JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Høgre kan koma til å forskreva seg

Det er mot normalt at protestveljarar strøymer til eit sjølvutnemnt og lågmælt styringsparti.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgre-leiar Erna Solberg på Finansnæringens dag i Oslo tysdag denne veka.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5604
20230331
5604
20230331

hompland@online.no

Då Anders Lange, redaktør av Hundeavisa og med mykje lugubert i den politiske bagasjen, stifta parti på Saga kino 8. april 1973, kalla han det ALP (Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep). Etter eit bittert arveoppgjer overtok Carl I. Hagen eigedomsretten og omskapte ALP til Fremskrittspartiet.

ALP var ein høgrepopulistisk forundringspakke av kranglefantar der nokre merkelege figurar kalla andre bygdetullingar. Då partiet hadde sitt første landsmøte på ein campingplass i Ryfylke, mælte Anders Lange: «Når man setter ut ei fjøslykt i sommernatta, er det mye rart som kommer flyvende.»

DET VILLE VERA feil å samanlikna ALP og Ernas parti, sjølv om dei har eit par fellestrekk for tida: persondyrking av leiaren og rask tilstrøyming av misnøyeveljarar.

Men der ALP nominerte alle som melde seg, har Høgre ein organisasjonskultur med filtreringskanalar. Veljarar på vandring som seier til meiningsmålarar at dei kan tenka seg å røysta Høgre, har eit stykke å gå før dei faktisk gjer det. Det er ikkje lett å halda på gjerdesmettar. Og frå å røysta Høgre til å melda seg inn i partiet og så bli vald til tillitsverv og nominert på partilister, er ein lang prosess.

DET PARADOKSALE er at Høgres framgang kjem av at veljarar, som er misnøgde med regjeringas politikk og mangel på politikk, ikkje går til eit protestparti, men til eit sjølvutnemnt og ganske lågmælt styringsparti med sosialdemokratiske trekk og «forutsigelighet» som motto. I meir «normale» tider ville Framstegspartiet ha hausta inn der Støre og Vedum sår misnøye.

Protestveljarar har ein tendens til å tru at det partiet dei røystar på, vil kjempa for deira hjartesaker: mindre skatt og avgift, billigare bensin, meir trygd, mindre stat, meir privat, færre byråkratar, meir distrikt, større armslag, meir utjamning, betre skule, helse og eldreomsorg, eldreomsorg, eldreomsorg. Mange blir skuffa.

HØGRE HAR ALLTID «fungert som et interesseparti for de bedrestilte i samfunnet», ifølgje partihistorikaren Francis Sejersted.

Som ein rein konsekvens av veksten blir Høgre meir mang­slunge. Nye veljarar må oppleva at dei kjenner seg att i Høgre og Høgre i dei. Partiet må tekkast dei nye veljarane utan å framandgjera dei gamle. Det er ikkje utan politisk risiko.

Når Høgre skal breia seg ut som folkeparti for at gjesteveljarane skal kjenna seg heime, er det ikkje utbyteskatt for rike menneske det står om, men velferdsgode for millionar. Høgre skal framleis vera rikingane sitt parti, men slik at dei ikkje-rike kjenner seg trygge på at det vil drypa på dei òg.

«VI HAR ET STORT potensial i minoritetsbefolkningen», sa Erna Solberg då ho møtte opp på Uranienborg språkkafé. Det gjeld både som arbeidskraft og høgreveljarar. Det forvilla lokalpartiet i Oslo har tatt opp hansken og slått seg på religionssmisking: Dei vil pynta byen under ramadan for at muslimar skal kjenna seg inkluderte.

Vertinna tviler på om den profileringa slår an i klassiske høgrekrinsar, sjølv om partiet stiller med eit tidlegare barneombod som sympatisk ordførarkandidat.

PÅ LANDSMØTET I FJOR åtvara Erna mot å gjera EU-medlemskap til ei fanesak. I årets velregisserte seanse gjekk ho inn for å opna døra, men utan hastverk. Det gjeld å dulta litt i veljarane, men venta på eit stemningsskifte som får folket til å venda om.

Der kan ho koma til å møta seg sjølv i døra, på to måtar: Om ho skal skipa regjering med Frp, må dei, som alle andre alternativ enn Høgre og Arbeidarpartiet i felles front, setja EU-medlemskap på vent. Og dersom Høgre held fram med å veksa og plukka gjerdesmettar frå mange hald, kan dei koma til å få stadig fleire nei-veljarar i eigne rekker.

Den som vil femna alle, kan missa grepet på seg sjølv. Den som vil stå breitt, kan forskreva seg. Den som svevar høgt, har stor fallhøgd.

****

RETTINGAR. I førre Sideblikk var det ei utgreiing om «bandwagon-effekten» som metafor i valforsking. Ettersom Erna står fremst på valvogna, var det naturleg å dra fram eit erkebergensk fenomen: smågutar som henger seg på «buekorps».

Då blei det brann, og Spaltisten fekk dialektiske spark i ræven for å ha tulla med kallenamnet: Dei er verken rævadiltarar, som han skreiv, eller rævdiltere, som det visstnok kan heita i aust og nord. På bergensk er dei rævediltere.

Det er kjekt å ha gode lesarar, men det er sårt å bli korrigert av bergensarar – særleg når dei har rett, sjølvsagt. Eg legg meg flat på Nygårdshøyden og slår fast at det etablerte omgrepet på statsvitarbergensk er rævedilter­effekten.

DAG OG TID har norsk presses beste språkvask og korrektur. Han er ikkje kunstig og automatisk, men intelligent og human, og korrekturlesarane har sin fortente plass i den redaksjonelle kolofonen. Men det hender jo at noko snik seg gjennom nålauget – om det er Spaltisten, korrekturen eller desken som fortener ein på dasken. Som med ordet baksekritet i Sideblikk for to veker sidan.

Det har vore ein liten storm frå lesarkrinsen som lurer på om dette er eit slags urfolksnynorsk, eit nymotens påfunn frå Språkrådet, eller eit mislykka ordspel frå Spaltisten. Til det er å seia at det ikkje er nokon av delane, men ein rein og uforfalska tyrkkleif for baksetet i ei setning om at Senterpartiet alltid vil meina at det «er betre å ha ei hand på rattet enn å sitja i baksetet».

Men kreativitet og språkleg morskap lenge leve: Det kunne ha vore artig å baksa med å vera i krithuset.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis