Sideblikk
Flire-Trygve + Trumpe-Siv = Sant?
Framstegspartiet vil ikkje i seng med Senterpartiet, men vinna att tapte veljarar i distrikta.
Partileiar Siv Jensen på talarstolen på Framstegspartiets landsmøte på Gardermoen førre helg.
Foto: Berit Roald / NTB
Det er noko patetisk over at ei nyskild kvinne, som ikkje fekk nok ut av ekteskapet lenger, legg seg etter ein forlova mann som ikkje vil ha henne til sengekamerat. Det er ikkje han, men eigedomen og arbeidsfolka hans ho trår etter.
FRAMSTEGSPARTIET attribuerer mykje av tilbakegangen til Senterpartiet, som har distansert dei som tredje største parti. Vedum har forsynt seg grovt av protestveljarar i distrikta, medan Framstegspartiet tilpassa seg borgarleg skikk og bruk, blei assimilert, bada i kompromiss og køyrde svarte regjeringsbilar på sentraliserande motorvegar. Det blei dei grå og slitne av, karismatikken kjølna og Per Sandberg forsvann. Nå prøver dei å «vera seg sjølv» og blankpussa det ekte Framstegspartiet, for det passar dei dårleg å vera eit slokna fyrtårn.
Dei har lånt Kristeleg Folkepartis livbøye med påskrifta «hjartesaker»: nei til kvoteflyktningar, bistand og bompengar, vantru til klimareligion og ja til pensjonistar. Men fremst mellom hjartesakene er lågare pris på alkohol, tobakk og andre harryvarer – ikkje for at folk flest skal kosa seg meir, men som patriotisk kamp for å henta heim arbeidsplassar frå Sverige.
MEN NÅR DEN TRUMPNE Siv Jensen finn fram gamlekjolen, passar han ikkje lenger. Ho ser enten utspjåka eller naken ut. Partiet grip til spadar, møkkagreip og utestemme, men framstår som ein bleik, hektisk og utruverdig kopi av Senterpartiets trottige kamp som ombodsmenn mot den marknadsstyrte sentraliseringspolitikken det såkalla liberalistiske folkepartiet har gjennomført: samanslåing av kommunar, fylke, politidistrikt og Nav-kontor, EU-tilpassing, skattelette for dei rikaste og høgare avgifter for folk flest. Utover bygdene har dei heller ikkje gløymt Sylvi Listhaug frå Fyrstehuset som landbruksminister.
Sjølv om veljarar er stadig meir trulause, tar det tid å dekka slike spor.
Det er mest litt synd på Framstegspartiet, som etter at Carl I. Hagen hamna i horn på veggen, ofra så mykje i eit fornuftekteskap som blei stadig meir arrangert og invadert av uintegrerbare grøne liberalarar og vanskeleg inkluderbare kristenfolk. Dei opplevde det motsette av det gullkornet Jan P. Syse skal ha lånt frå Benjamin Franklin: Fordi dei tre hang samen, blei dei hengde kvar for seg, medan Høgre stakk av med heile gevinsten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.