JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Folkevilje i høgre- og venstreham

Venstrepopulistar vil visa at dei er meir enn eit spøkelse, og Mímir er blitt profeten deira.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mímir Kristjánsson i ein demonstrasjon framfor Stortinget i 2021.

Foto: Annika Byrde / NTB

5610
20230609
5610
20230609

hompland@online.no

Når vekstforholda ligg til rette, kan stormande aksjonsgrupper av ulike slag skyta opp som paddehattar etter politisk regn. Dei fleste blir kortliva: Den akutte saka går over, og striden legg seg, eller gruppene løyser seg opp i indre motsetnader og personkamp. Somme aksjonar blir slusa inn i politiske parti, institusjonaliserer seg som fasttømra interesseorganisasjonar eller konverterer til konsulentselskap.

POPULISTISKE arbeidsgrupper (PAG) stifta seg i Bergen i 1971. Utgangspunktet var eit radikalt styre i studentsamfunnet, sett saman av venstreutbrytarar frå Venstre, kristensosialistar og element frå SF og ungdomspartia i det politiske sentrum. Dei var grøne, systemkritiske, desentralistiske og antikapitalistiske, og med slike trådar vov dei saman ein tynn ideologisk prøvepakke. Dei ville driva lokale og utanomparlamentariske aksjonar nedanfrå, og dei ville bygga alliansar i mange retningar. Dei såg kampen mot EF og for kysten som sine definerande og finaste stunder.

MERKELAPPEN og innretninga hadde dei frå Ottar Brox. I boka Hva skjer i Nord-Norge? løfta han populistisk inn i faglege analyser og samfunnsdebatt, som motsats til teknokratisk sektortenking. «Bidrag til en populistisk argumentasjon», kalla han ei samling polemiske artiklar.

Brox var inspirator og fråskriv seg ikkje farskapet, men han tok ikkje på seg oppfostringsansvar. Han var sjølv aktiv i Sosialistisk Folkeparti og seinare SV, og då populisme blei til eit stempel på lettvint retorikk frå Framstegspartiet, angra han på at han hadde stått politisk fadder til omgrepet. Men ekte og uekte søner og døtrer ville framleis vera populistar og
broxianarar.

BERGENSPOPULISTANE var seriøse, men ikkje humørlause. Då dei fann opp Karl Populos som ideologisk førebilde og spøkelse, såg dei marxist-leninistiske fiendane deira på det som blasfemi, og dei blei krenkte, og slik var det meint.

Dei retorisk væpna og sjølvinnbilt proletarisk revolusjonære bar plakatar med bilde av Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao. Om PAG-arane skulle ha bore sine høvdingbilete, ville det ha vore Ottar Brox, Hartvig Sætra og Gunnar Skirbekk: Brox med hushald og lokalsamfunn, Sætra med økologi, Skirbekk med motekspertise.

MANGE PAGARAR følgde Ottars reise til Tromsø. Dei levde vidare med avleggarar her og der, i Oslo som Grønt Gras i studentpolitikken. Mange blei slukte av SV, somme fann ein opposisjonell saksheim i Arbeidarpartiet, andre hadde affinitet til den særmerkte senter­partisten Bjørn Unneberg og hans grøne sosialisme for utkantproletarar. Men fleire blei verande partipolitisk heimlause.

EIN TRUFAST KJERNE har halde fast på den heilage populistiske anden og møttest i eit seminarierande fellesskap. På skandinavisk fekk strevet ein positiv skuv med Åsa Linderborgs og Göran Greiders populistiske manifest for fem år sidan. Det var ei openberring over grunnakkorden «jämlikhet, rettvisa och demokrati».

Resultatet av forsøket på å brøyta seg ein grøn rydning i den svartaste populistiske allmenningen er den nye boka Venstrepopulisme? JA!. Det er ein politisk veterankohorts oppsummerande testament, utan at dei vil vera emeritussete sjølvbedragarar frå ein episode i det biografiske og politiske livsløpet til representantar for den førre generasjonen.

Denne avgangsklassen ville ha eit parlamentarisk panel til å svara på om det stadig er noko å henta i dei populistiske straumdraga, eller om det er ei historisk bakevje. Er det ei fånyttes jakt på det tapte, eller er det også sporet av ei ny tid?

GRUNNRENTE er midt i blinken for georgistiske populistar, men dei var ikkje heldige med dagen. Då ur-PAG-arane presenterte boka på Litteraturhuset bak Slottsparken i hovudstaden, var parlamentarikarane låste fast til stortingsbenkane for å røysta over lakeskatten. (Både SV og Raudt ville ha høgare prosent, men SV røysta mot og Raudt sekundært for det regjeringsbaserte forslaget).

Ein senterpartist blei borte i stortingskorridorane, men Ingrid Fiskaa (SV) og Mímir Kristjánsson (R) kom hastande innom med frie vitnemål. Fiskaa appellerte for mindre avstand mellom innbyggarar, veljarar og folkevalde, og for styrking av folkestyret mot teknokrati, kapital og overklasse.

Mímir kom, talte som venstrepopulistisk folketribun og vann forsamlinga. Det var folket mot eliten i næringsliv og forvaltning – i motsetnad til høgrepopulismens knefall for dei rike, med innvandrarar, feministar og kulturelite som fiendar. Han nytta høvet til å rydda seg eit ideologisk frirom mellom den autoritære bolsjeviktradisjonen og det teknokratiske og sentralistiske sosialdemokratiet.

MÍMIR STOD FRAM som vedkjennande venstrepopulist, men vil ikkje kalla seg det. Til det er omgrepet for tungt assosiert med vêrhaneaktig politikk og lettvint og hatefull ytre-høgre-retorikk, og det er eit tungt etablert skjellsord i etablissementet og kommentariatet.

Raudt går heller ikkje fri frå freistinga. I Klassekampen meiner det energiske talerøyret Sofie Marhaug at «Høgre driv med populisme» om havvind og hybridkablar. Dei burde nok ta ein runde på kammerset for å klara opp i innhald og korrekt partibruk av populisme.

BYRÅSJEFEN MEINER at ein skal mistru den som ikkje er litt nostalgisk, men Raudt har jo nok av slekt og arvegods å stri med. Så han forstår at når dei i prinsipprogrammet stadig dreg på ei undersetning som hyllar det Marx kalla kommunisme, tar dei ikkje frivillig på seg å bera den populistiske børa også.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis