Hoppa langt og lenge etter Wirkola
Det er få hoppbakkar att i landskapet. Den gamle nasjonalsporten er detronisert.
Deltakarar i Guttenes Holmenkollrenn i Bekkelagsbakkene 5. mars 1966. F.v. Runar Thon, Tomter; Kai Willy Jacobsen, Gol; Freddy Vestli, Kongsvinger; Hans Kroglund, Grue; Ole Arthur Stenberg, Grue; Jørn Uno Pedersen, Lyn.
Foto: NTB
hompland@online.no
Bjørn Wirkola frå Alta blei verdsmeister i stor bakke i Oslo 1966 og sigra i hoppveka tre år på rad. Han begynte i kombinert og enda med fotball i Rosenborg. Det er lenge sidan topp og breidde var så allsidig.
Ingen norsk vinteridrett har endra seg så mykje som skihopping: frå snøleik i vogga i Morgedal til ein spesialisert, sentralisert og marginal sport på artistnivå, med importerte hopptrenarar og sponsa med krut frå «nammo». Det er ikkje mange hoppbakkar att i det norske landskapet, og få registrerte hopparar, men dei beste er ekstremt dyktige.
SKIHOPPING var den norske nasjonalsporten til for femti år sidan. Alle norske gutar skulle hoppa. Det krydde av små og store bakkar i by og bygd, også i snøfattige strøk, og det var konkurranse om å ha dei høgaste stillasa. Bakkane var samlingsstad for leik, trening, dugnad og folkefest. Når det var tillyst hopprenn, sat «Ja, vi elsker» laust, med korps og norske flagg.
Bekkelagsrennet, Guttenes Holmenkollrenn i Bekkelagsbakkene, med tusenvis av deltakarar, var eit høgdepunkt. I 1960 datt eit av tårna ned, og mange blei hardt skadde. Det var eit omen som førte til ein rein massakre av morkne og farlege tårn. Nokre år seinare måtte Bekkelagsbakkene vika for ny trasé for E6, og rundt om i landet vaks unnarenna til med krattskog.
LANGRENN DANKA UT hopping som vinterleg barne- og ungdomsaktivitet og konkurransesport. Det blei betre utstyr og scooterkøyrde løyper, men ikkje minst ei regelendring for dei under junioralder: I skule- og klubbskirenn blei det tevling på tid og ikkje i «stillangrenn».
Kongsbergknekken som ideal hadde tapt for den aerodynamiske finnestilen med hendene på rumpa, men alltid med parallelle ski, før svenske Boklöv begynte å skreva, fekk større bereflate og hoppa lengst. Den norske hoppnomenklaturen klarte ikkje å hindra paradigmeskiftet, så hoppbakkane måtte byggast om.
Holmenkollen er framleis ein kostbar turistattraksjon, men dei mest namngjetne hoppbakkane og spektakulære tevlingane har flytta til Mellom-Europa. Der stiller polakkar med flest faner og overdøyver alle andre, også animerte norske vikinghjelmar.
HARALD SVERDRUPS dikt «Skihopp» er tileigna den spynervøse stilhopparen Toralf Engan.
Så endelig satsen,
en eksplosiv lykkelig snert,
en rytmisk forløsning
fra tilløp og alt som har vært.
«90-metersbakken» er Jo Nesbøs draum og skrekkblanda fryd. Entusiasten Kjell Aukrust eksellerte i merkelege påfunn og barndommens galskap i Alvdal. Viggo Sandvik frå Vazelina Bilopphøggers deler den intense gleda ved det som var: «Når je ser en gammel hoppbakke, da blir je rørt.»
Spaltistens litterære hoppbakkefavoritt er «Tårnet» av Agnar Mykle. (Kors på halsen. Historier i utvalg, 1958). Det handlar ikkje om hopping, men om kaldsveitte og dødsangst og «et forunderlig sug som drog ham oppover» i eit spinkelt og vindfullt hopptårn midtsommars. Han klarte å krypa til topps, «men jeg vil aldri komme meg ned. Ikke levende».
I DALSTRØKA INNAFOR kysten Lindesnes–Åna-Sira var det av og til mykje snø i Spaltistens barndom. Då bygde me hoppbakkar på faste stader som Moltemyr, Langemyr og Fredriksjordet. Klarabakken rakk me i langfri, og då kunne den strenge læraren dryga før han bles i fløyta, for han var tilhengar av sunne sjeler i sunne lekamar.
Spaltisten våga seg aldri utfor anna enn leikebakkar med spretthopp og mjuk landing på rumpa. Men han var god til å tråkka unnarenn, vera bakkemannskap og måla lengder. Byråsjefen kjenner seg att, men han var best til å døma stil, rekna ut poengsummar og føra statistikk der han Leiv alltid var best.
VERTINNA HANG også mykje ved hoppbakken i det dunkle lyset frå fire pærer. Det er fæle ting kva slik ein unge vågar, men ho hoppa ikkje. Jentene var der for å følgja dei dristigaste og kjekkaste gutane, dei som hadde tre render under skiene, strekkbukse, strikkegenser i VM-mønster og blå topplue med kvit kant og dusk.
Seinare kom ho til å høyra eit intenst kåseri i folkeakademiet av den gamle storhopparen Thorleif Schjelderup, med lysbilde og filmsnuttar. Han hadde fått 20 i stil i Vikersundbakken og dyrka skihoppets estetikk med det eksistensielle mottoet: «Hold rjåken åpen!»
Hoppmetaforane sat laust, formidla av Bjørge Lillelien og andre radioreporterar: sleppa bommen, sittestillinga i ovarennet, satsa hardt, forlata hoppkanten, pen skiføring eller saks i svevet, jamsis eller telemarksnedslag, ustø i overgangen. Om Ole Tom Nord frå Øyslebø heitte det at han hoppa kort, men runda bakken fint.
MEN NO FLYG Halvor Egner Granerud i Planica, og Vertinna grip fastare om fjernkontrollen.
Granerud vann den tysk-austerrikske hoppveka, han er inga døgnfluge, men held seg stødig i toppen. Han skader ikkje seg sjølv eller andre, han verkar grei og snill, og elles kan han gjera kva han vil, så lenge han vinn. Han er som ein nostalgisk figur frå oldefar Thorbjørn Egners Kardemomme by.
***
FOTNOTE. Dette Sideblikket er inspirert av det folkloristiske og kåserande fenomenet Thor Gotaas. I fleire tiår har han laga fire bøker i året om loffarar og løparar, men flest som kronikør om innseige langrennarar som var først i sporet. I fjor skreiv han heildekkande og rikt illustrert om norske hoppbakkars kulturhistorie. Boka er i klassisk Gotaas-stil med anekdotiske digresjonar og assosiative folkeminne: dristig i satsen, uryddig i svevet, men med sikkert nedslag og publikumsjubel.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.