Framtida er ikkje det ho har vore
Intelligent science fiction vil vera i forkant og åtvara, men kan bli råka av røyndom.
Doc (Christopher Lloyd) og Marty (Michael J. Fox) i filmen Tilbake til fremtiden, regissert av Robert Zemeckis.
Foto: Universal
hompland@online.no
Sommaravslutninga med Hjelpeskrivarane blei eit overraskande seminar om science fiction (SF) og annan fan-
tastisk litteratur, med ei historisk line frå robotar til chatbotar, i skuggen av vald og vondskap, og under løfte og trugsmål frå kunstig intelligens (KI).
Sjangeren går stadig nye rundar der naturen slår tilbake, eller der det er menneske versus maskin. Sakprosabestseljaren for tida er Maskiner som tenker av Karin Strümke, partikkelfysikar og KI-forskar ved NTNU.
Skrekken er maskiner og programvare som manipulerer og tar makta frå enkeltmenneske, styrte av gigantiske private firma som er utafor offentleg regulering og kontroll. Neste steg er KI-maskiner som lærer opp seg sjølve til å utmanøvrera dei som programmerte systema med berre naturleg intelligens.
SPALTISTEN LAS MYKJE SF i barndom og ungdom, ofte med ingeniørar og oppfinnarar som heltar: Jules Verne, men også Øvre Richter Frick med Jonas Fjeld og assistenten hans, den finske dvergen Ilmari Eko. Etter kvart melde han overgang til det mytiske og magisk realistiske i det kvardagslege, med Ray Bradbury som favoritt.
I film og annan populærkultur blei det stjernekrigar og galaktiske romodysséar. I The Terminator frå 1984 (!) var KI det ultimative dommedagstrugsmålet: Maskinene ville utvikla sjølvmedvit, ta over styringa og starta atomkrig for å utrydda menneskeslekta.
VERTINNA HADDE VILLA seg bort i Dyret i Johannes’ openberring i for tidleg ungdom. Det er som kjent uhyggelege feber- eller dopfantasiar frå ei hole på Patmos. Vertinna blei så vettskremd at ho prøvde å unngå fleire slike skakande ovringar. Men ettersom ho vaks opp med aluminiumsnorsk og ingeniørar som heltar, slapp ho ikkje heilt unna, for Fonna og andre nynorskforlag forsynte ikkje bygdeungdommen berre med Smørbukk, Vangsgutane og Tuss og Troll, men også SF-teikneserien Ingeniør Knut Berg på eventyr.
BYRÅSJEFEN VEDGÅR ein raptus som medlem av Studentenes science fiction-forening ved Universitetet i Oslo, med Jon Bing og Tor Åge Bringsværd som heiderslagsmenn. Selskapet var rimeleg høglitterært med namn etter eit trist og trøyttande episk dikt av den svenske nobelprisvinnaren Harry Martinson frå 1956: Aniara. En revy om människan i tid och rum.
Aniara blei til opera og fjernsynsteater. Karl-Birger Blomdahl fekk Nordisk råds pris for musikken. Seinare har Tommy Körberg, Ketil Bjørnstad, metallband og filmmakarar late seg inspirera av tekstar og tonar.
Karin Boyes dystopiske satire Kallocain frå 1940 er Byråsjefens favoritt, for han var fascinert av sanningsserumet kallocain. Med Boyes eigne ord handlar det om «tillståndet i nästa århundrade, då några totalitära statar slåss om värdsherravältdet och Staten har individen helt i sin hand».
DET ER LÆRERIKT å lesa om att bøker som eingong har gjort sterkt inntrykk. Det er som ei ytre og indre tidsreise.
Ettersom litterære dystopiar held seg betre enn utopiar og nostalgiske retropiar, har eg konsentrert meg om kanonklassikarane: George Orwells Kamerat Napoleon, der alle dyr er like, men nokre dyr er likare enn andre, og 1984, der Storebror ser deg; Vidunderlige nye verden av Aldous Hauxley; Vi av Eugen Samjatin; Salamanderkrigen av Karel Capek, han som introduserte «robot».
Desse bøkene er skrivne som åtvaringar mot nazisme, kommunisme og andre totalitære regime. Dei handlar grunnleggande om å verna tankefridom og individets menneskeverd, mens teknologien søker stadig meir avanserte måtar å kontrollera handlingar og haldningar, sinn og tankar på.
DETTE ER INNTRYKKET av SF-sjangerens utvikling i mitt leseliv: mekanisk ingeniørkunst, totalisering av makt med valdeleg fysisk kontroll, kjemisk og biologisk manipulasjon, massedatabasert overvaking, ustyrleg og avhumanisert informasjonsteknologi.
Det er eit tankekors at dei som skapte det vedunderleg nye, så ofte angrar når dei ser konsekvensane. Trollmannen i Goethes ballade var fortvila over det dei ustoppelege læregutane stelte i stand: «Die ich rief, die Geister, werd ich nun nicht los». Alfred Nobel vende seg frå sprengstoff til fredspris. Då A-bombas oppfinnar Robert Oppenheimer fekk samvitsplager, blei han skulda for uamerikansk verksemd.
Den aktuelle er Geoffrey Hinton, gudfaren av kunstig intelligens. Han sa opp i Google for å stå fritt til å åtvara om ein monsterteknologi som er sloppen laus. Eller i det minste ha eit halvt års pause i utviklinga.
***
RETTINGAR. Førre veke rota denne spalta seg bort i langtidsverknader av populistiske straumdrag. Det er farleg spel, for mykje er i flyt i politikken, alt har si tid, og her har ein å gjera med minnesterke, dokumenterte og arkiverande folk.
Krigsveteranar frå studentpolitikken finn det paradoksalt og upassande at ur-PAG-arane inviterte Mímir Kristjánsson frå Raudt som profet då dei lanserte boka om venstrepopulismen. (Det kan skytast inn at den allvitande Odin gav bort eit auge til Mimir for å få drikka av kunnskapsbrønnen hans.)
Det er truleg like langt mellom stalinistane i AKP(m-l) og dagens Mímir som det er mellom dagens ekstremliberalistiske EU-forkjemparar i Unge Venstre og sosialliberale ungkadrar midt på 70-talet. Det er eit fun fact at då Jørn Rattsø (samfunnsøkonomisk utvalsrapportør, i Wikipedia omtalt som «norsk statsleder») og bok- og målmannen Ottar Grepstad var leiarar i Unge Venstre (1974–1976), blei det ideologiske tidsskriftet deira døypt om frå Liberalt Perspektiv til Populist.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.