna bilen i distrikta. Høgre mista klimaveljarar til Venstre i byane, men i sluttfasen særleg til det sylvifiserte Framstegspartiet, som leita fram oljerelaterte røyster.

GRØNT ER BLITT ein urban farge. Det er Oslo som er annleis, demografisk og verdimessig.

I hovudstaden gjekk dei fire klimapartia av varierande grønfarge sterkt fram og fekk 40 prosent av røystene. Utanfor dei større byane fekk dei berre 15 prosent. MDG fekk to representantar i Oslo og éin i Akershus. På utjamningsmandat fekk Venstre inn ein distriktspsykopat, men om dei hadde fått eit par titusen færre røyster og falle under sperregrensa, hadde det gamle distriktspartiet vore låst fast i Oslo og omland.

KLASSEDIMENSJONEN sette også spor i Oslo. Det mellomlagifiserte Arbeidarpartiet gjekk mest tilbake, og mest i aust der SV og Raudt hadde stor framgang. Det er innvandrartette bydelar som Arbeidarpartiet tidlegare har hatt eit visst grep om, med Jan Bøhler som frontfigur. Etter å ha justert kurs og retorikk det siste halvåret tok det balanserande Arbeidarpartiet seg kraftig inn i distrikta, særleg i nord.

Like fullt står det fast at rifta i landet er blitt djupare mellom by og land, sentrum og periferi, elite og folk flest, med sentralisering og ei utbreidd kjensle av å bli overstyrt. Nett det som har vore Trygve Slagsvold Vedums forteljing.

VERTINNA ANGRA på at ho føre­-
handsrøysta på Senterpartiet. Etter valet tykkjer ho det er greitt at det gjekk som det gjekk. Nå vonar ho at Vedum, som prøvde å stiga over kompetansenivået sitt og ville bli statsminister, ikkje rotar det til for Jonas Gahr Støre. Det er noko statsmannsaktig over han, så Vertinna trur han vil passa mykje betre som statsminister enn som opposisjonsførar. Nå skal han også ha fått plassert Jøtul-arven slik at ingen kan mistenka han for å prøva å vri seg unna formuesskatt.

Vertinna har stor respekt for ein mann som ikkje er i Arbeidarpartiet av arv og miljø, men som er ein framandkulturell innvandrar i arbeidarrørsla. Der har han klart å bli integrert, men utan å overdriva og lata som om han er assimilert. Han har stått fram i tømmerhoggarskjorte à la Haakon Lie, men prøver seg ikkje med «Kamerater!». Han held seg til «Kjære, kjære alle sammen».

PARTILEIARTALANE på valvakene var underlege saker. Dei var sydde over same lest, så ein skulle tru at alle taleskrivarane kom frå same PR-byrå. Dei tok opp att velbrukte argument frå valkampen og lova å stå på for sakene framover. Dei gløymer aldri å rosa og takka dei som har stått på stand, banka på dører, steikt vaflar og delt ut brosjyrar. Særleg partiungdommen, sjølvsagt.

Det mest imponerande er at alle, også taparane, får det til å høyrast ut som om dei har vunne. Sjangeren krev at ein vel samanlikningsgrunnlag med omhug – enten førre eller tidlegare val, meiningsmålingar i vår eller like før valet. Prisen gjekk til Sylvi Listhaug frå Fyrstehuset. Framstegspartiet gjorde sitt dårlegaste val på 28 år, men ho messa om at dei har løfta seg mest under valkampen, særleg på Sunnmøre.

MDG enda til slutt på 3,94 prosent og mangla berre 2000 røyster på å bryta sperregrensa. Det oppskrudde partiet var så ubudd på den uventa uflaksen at partileiar Bastholm ikkje hadde ein reservetale, men prøvde å dansa bort vonbrotet.

ROPSTAD LEIER ikkje eit dansande parti, men han prøvde seg med at KrF har lide mykje vondt og vore nede på 2-talet i meiningsmålingar, så det var ein stor prestasjon av eit redusert, men samla lag, å notera 3,8.

Vertinna minnest svovelpredikanten Ole Hallesbys helvetestale, så ho rykte til i TV-stolen då Ropstad sa: «Viss dykke vaknar opp i måra tidlig...» Der høyrde ho atterklangen av Hallesby: «Hvordan kan du som er uomvendt, hvordan kan du legge deg rolig til å sove om kvelden, du som ikke vet enten du vågner i din seng eller i helvede?»

Svaret fekk ingen, for då gjekk brannalarmen på den vulkaniserte valvaka, og klokkene ringde for Ropstad. Vertinna er ikkje større enn at ho frydar seg over at Kristeleg Folkeparti, dette lesarpartiet som ho aldri har likt, fall under sperregrensa og hamna i dødsskuggens dalar på sørvestlandet.

Høgre gjekk mest tilbake, og partikadrane er krenkte over at folket ikkje lenger ville ha Erna som statsminister. Ho fekk ikkje det ho fortente etter å ha leia landet i smittsame og tunge tider. Sjølv er ho meir nøktern: «Vi visste at vi trengte et mirakel for å bli gjenvalgt etter åtte år, og det fikk vi ikke.» Det hjelpte ikkje med KrF på laget, for dei hadde meir enn nok med å stri mot sin eigen undergang.

BYRÅSJEFEN LIKER ikkje denne fjasinga med valet. Han kjende hornmusikk i brystet då Erna ringde til Jonas og gratulerte med sigeren, og han returnerte med å takka henne for solid innsats for land og folk. Det er eit vakkert uttrykk for ein sivilisert politisk kultur.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I takketalane til dei trufaste på valvakene får også taparane det til å høyrast ut som om dei har vunne.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis