JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Høgre får stadig styringstillegg

Ap-veljarar flest hadde venta meir handfast krisepolitikk med pålegg om vatn i magasina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erna Solberg tener på at statsminister Jonas Gahr Støre listar seg rundt krisene han har fått i fanget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

5705
20220715
5705
20220715

hompland@online.no

Senterpartiet fekk ikkje nyta kjærleikens ferjereiser lenge, sjølv om ferjene er blitt gratis til øyer i grisgrendte strok, bøndene har fått eit godt oppgjer og Viken er oppløyst. Dei sakene er ikkje i sentrum lenger, og veljarar som kjem lett, forsvinn lett. Lojalitet er ferskvare.

Justisminister Emilie Enger Mehl (frå retroserien Anno og Kompani Lauritzen) seier til Dagens Næringsliv at om ho skulle hatt ein motivasjonsplakat på departementsveggen, ville teksten ha vore: «Det kan alltid bli verre.»

Parlamentarisk nestleiar Geir Pollestad blir, for å skjerma Vedum og Arnstad, stadig utkommandert for å forklara dårlege målingar. Han skuldar på at nødvendige, ansvarlege og krevjande sparetiltak skaper frustrasjon og slitasje hos
veljarane og skuggar for heilskapen og løyner rentedjevelen. Det handlar også om at regjeringa har utfordra mektige interesser og elitar i det norske samfunnet.

DETTE TRUR VERTINNA lite på. Ho høyrde til dei som lét seg lokka av bygdenes samlingsparti – til det var for seint å angra. Ho meiner at Senterpartiet, som elles plar vera eit jordnært parti, fall for eige løftegrep i jakta på flytande protestveljarar.

Vertinna har ei lang fortid som tvilande Venstre-veljar, men dit er det ingen veg tilbake, for Venstre er blitt eit storbyparti som vil inn i EU, ta ein legalisert joint og bruka dei store pengane på bytrafikk og kostbare stasbygg. Det er ikkje ho som har svikta Venstre – det er Venstre som har tatt ein overdose og svikta henne og distrikta. Ho sit ikkje på gjerdet; ho har sett seg godt til rette i sofaen.

ARBEIDARPARTIET HAR stadig sviktande kontroll i personalpolitikken. Trond Giske var erklært politisk død, men han vil ikkje legga seg ned. Som ein annan helgenkonge i Nidaros får han stadig fleire følgjesveinar, som han kjem til å bruka når tida er mogen.

Statsministeren og Terje Aasland bruker mykje energi på å retta peikefingrar mot og gje signal til kraftprodusentane om å spara på vatnet i magasina. Desse «marknadsaktørane» er godt lønte direktørar i offentleg eigde energiføretak som vil styra sine eigne butikkar og tena mest mogleg for samfunnet og store bonusar til seg sjølve.

Byråsjefen trur arbeidarpartiveljarar flest hadde venta seg meir handfaste grep og sterkare styring med direktiv og bindande pålegg. Lite er som ei god krise, men då må ho utnyttast rett. Støres mantra er ikkje nok: «Ansvarlighet innenfor et begrenset handlingsrom». Derfor finn A-veljarar ein ny heim i venstrepartia.

FRAMSTEGSPARTIET ER der Senterpartiet var i Solbergs siste år. Mens Arbeidarpartiet hadde nok å med å avvega ulike omsyn og rydda i eige reir, var Vedum den høgrøysta kritikaren av regjeringas sentraliseringspolitikk. Nå sit Høgre rimeleg stille i båten, mens den inkonsekvente Sylvi Listhaug slepp til i alle kanalar som den konsekvente og leiande opposisjonspolitikaren.

Rett nok alar Høgre stadig opp kvinnelege god-dag-mann-økse­skaft-politikarar. På robust vis vil dei halda fram med å slå saman kommunar, men NB, det skal ikkje skje med pisk og tvang som under Solberg, men med gulrøter og gode nabosamtalar. Og så vil dei la kommunane gje riking-amnesti for ulovleg hyttebygging i strandsona, men NB, først skal det utgreiast på ein god måte. I hovudstaden har Høgre, utan avgift, henta fram ein klassikar frå arvegodset: For å få fart i bustadbygginga skal private eigedomsutviklarar, fleire av dei Høgres største sponsorar, overta det planfaglege arbeidet frå kommunale etatar.

DEN TILBAKELENTE Erna Solberg vil ha oss til tru at ho er statsministerkandidat og veljarmagnet om tre år. Det er eit paradoks at det ikkje-styrande Høgre får styringstillegg i turbulente tider. Veljarane trur det ville ha kome stadig nye støttepakkar og store prosjekt med Solberg ved roret, mens Høgres kritikk av regjeringa er at det blir brukt for mykje oljepengar.

VED KOMMUNEVALET neste år har Høgre som mål å vinna att dei store byane, særleg Oslo, men der er det strid mellom partitoppane om personar og politisk retning.

Fleire hakk verre er det i det stadig mindre Framstegspartiet, som har rotna på rot i hovudstaden. Det hjelpte ikkje at dei «nasjonal-konservative» blei lyste i bann og Ketil Solvik-Olsen sett inn som kommissarisk leiar. Nå har bystyregruppa gått i oppløysing, og det er full krig mellom bytullingane.

Leiaren av programkomiteen vil tala vent om sykkelvegar, dempa innvandringsretorikken og framheva Oslo som ein trygg og god by. Ein tidlegare fylkesleiar meiner partiet då blir ein dårleg kloning av Venstre, Høgre og MDG. Den einslege stortingsmannen, Christian Tybring-Gjedde, er negativ til positiv omtale. Han trur partiet har mista sitt politiske kompass og er i ferd med å gjera seg irrelevant i Oslo, og truleg har han rett.

HOLD UD og ha ein god sommar, sjølv om Dag og Tid tar ein liten ferie. Følg med på Yr.no og unngå vêrsjuke. Eg seier det med den utflytta nordmøringen Jon Østbø: «Den delen av landet der straumprisen er låg og kvar dag er ei påminning om kvifor.»

***

RETTINGAR. For nokre veker sidan rapporterte denne spalta med eldhug frå det islandske landskapet på den midtatlantiske ryggen der dei nordamerikanske og eurasiske kontinentalplatene støyter saman. Kyndige lesarar har korrigert meg: Kontinentalplatene støyter ikkje saman, dei glir frå kvarandre med nokre centimeter i året. Rett skal vera rett, også når det er etterpåklokskap. Den som har vandra på Thingvellir, kan ikkje unngå å ha røynt det.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vertinna sit ikkje på gjerdet; ho har sett seg godt til rette i sofaen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis