Sideblikk
Frå realøkonomi til finansøkonomi
Det er over evne å finna statlege rammevilkår som gjer marknaden til styringsinstrument.
Finansdepartementet ruvar stadig i det bomba regjeringskvartalet i Akersgata.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Når ein gir seg i kast med RETTINGAR, kan det ta heilt av. Denne spalta er ei einaste stor utdjuping, men den underliggande tråden er eit skifte frå realøkonomi til finansøkonomi.
BYRÅSJEFEN og andre gode lesarar meiner Spaltisten tok seg vatn i hovudet då han for to veker sidan prøvde å trenga inn i røyndom og mytologi om Finansdepartementet (FIN). Det var over ævne III. Han burde i det minste ha sett seg betre inn i Finansdepartementets historie 1965–1992: Einar Lie og Christian Venneslan: Over evne, Pax 2010.
Spaltisten tar sjølvkritikk. Han burde ikkje ha sagt det på den måten, så han bøyer seg i hatten og har sett alle klutar i gang for å snu kvar stein.
SPALTISTEN kan ha blitt påverka av at han i si tid delte dublett på Kringsjå med ein sosialøkonomistudent som hadde som mål å få så gode karakterar at han kunne få jobb i Økonomiavdelinga. Det fekk han, og han gjorde karriere både i samfunnsøkonomien og sosialdemokratiet.
Spaltisten hadde eit støttefag i sosialøkonomi. Frå det minnest han litt demografi og mange gode anekdotar av Johan Vogt frå Mot Dag. Men under Juul Bjerkes kateter tileigna han seg også (på umatematisk vis) grunndraga i økosirken og logikken i dei grandiose modellane – såpass at han kunne følgja den sosialøkonomiske retorikken.
MED DENNE BALLASTEN kunne han som journalist ha ein slags kommunikasjon med dei sjølvmedvitne sosialøkonomane mot slutten av planøkonomiens stordomstid. Han hadde til og med den store ære å bli invitert til lunsj i Økonomiavdelinga, der ekspedisjonssjef Arne Øien var gudfar frå 1971 til 1978. Der skjønte han at Økonomiavdelinga teikna dei breie oversiktskarta og planla farbare vegar, medan Finansavdelinga tok seg av budsjettdetaljar og Planavdelinga dreiv med lausprat. (Per Schreiner, som var leiar der, slutta i FIN nokre år etter, fordi han var skuffa over at det etter kvart blei lagt større vekt på «tildekkende formuleringer» enn på «problemanalyse og problemforståelse».)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.