Han som peika ut brønnpissarane
Sigbjørn Hølmebakk gjekk inn i si tid som fredlaus diktar i ein politisk fimbulvinter.
Forfattaren Sigbjørn Hølmebakk (1922–1981) ved skrivemaskinen i 1957.
Foto: NTB
hompland@online.no
Det var ein gong ein kar i dalstroka innafor kysten Lindesnes–Åna-Sira som hadde ein slem «tilbøyelighed»: I mulm og mørke sneik han seg rundt og pissa i brønnane til godtfolk. Det var ei plage året rundt, men særleg om sommaren når det var lite vatn, for då stinka det stygt hos dei som blei ramma.
Det var ikkje fritt for at folk flest hadde sine mistankar om kven som stod bak desse mørkets gjerningar og skapte uhygge i bygda. Men temaet var så ekkelt at dei helst ikkje snakka om det, for pisslukta smitta liksom over på dei uskuldige offera. Om det blei ymta frampå om det ufyselege utanfor handelslaget eller på kyrkjebakken, var den mistenkte alltid først ute med kraftig fordømming av rykte og griseprat. Midt i svineriet var han eit normalt omgjengeleg og akta bygdemenneske. Det tryggaste var å smiska med han i von om å få vera i fred.
Den formastelege blei ikkje stempla og uskadeleggjord før ein fyllik reiste seg opp på ein bedehusbasar, peika på han og ropte med drukken røyst: «Brønnpissar!»
SIGBJØRN HØLMEBAKK (2.2.22–25.11.81) løfta denne bygdehistoria frå Feda inn i det offentlege rommet (Dagbladet 5. januar 1961) som metafor for ein mistenksam og tilgrisa overvakingspolitikk i Gerhardsens tid.
Heksejakta på fordekte kommunistar i fredsrørsla og andre som opponerte mot atom- og utanrikspolitikken, levde vidare. Haakon Lie og POT fylte mappene sine, men trykket letta. Når brønnpissarane blei avslørte, tapte dei mykje av den fordekte makta si. Arvtakaren Hårek Elvenes er ein komisk figur.
DIKTAREN HØLMEBAKK fekk sitt gjennombrot med Fimbulvinter i 1964, seinare filma som Brent jord. Det handla om menneske i ukueleg kamp for å overleva då tyskarane trekte seg ut av Finnmark i 1944. Men han stod også bak den romantiske komedien Hurra for Andersens. Fleire av bøkene hans blei filma, og han var i si tid ein av dei mest omsette, særleg til russisk.
Emissærsonen var ein glødande tribun og folketalar i moralsk og gamaltestamentleg stil, men ingen trugen partimann. Han var ein av drivarane då fredspartiet SF blei skipa, han kjempa mot maoistane i SUF og forfattarlauget, han samarbeidde med dei Moskva-tru revisjonistane i NKP, men fann aldri sin plass i SV.
I BANNBULLEN mot brønnpissarane var Hølmebakk også ute etter diktarkollegaene sine. Dei var feige, for mens dei sat med hendene i fanget, «arbeider partisekretariatene, og mens dere sover, skriver brønnpisserne!». «I gamle dager gikk dikterne i forreste rekke. De var med på å forme samfunnet. I dag er det samfunnet som har formet dere. Dere er blitt like snille og medgjørlige som et LO-medlem.»
BYRÅSJEFEN ER NØGD med at poetokratiets tid er ute, at logos gir meir etos enn patos i offentleg ordskifte, at samfunnsvitarar, juristar, informatørar, politikarar og sekretariat har tatt over. Og at diktarane held seg til sitt regiment og ikkje bruker indignasjonens nådegåve til å overausa politisk debatt med kjensleladde ord i kronikkar om atombomber og grufulle enkeltlagnader.
Byråsjefen kunne styra seg for Hølmebakk som politisk agitator, men har hatt stor glede av romanane, novellene og filmane. Dei tar opp djupt eksistensielle og evige spørsmål om liv og død, men har også gode skildringar av småfolks liv og lagnad i karrig natur. Favoritten er forteljinga om den fattige, men staute, sta og steile enka Birte på Sveigenes. På veslejulaftan, med tiåringen Sigvald på slep, trassa ho den vonde grannen og gjekk timevis over heia til byen med ei halmbør på ryggen. Det var det einaste ho hadde å selja, men då ingen ville gje henne ein rimeleg pris, sette den stolte Birte fyr på børa.
SIGBJØRN VAR EIN SLAGS sambygding. Me kjem ikkje frå «det blide Sørlandet», men frå same sosiokulturelle miljø i det knudrete landskapet i dalstroka innafor. Som vanleg var på dei kantar, emigrerte far hans til det norske Amerika. Der utdanna han seg til pastor, men vende heim att til hølmebakkane i Feda som to-kyrs-emissær.
Den nevenyttige Sigbjørn prøvde seg med revefarm og småbruk i Åsen, som han seinare bygde om til diktarstove. Han var ingen «heimstaddiktar», men eg har vore med på litterære vandringar for å finna førelegga til Karjolsteinen, Jentespranget og Fredlaustona. GGG-boka Salve Sauegjeter (1958) var ein spesiell favoritt i barndommen, for filmen var tatt opp i dei heimlege Knabeheiene.
Då den småfornemme strandstaden Feda blei ein del av Kvinesdal i 1963, høyrde me til same kommune – eller kommyne, som Sigbjørn sa. Det høyrest fransk og revolusjonært ut, men var lokal seiemåte.
Seinare hamna me begge på Sagene i Oslo då Sigbjørn fekk ein slags æresbustad i Hønse-Lovisas hus ved Akerselva, austkantens Grotten.
DET VAR HUNDRE ÅR onsdag sidan Sigbjørn Hølmebakk blei fødd – han likte datoen: 2.2.22. Han døydde av kreft og gjekk ut av tida i 1981, berre 59 år ung.
«Ta ikke denne uro fra meg» er teksten på bautasteinen ved Feda skole. Sitatet er også tittelen på utvalet av artiklar, talar og polemikkar som Kjell Cordtsen redigerte i 1982. Der sette den tidlegare redaktøren av Orientering krinsrekord i lengde med ei sprakande innleiing på 85 sider som ber Nordahl Grieg- og Evensmo-inspirerte tittelen «En dikter går inn i sin tid».
Nå synest Sigbjørn Hølmebakk å vera gløymd som samfunnsaktør og forfattar av dagens debattantar og av forlaget Gyldendal, der broren Gordon var redaktør.
I velmaktsåra sine var han med og prega samtida. Han heldt ut hundevakta i 50- og 60-åra, og han såg grålysing på 70-åra.
Sigbjørn Hølmebakk burde få kvila i ufred, for han har også mykje å seia til ettertida.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han heldt ut hundevakta i 50- og 60-åra og såg grålysinga i 70-åra.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.