JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Fundamentalisme og pragmatikk

Det er ikkje lett å sameina ei utopisk grasrotrørsle og eit karismatisk høvdingparti.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lan Marie Berg på veg til landsmøtet i MDG i vår. Nå skal ho på Stortinget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

5602
20210625
5602
20210625

hompland@online.no

Då byrådet i Oslo letta på pandemistenginga, sette bystyret opp ein politisk farse. Dei direkte involverte og statistane i kommentariatet haussa spelstykket opp som drama, og slik fortonar det seg på innsida. Men heller ikkje på utsida kan ein sjå bort frå at det ligg alvor under den komiske yta.

POSISJONAR PREGAR politiske perspektiv. Ein ser røynda frå der ein står. På godt og vondt er rådhuset med styre og stell og tilliggande herlegdom ein koopteringsmaskin for dei som kjem utanfrå: Godt fordi dei får følgja sakene undervegs, dårleg fordi dei blir smitta av innanfor-perspektivet og hekta på prosessar.

Det gjeld ikkje minst små parti som har hast og vil visa handlekraft i staden for å vikla seg inn i detaljar og formalitetar. Der har MDG og Raudt same utgangspunkt, men paradoksalt nok har dei raude, med odelsrett på revolusjonen, gjort det til eit kjennemerke å overgå alle i krav til forvaltningsskikk og informasjonsplikt.

I SOLIDARITET med byråd Berg stilte byregjeringsleiar Johansen kabinettsspørsmål. Byrådet blei kasta av underlege sengekameratar, men blei sittande som «forretningsministerium». Det pompøse ordet betyr at det var eit mellombels kastrert naud- og ventebyråd til Raymond kom tilbake som Johansen 2, utan Berg som rytter.

Operasjonen var ein kopi av Rune Gerhardsens manøver for 30 år sidan, då Johansen var samferdselsbyråd for SV og oppmoda folk til moka sjølv om vinteren.

Det er ikkje til å unngå å parafrasera Olav H. Hauge: Eg har stor tru på det nye byrådet, men det er vel det gamle.

KVA BLIR NARRATIVET om Lan Marie Bergs fall? Var saka milliardsprekken i vassverket eller saksgang og informasjon? Svaret frå MDG og Berg er uansett at ho ikkje har gjort noko gale.

Men rett og gale er moralske omgrep. I politikken får ein ikkje rett om ein skulle ha rett. Rettferd er ikkje noko politikarar kan venta eller krevja. Ein byråd eller statsråd skal ikkje berre vera audmjuk, men audmjuk nok, og der er ordlegginga uhyre viktig. Brot på informasjonsplikta er grunnlaget for dei fleste mistillitsforslag, same om det ikkje ville ha endra utfallet av saka. Etter at bystyret hadde kasta byrådet, tetta dei milliardsprekken.

ELLER VAR MISTILLITEN mot Berg sluttpunktet på den fossile og rasistiske netthetsen ho har vore utsett for gjennom år? I MDG har dei ei inderleg kjensle av at ho er urettvist behandla fordi ho er den ho er. Ein middelaldrande, kvit mann i hennar skor ville ikkje ha blitt hengt ut som ein slags kriminell.

Stortingsrepresentant Bast­-
holm kalla det «mugne patriarkalske fordommer». Gruppeleiar Stav meinte at når reglane er uklare, «står man lagelig til for hugg om man heter Lan Marie Nguyen Berg». Ho var eit offer for doble standardar. Fylkesleiar Heibergs ord er «strukturell diskriminering».

Raudt blei skulda for ikkje å forstå seg på diskriminerande strukturar, men dilta etter den urimelege forfølginga frå høgre- og bompartia. Evenrud med påheng forsvarte seg med at dette hadde ingenting med kjønn eller etnisitet å gjera, for deira credo var: Ein kan pressast til å røysta mot noko ein er for, men ein kan ikkje pressast til å ha tillit.

VERTINNA HAR SYMPATI med folk som blir urimeleg hundsa og hetsa. Ho reknar med at det er diskriminerande folk i Oslo bystyre, for dei skal jo vera representative for veljarane. Men ho trur ikkje at anstendige politikarar kasta Berg fordi dei var smitta av nett-trollskap med grov og trugande sjikane. Ho trur heller at dei av den grunn heldt litt igjen. Men det kan jo ikkje vera slik at den som blir hetsa for noko av nokon, skal fredast for alt av andre.

MILJØPARTIET DEI GRØNE var i tiår ei fundamentalistisk promillesekt utanom nokre få kommunar der dei hadde dyktige, synlege og praktisk orienterte frontfigurar med personleg truverd. Rasmus Hansson som einmannsgruppe på Stortinget personifiserte at MDG var to skapningar i ein: ei aktivistisk grasrotrørsle og eit karismatisk høvdingparti.

Det er ikkje lett å sameina: Fleire leiande kadrar i synlege posisjonar har trekt seg fordi dei ikkje ville la seg styra av tilfeldige og ustrategiske utopistar.

PARTIETS RAISON D’ÊTRE er at dei er annleis og meir reine og ranke enn andre. Dei ofrar ikkje identiteten for ein linsevelling. Dei kjenner Sanninga, er lojale mot Saka og misliker politisk spel. Fordi dei er truande, er dei trugande for dei fossile partia.

Men MDG drøymer også om vippeposisjonar som kan gje dei større makt enn kjøtvekta tilseier. Eit samfunn av heilage som skal redda verda, kan ikkje vera for gode for denne verda. Dei må også bala med EU, atomkraft og vindmøller på land. Dei må visa handlekraft, men også kjøpslå på toppane, noko som ikkje er lett å formidla nedover i rekkene. Partikulturen heiar heller på kompromissløyse, sinnelag og gode intensjonar enn på kompromiss om detaljar. Det er enklare i opposisjon enn i styringsposisjon.

I eit moraliserande parti er dei moralske kvalitetane til politikarane særleg viktige. Vegen er kort frå sak til person, og dei tillitsvalde må leva som dei lærer. Å ha gamal dieselbil og eta blodige biffar er haram i MDG.

LAN MARIE NGUYEN BERGS ettermæle blir at ho er dyktig og har sett varige spor i hovudstaden, med bomringar og sykkelvegar som ho gladeleg og polariserande tar æra for. Ho er elska og hata og derfor mobiliserande, der ho tråkkar mot Stortinget på elsykkel med pedalkraft.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Posisjonar pregar politiske perspektiv. Ein ser røynda frå der ein står.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis