Sideblikk
Etter hundre dagar er mykje gløymt
Regjeringa arbeider hardt for å få fram at dei har levert meir enn pandemitiltak og dyr straum.
Regjeringa har hatt mykje å bala med dei første hundre dagane, ikkje minst straumprisen. F.v. Trygve Slagsvold Vedum, Jonas Gahr Støre og Marte Mjøs Persen.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Joe Biden har markert sitt første år som president og Jonas Støre sine første hundre dagar som statsminister. Dei har mange fellestrekk.
Begge vann valet fordi veljarane ville ha endringar dei kunne tru på, og fordi dei lova mindre forskjellar og meir velferd for folk flest.
Begge har vore uheldige med ytre hendingar og indre omstende. Krisehandtering av perfekte stormar tappar energi, slik at dei mista styringsfart og taket på dagsordenen.
Begge har ein viseleiar som har stilna: Kamala Harris på uriaspost som grensevakt mot Mexico, Trygve Slagsvold Vedum som fange i Finansdepartementets steinborg. Senterpartiherolden kan ikkje lenger reisa landet rundt og drikka kaffi med vanlege folk; han må ta stilling til ein ny sentralbanksjef som er kåra av eliten i middagsselskap.
Begge styrer ein koalisjon, men det er lenger mellom fløyene i det demokratiske partiet enn mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Støreregjeringa er i mindretal, men har rom til å forhandla fram fleirtal i parlamentet. SV er meir nøgd med å vera utanfor regjeringa enn dei ville ha vore etter hundre dagar innanfor. Nå kan dei kan bruka uterøyst på plenen, og på same tid skryta av å dytta regjeringa i betre lei.
Begge slit med den dei vann over. Trump er framleis eit levande spøkelse. Erna har gått i detaljert saksopposisjon som politisk granskingskommisjon utan vyar, med hypotetisk framtidstru på ein koalisjon i det blå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.