Sideblikk

Heimbygdturist mellom vindmøller

Å ha koronaferie i eige land passar for nyfikne, nostalgikarar og spesielt interesserte.

Rett som det er, dukkar det opp vindmøller i synsranda, og fleire skal det bli her i buheiene. Som heimbygdturist passar eg meg og ligg lågt i dette terrenget.
Rett som det er, dukkar det opp vindmøller i synsranda, og fleire skal det bli her i buheiene. Som heimbygdturist passar eg meg og ligg lågt i dette terrenget.
Publisert

Det var noko uendeleg fritt over framferda til turistane som kom til bygds med bussen. Slik kunne ein bygdemann fara fram berre når han var full.

Tor Jonsson skreiv dette i ei av neslene sine. Dei innfødde møtte fram for å glåma på og skjemta om desse merkelege vesena som skulle til fjells utan å ha ærend der. Ein ordhag kar spytta i grusen og sa han ville utdanna seg til turist og herma dei nikkerskledde byfolka.

Tor Jonsson prøvde seg heller som heimbygdturist. Han rådde sambygdingane til å sjå og bruka den ville og gjestmilde fjellheimen til anna enn nytte og næring. Korfor skulle berre tilreisande gle seg over den vakre og livgivande naturen i bygda? Også der var han på kant med bygdemeininga om kva som var noko å bry seg om og med.

BYRÅSJEFEN har også bala med balansen til heimbygda. Men han reiste ut for å gå skulevegen og blei ein fløttjevel, så Ingvar Moe (1936–1993) frå Etne er hans mann. Han dikta sår-muntert om å rømma frå dyra i den tronge bygda, stå langt borte og spytta på henne, ta avstand frå henne og spotta det han kom frå, men etter kvart tok han til å lengta etter å koma tilbake og planta små løktastolpefrø.

Byråsjefen kan hysa den same lysta, men når han er i gamlehuset, som han har storvølt til feriebustad, putlar han med sitt eige, tar ein tur på kaia der han møter stadig færre han dreg kjensel på, og elles prøver han å gjera minst mogleg av seg. Som deltids-tilbakeflyttar er han gjest i det han kom frå, som ikkje er der lenger. Han er meir tvisynt tilskodar enn deltakar, og han trivst med å kjenna på nostalgiens glede, for han veit at ein aldri kan koma heilt tilbake.

SJØLV ER EG utflytta heimbygdturist utanfor allfarveg i Indre Agder og dalstrøka innfor kysten Lindesnes Åna-Sira. Det postkortspektakulære Sørlandet er fullt av båtar og badegjester, men her er det god plass. Utanfor dei veksande bygdebyane er det langt mellom folk, uttynna og fråflytta. Med spreidde hytter av rimeleg enkel standard og store naturtomter. Eg har sjeldan høyrt hyttefolk seia: Det er fint her, men for få hytter og folk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement