Førehandsklokskap er alltid best
Dårleg førebudd, men stod til eksamen. Veksttakten i kritikken av regjeringa vil auka.
Koronakommisjonsleiar Stener Kvinnsland la fram rapporten for statsminister Erna Solberg, helseminister Bent Høie, justis- og beredskapsminister Monica Mæland og pressa på Statsministerens kontor i Oslo onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
hompland@online.no
Granskingsutval, undersøkingskommisjonar og følgjeforsking kan aldri driva eksakt vitskap med to strekar under svaret. Evalueringsrapportar er lette å avskriva som etterpåklokskap, men den slags skal ein ikkje forakta, for det kan ligga mange «læringspunkt» der. Men det er alltid betre med førehandsklokskap, beredskapslagra kunnskap, praktisk øving og ajourførte kart over handlingsrommet.
I 20–30 år har det ikkje vore mangel på utgreiingar, scenario, planar, råd og forslag til tiltak om kva som bør gjerast for å førebu samfunnet på sannsynlege pandemiar, frå WHO og nasjonale fagmiljø. Beredskapsplanar er laga, men få minnest kvar dei er lagde, når ein kunne ha bruk for dei. Framstegspartiet hadde faktisk ein eigen statsråd for samfunnstryggleik og beredskap, men Ingvild Smines Tybring-Gjedde var meir opptatt av ulike måtar å sjå teaterstykke på.
BYRÅSJEFEN har vore med på fleire slike rundar i Forvaltninga, og dei har alltid følgt same mønster: Det blir understreka at arbeidet er særs viktig, og at resultata og tilrådingane er høgt verdsette. Men ingen ansvarlege har hatt mot eller tyngde til å setta worst case høgt på dagsordenen, for kva med kostnadene og samfunnsnytten av noko så usikkert? Det må vera sløsing å førehandslagra verneutstyr når ein lever i den globale marknadstrua på at det kan skaffast just-in-time.
Når det kjem til stykket, er det alltid dagsoppgåvene som kjem først. Så får ein heller lita på at naud lærer nakne styresmakter å spinna, og at regjeringa kan bauta seg fram i ukjent og skiftande farvatn. Byråsjefen meiner at ein heller burde ha tenkt betre gjennom og øvd på førehand på kva ein skal tenka på og gjera når situasjonen er der.
POLITISK UAVHENGIGE granskingskommisjonar er eit offentleg gode, men det er tosidig. Det viser vilje til å la seg gå kritisk etter i saumane, læra av feil og utvikla ny kunnskap og betre praksis. Men på den andre sida kan det vera eit forsøk på å vika unna ansvar ved å dekonstruera administrative og politiske prosessar.
I firaren med FHI, Hdir, Legemiddelverket og HOD skal Bent Høie vera førstestyrmann med Erna Solberg som skipper på bakvakt. Dei politisk ansvarlege kan ikkje fråskriva seg ansvar, men må skjøna og handla frå time til time og møte til møte når situasjonen krev det, sjølv om det er mange ukjende faktorar og sprikande råd og ein ikkje har full oversikt over stoda.
Sjølvsagt hadde det vore betre å vera føre var enn etter snar, for hastverk blir gjerne lastverk. Men slik har det ikkje vore i den pandemiske røynda. Båten har blitt til mens dei har rodd. Då må det etterpå vera heilt legitimt å ty til klassikaren: Me ville ikkje ha gjort det slik dersom me då hadde hatt den kunnskapen me har i dag.
DEI ANSVARLEGE har i stor grad halde tann for koronatunge lenge, både på fagleg og på politisk hald. Men mange har gjort gode miner til slett spel og brunne inne med kritikk og irritasjon over dei andre. Det har dei gjort for at folket skal halda oppe tilliten til styresmaktene, trass i omskiftelege og forvirrande meldingar og sprikande signal.
Det har vore peika på at fagleg usemje i helsebyråkratiet ikkje svekker, men styrker tilliten til at statsrådar, direktørar og fungassar er opne og ærlege. Det har også vore eit lærestykke i å halda styr på ulike instansar: Somme driv med forsking, dokumentasjon og kunnskapsinnhenting, mens andre har som oppgåve å gje råd eller setta tiltak ut i livet. Det har ikkje vore til å unngå at Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet har trakka i kvarandre sine bed.
Med granskingsrapporten som bakteppe har desse spenningane kome meir til overflata. Det begynner å minna om eit svarteperspel der FHI og Hdir dyttar ansvar for dårlege vurderingar over på kvarandre. Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet lar det skina gjennom at Bjørn Guldvog og Helsedirektoratet har vore haltande. Andre hevdar at det sveltefôra Folkhelstutte har vore for ekspansivt i rolleforståinga si. Det er ein revirkamp som krev avklaring før Stoltenberg kan bli helseminister.
VERTINNA har merka seg at stats- og detaljminister Solberg er i vanleg sjølvrosande modus: Dette har gått bra! Det har vore nokre «skjønnhetsfeil», men regjeringa kjem godt frå granskinga.
Kommisjonsleiar Kvinnsland ville ikkje ha brukt akkurat dei orda. Han kjøpte det journalistiske bildet: Førebuingane står til stryk, men regjeringa kasta seg rundt og klart eksamen med improvisasjon. Fordi helsevesenet og samfunnsmodellen er robust, og fordi folket hadde tillit og stod attåt.
Dokter Kvinnsland har halde seg til mandatet og første runde i kampen mot pandemien. I andre runde skal kommisjonen også dømma og koma med tilrådingar og lærepunkt om grensekontroll og vaksinering og ymist anna som måtte dukka opp.
Men før det er det valkamp, og opposisjonen bygger opp beredskapen og øver på angrep. Og i sosiale medium vil både faglege tryllekunstnarar, meiningssterke synsarar og troll koma til å ta av.
BYRÅSJEFEN held som alltid styr på den deriverte i kurvene over smittetal og ymist anna. Etter Kvinnsland-rapporten reknar han med at veksttakten i kritikken av regjeringa vil auka. Og mutera. Det kan bli ein tsunami før stilla etter stormen.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Me ville ikkje ha gjort det slik dersom me då hadde hatt den kunnskapen me har nå.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Fiskemiddag: Ja, men pass på – det er ikkje berre paneringa som skjuler noko her.
Foto: Pxhere.com
Du skal aldri, aldri, aldri skode fisken på pakningen.
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.