JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Handel med rotete møblement

Maktkamp og intrigar blømde. Leiande politikar var ikkje kringsette av ein rådgivarstab.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Møbelhandlar Arvid Engen i butikken på Jessheim.

Foto: Agnete Brun / NTB

5728
20231110
5728
20231110

hompland@online.no

Av alle karikerte karakterar i Makta er møbelhandlaren den minst autentiske og dokumentariske. I TV-dramaet framstår han nærast som konspiratorisk bakmann og regissør av kalamitetane i Arbeidarpartiet på 1970-talet.

Han var rett nok sjelesørgjar for Reiulf Steen, og gjennom lekkasjar og motlekkasjar opererte han som avløpskanal for Steens manøvrar i intrigane i partidansen. Men han var ikkje breial og flåsete, brautande og pompøs, heller litt stotrande, snikande og tilsynelatande tafatt. Det var hans styrke.

I DET STORE SPELET hadde Spaltisten ei kort tid ei lita birolle som er ein historisk fotnote verd. Den er ikkje bygd på løgn og fiksjon, men på godt minne, avisarkivet, ei slags samtidig dagbok og mimring med gamle og gode kollegaer.

ONSDAG 12. SEPTEMBER 1973, to dagar etter det ustolte valnederlaget, hadde Dagbladet dette oppslaget i fullformat: «Steen tar ledelsen i Arbeiderpartiet. Trygve Bratteli skyves gradvis inn i skyggen». På side to hadde eg ein slags blandingsrapport frå den politiske arena: «Reiulf Steen er nøkkelen. Bare han gir håp om at Arbeiderpartiet kan gjenreises.»

Etter samtalar om stoda i mange retningar og med rådville partitoppar var samletittelen over alle reportasjane og intervjua: «Selvransakelsens tid for DNA». Det var den analysen me hadde spekulert oss fram til i den politiske avdelinga.

KLOKKA 11 SETTE sentralbordet over ein telefon frå ein namnlaus, lågmælt og lett stotrande lesar. Han ville berre ha sagt at det eg hadde skrive, var veldig bra og treffande. Sånt skjedde av og til, så eg sa takk og at han jo kunne skriva eit kort og godt lesarinnlegg. Og skulle til å legga på.

Då sa røysta i telefonen: «Reiulf er helt enig.»

Eg kvapp til og spurde korleis han visste det.

Han svarte: «Vi snakker mye sammen, og jeg vil gjerne fortsette å ringe deg.»

Det sa eg ja til, og spurde kven han var.

«Det er uinteressant, men jeg heter Arvid Engen og driver møbelbutikk på Jessheim.»

Men telefonnummeret hans fekk eg ikkje, ikkje då.

I REDAKSJONEN blei det sett krisestab på restaurant Malla. Kven var denne fyren? Var han ein skrytepave eller ein deep throat? Kva kunne me få ut av denne kjelda?

Me prøvde å finna ut meir, men han var ein ingen. Eg blei jamvel send på togtur til Jessheim for å spora opp «Møbelhuset» og sjå på ein sofa, men Chesterfield var ikkje min stil. Eg var der inkognito og møtte ikkje møbelhandlaren personleg, verken då eller seinare.

HAN FEKK KODENAMNET «Heimtun» og var ofte på tråden. Han var Reiulf-apologet, men det han hadde å fara med, synte seg å ha mykje for seg når me sjekka mot andre kjelder og informantar, for det finst jo anonyme byråsjefar i forvaltninga og prateglade på alle nivå i partia. Slik kan ein setta saman brikker av puslespelet til eit valid totalbilde, eventuelt ved å ty til klassikaren: Etter det vi erfarer på godt informert hold.

EIN ULTIMAT TEST på møbelhandlarens truverd var då han refererte til Tor Aspengren, sjølvaste Tor med hammaren i LO, som hata Dagbladet. Me tvilte, men så spelte han av ein samtale med Aspengren rett frå levra. Det var ikkje småtteri, sjølv om det ikkje var då fråhaldsmannen sa at partiet og regjeringa ikkje kunne leiast av horebukkar og drukkenboltar.

DET SOM SIDAN HENDE, er ganske kort fortalt. Mi tid som forlengd sommarvikar var ute, i motsetnad til hausten to år tidlegare, då Per Vassbotn hadde permisjon og skreiv boka Lekkasje og forlis om Bortens fall, som han sjølv hadde ein journalistisk finger med i. Han var kjend for å ha eit periskop inn i lukka forum.

Etter mykje overtaling klarte eg å testamentera «Heimtun» til Vassbotn, og det hadde Dagbladet mykje glede av. Eit høgdepunktet var å trykka Odvar Nordlis reviderte regjeringsliste før alle statsrådane var informerte. Det er eit paradoks at Per seinare blei statssekretær på statsminister Nordlis kontor med ansvar for presse- og samfunnskontakt. Då hadde møbelhandlaren meldt overgang til Stein Kåre Kristiansen i VG.

EDDERKOPPENS SPINN blei bretta ut av Viggo Johansen og Pål T. Jørgensen i 1989, konfirmert med Tore Johannessens elleville portrettintervju i Dagsrevyen 17. november.

Då var Arvid Engens tid over som avlyttar av Arbeidarpartiets inste gemakk. Men han hadde halde fram som politisk kannestøypar og privatpraktiserande intrigant i mange saker over eit breitt felt i eit vidt nettverk.

DENNE RAPPORTEN om samvirke og samrøre mellom journalistar og politikarar er frå ei anna tid. Då var offentlege personars private livsførsel eit ikkje-tema, sjølv om mange observerte og visste mykje. Intimiteten er blitt mindre; alle er sjeldan i same kupé. Men dei er stadig gjensidig avhengige av kvarandre, også når leiande politikar er kringsette av ein stab med rådgjevarar og spinndokterar.

Boniteten må som før sjekkast for å unngå at kjeldene får overtak. Det er ei journalistisk dødssynd å basera seg på éi kjelde, men det er heller ikkje god kutyme å blåsa eigne eller andre sine kjelder – i alle fall ikkje før tida er inne for komisk dokumentar.

VERTINNA HAR medkjensle med Spaltisten som har ei lovande framtid bak seg. Dersom han ikkje hadde late seg pressa til å bli fullstudert akkademikkar i Bakunin-territoriet på Blindern og i djupe fjordar og dalar vestpå, kunne han ha hamna i ein komfortabel sofa frå Jessheim. Då kunne han blitt ein namngjeten og berykta avsløringsjournalist, ein blodhund som påverka politikken som journalistisk deltakar, og ikkje enda som ein tilskodar somberre kasta sideblikk på makta.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han fekk kodenamnet «Heimtun» og var ofte på lekkasjetråden.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis