Sideblikk
Flokkimmunitet på vestkanten
Då alarmknappen blei slått av og koronaansvaret privatisert, svikta dugnadskjensla.
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H), med korrekt plassert munnbind, etter ein pressekonferanse om koronasituasjonen.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Ein sjølvutnemnd talsmann (la oss kalla han Preben) for partyungdom som har drive utagerande festing i møblerte heimar og villahagar i Vestre Aker og Austre Bærum, krev orsaking frå helseminister Høie som hengde bjølla på hermelinane. Det er krenkande å få skuld for at koronasmitten har spreidd seg, når det er reising som er årsaka: liksomekspedisjonar til Svalbard, harryturar til Sverige frå indre enfold, charterreiser til land som styresmaktene mellombels stempla grøne.
Som eit innslag i etterspelet etter koronautbrotet på vestkanten krev Oslo Høire at byrådet må gå. Då Preben ville syna forseinka samfunnsansvar og la seg testa, kom han ikkje gjennom på koronatelefonen. Via ein legevenn av familien fekk han time på ein privat helseklinikk som var på alerten. Resultatet var negativt, så nachspielet var sikra og utgiftene til testing bortkasta, men heldigvis er faren medlem, så Preben fekk rabatt. Men flokken og kohorten hans er like immun mot å ta ansvar i dugnaden. Heisann Montebello!
FORLAT DEI IKKJE, for dei burde vita kva dei gjer, meiner Byråsjefen. Han tykkjer det er greitt at koronaskammens merke er flytta frå den somaliske taxisjåføren Mohamed (42) frå Søndre Nordstrand til BI-studenten Preben (24) frå Vestre Aker. Det gjer godt å få gjødsla fordommar og kunna godta seg over andre sine mistak.
Sjølv har Byråsjefen tillit til at helsestyresmaktene veit kva dei gjer og gjer så godt dei kan. Om han har sine tvil, tar han det på bakrommet i Forvaltninga. Men i trumål meiner han at dei skulle ha vore hardare i klypa, halde fast på sjokkeffekten og ikkje sleppt opp trykket etter at frykta sokk inn i folk flest i mars. Då på-knappen blei slått av, og fridomen skulle få større spelerom, svikta skjønnet under individuelt ansvar.
Offentleg held Byråsjefen tann for tunge innforbi Høies ansvarsområde. Men han ser fram til at pandemien roar seg, slik at han kan nyta etterpåklokskapens gleder.
BYRÅSJEFEN har lita tru på at munnbind hjelper stort mot smitte. Men etter det mislykka frisleppet burde påbodet av symbolske grunnar gjerast allment. Folk må ha det litt ekkelt for å ta alvoret inn over seg. Og han reknar med at dei fleste har plass til forsvarleg lagring av munnbind, nå som det tømmest for hamstra dopapir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.