Sideblikk

Historiske kraftlinjer står for fall

Frie marknadskrefter herjar med vinterlandet. Eit paradigme hamnar på skraphaugen.

Kraftlinje ved Stovner i Oslo.
Kraftlinje ved Stovner i Oslo.
Publisert

Fagstolte vasskraftingeniørar var nasjonens pryd. Dei gjekk med nikkers i fjellet og rekna vatn, elvar og fallhøgde om til kilowatt. Med seg på tur hadde dei gjerne kraftsosialistiske ordførarar som meinte at vatn som ikkje renn i tunellar og røyr, er ein uting.

Dei dreiv ikkje med forretning, men forsyning. Vatn var ikkje ei simpel vare, men ein varig verdi og eit fellesgode som alle skulle ha del i. Nasjonen skulle byggast med elektrisk kraft til hus og heimar og fabrikkar. Vekst var vegen til velstand, og viktigare enn vern.

Billig straum til kraftslukande industri var eit komparativt fortrinn for det moderne og framgangsrike Noreg. Det gjorde det mogleg å frakta inn råvarer frå den vide verda, smelta dei om og senda ferdige produkt tilbake over verdshava.

Fordi straumen lenge ikkje kunne fraktast over lange avstandar, blei det skapt industri­byar i norske fjordbotnar. Elektrisitet var ei grunnleggande drivkraft som skapte valutainntekter, nasjonal velstand og busetting i distrikta.

KRAFTSYSTEMET var etter kvart temmeleg tilstivna. Kvart fylkeskommunale eller regionale e-verk hadde monopol og forsyningsplikt i sitt distrikt, og derfor, for å vera sikra mot rasjonering i tørrår, måtte dei ha monaleg overkapasitet.

«Statskraftprisen til alminnelig forsyning» blei år om anna fastsett av Stortinget. Straumen skulle ikkje vera så dyr at det plaga vanlege folk, men så kostbar at det var lønsamt å bygga ut meir kraft. I dei lokale kraftselskapa var det folkevalde politikarar som styrte. Me var ikkje kundar, men abonnentar og veljarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement