Sideblikk
Heller solidaritet enn krigsprofitt
Kommentariatet har døypt Vingle-Jonas om til Sinte-Støre. Hårde tider må me døyva.
Statsminister Jonas Gahr Støre under partileiardebatten i Arendal i førre veke.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Det blæs alltid på toppane. Populariteten kjem, og populariteten går. Statsminister Jonas Gahr Støre er meir håna enn hylla for å tenka seg for mykje om og vera den unnvikande Vingle-Jonas.
Motvinden har kome i kast frå alle kantar, med personleg og politisk kritikk, på land, til havs og i Nidaros, der Giske samlar motkraft og sosialdemokratiske troppar til motangrep. Oppslutninga om Støre og partiet er i fritt fall; fyllingsgraden er under 20 prosent. Veljarutveksling med gjerdet og parti til høgre og venstre går berre ein veg, og då heiter det eksport. Utanlandskablinga utgjer nok meir enn 10 prosent av Arbeidarpartiets tilbakegang.
MEN NÅ MEINER eit samrøystes kommentariat at Støre har stått opp att som ein annan Lasarus. Han blei kåra til suveren vinnar av partileiardebatten om straumstoda. Den indignerte og polemiske Sinte-Støre synte temperament, bytta posisjon frå passiv og reaktiv til proaktiv, sette straumskapet på plass og markerte regjeringa sitt revir.
Både kommentariatet og folk flest liker klar tale, uansett innhald. Politisk redaktør Skartveit i VG tenker seg inn i Støres hovud: «Når du får kjeft uansett hva du gjør, kan du like godt stå fast på det du mener er rett – selv om det er upopulært.»
STØRE SA KNAPT NOKO nytt og meir inngripande enn før. Han sa det same, men med meir snert, meir avklart og betre forklart. Makta gjorde krav på å eigne fakta om krafta.
Grunnlasta er at marknaden har tent oss godt, at makspris er farleg, at sokkelen skal elektrifiserast for å pynta på klimarekneskapen, at naturkreftene og Putin har skulda, og at me må betala høge prisar og senda straum i solidaritet med Vest-Europa og Ukraina. Støttehjulet Erna Solberg spinn ein parallell og ser straumeksport i krisetider som gjenyting til EU og takk til broderfolket for koronavaksine. Det er rett før kabelkameratane seier «dugnad», om ikkje ordet var sett i karantene etter pesten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.