JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Ernas fall er godt nytt for Støre

Regjeringa slit i motvind frå alle kantar. Senterpartiet har ei nøkkelrolle i norsk politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgre-leiar Erna Solberg og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ein munnleg spørjetime på Stortinget tidlegare i år.

Arkivfoto: Javad Parsa / NTB

5785
20230922
5785
20230922

hompland@online.no

Støre-regjeringa har ikkje skapt politisk synergi, men sklerose. Dei baserte partia lever ikkje i fruktbar symbiose. Dei har prøvd å snylta på kvarandre, med innslag av kannibalisme. Begge er blitt magrare av det. Dei har spela kvarandre dårlegare, det er uro i rekkene, og det er vanskeleg å skaffa seg eit nytt veljarfolk.

Konspiratoriske og skuffa støttespelarar klagar over at Erna og husabøfossen stal valet, men det finnes meir nærliggande og empirisk dekkande forklaringar på nederlaget. Det er ikkje resultat av uheldig politisk day trading, for regjeringspartias aksjeportefølje har vore i stødig fall sidan dei tok over.

I Hurdal skulle dei snu sentraliserande trendar og ta heile landet i bruk for folk flest. Men eldhugen på grasrota slokna raskt. Regjeringa blei eit offer for ytre omstende, men også for oppskrudde løfte, inhabilitet, vaklande personalpolitikk og mangel på innsidegrep. Vertinna meiner regjeringspartia har like stort behov for samlivsterapi som Erna og Sindre.

ARBEIDARPARTIET TRENG meir enn interne rådslag for å koma på sporet av tapt tid og makt, og havarikommisjonen kjem ikkje til å få arbeidsro.

For Senterpartiet var valet ein varsla katastrofe. Vedums retorisk oppbygde periferi­allianse var ikkje berekraftig. Det blei for mykje dans og råklining med fjern- og nærståande. Partiet møtte seg sjølv i svingdørene då dei flytta frå opposisjon til posisjon, frå systemkritikk til systemforvaltning. Då dei ikkje lenger kunne gå mot straumen, forsvann spenninga, og det blei kortslutning i dei lånte nedslagsfelta i vest og nord. I Andøy kommune hamna dei under torva. Partiets leiande mann i Alta sa det kraftfullt: «Melkøya var det siste halmstrået som fikk strikken til å ryke.»

SENTERPARTIET GJORDE i grunnen eit normalt godt val; dei to førre vala var unntak. Dersom partiet skal ta ein «follstendige gjønågång» vil dei nok finna seg sjølv på det nivået dei høyrer heime etter ei tid i baronens seng. Det jordbundne Senterpartiet er i røynda eit sving- og jo-jo-parti. Ei framtidsvon er at Arbeidarpartiet og Høgre vil gå hand i hand til Brussel.

MARIT ARNSTAD, den røynde parlamentariske leiaren, vil ikkje høyra tale om ei sterkare og meir tydeleg raudgrøn blokk. Ho vil ikkje basera seg på felles front med det svekte Arbeidarpartiet som må lena seg mot venstre som livstrygding.

Senterpartiet er av legning eit notorisk og programmatisk sentrumsparti, ikkje eit blokkparti. Dei kan vera klare for å reversera venstresvingen, melda seg ut av den raudgrøne sengekameratskapen og finna seg sjølve att som eit interessebasert, styringspragmatisk, kjøpslåande og blokkoverskridande sentrumsparti. Hovudstaden i det trønderske heimlandet er eit varsel. Der har Ola Borten Moes desimerte lokallag bytt side til Høgre etter langvarig samliv med Arbeidarpartiet i eit raudgrønt utstillingsvindauge.

BYRÅSJEFEN MINNER OM at ein må ta på alvor Senterpartiets evne til å flytta veljarar over midtstreken i norsk politikk. Ved stortingsvalet for to år sidan tok dei veljarar frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti. Framgangen deira var basis for regjeringsmakt til det skrantande Arbeidarpartiet, utan SV.

Nå taper Senterpartiet til fleire kantar. Men veljarar dei hadde til låns frå Arbeidarpartiet, som prøvde å reversera sin eigen distriktspolitikk, har ikkje vendt tilbake dit dei kom frå. Dei kom i flyt, klatra på gjerdet, sat heime, prøvde Industri- og Næringspartiet eller tok eit protesterande steg til høgre. Det er god grunn til å følgja med på korleis Senterpartiet snor seg og snur på seg i båsen, meiner Byråsjefen.

VALNEDERLAGET er tungt å bera for regjeringspartia, men det kan letta børa at hovudmot­standaren er ille ute. Erna Solbergs styrke har vore å ha full kontroll over lange liner og alle detaljar. Nå er stjerna i ferd med å forsvinna i eit svart hol som finnes bak ryggen hennar.

Etter at den leninistiske partimodellen braut saman i Arbeidarpartiet, har Høgre overtatt den demokratiske sentralismen med persondyrking av den store leiaren. Ved samlivsforviklingar kan dei nå måla seg med AKP(m-l). Der var slike saker underlagde direktivet om kritikk og normert sjølvkritikk. Under slagordet «Familien som kampeining» rykte kommissærar ut og avslørte partifiendtlege element med individualistisk tankegods. For å demonstrera tillit til leiinga måtte lojale kadrar velja bort tvilsame ektefellar og hylla partilina.

Høgres fylkesnomenklatur gir så langt uttrykk for full tillit til Erna som uskuldig offer for den underordna gemalens elleville og spelegalne transaksjonar frå innsida. Kravet er at han må kastrerast som aksjespekulant og leggast i lenker av Statsministerens kontor dersom Erna skal flytta inn att i statsministerbustaden i 2025.

No vert det spanande. Fylg med i neste bolken.

***

RETTINGAR. Det er eit faktum at Spaltisten slit med dyskalkuli. Det har Byråsjefen teke til vitande, men han meiner at når det er tale om valresultat, må ein i det minste halda styr på prosentpoeng og prosent: Prosentpoeng er eit mål på endringar av ein verdi som er oppgitt i prosent.

I førre Sideblikk stod det at Framstegspartiet i Flekkefjord gjekk fram 29,1 prosent til 45,5 prosent. Det er feil. Etter finteljinga auka flanellskjorteord­føraren med 28,7 prosentpoeng. Blant alle veljarane som røysta, gjekk partiet fram frå 16,4 posent til 45,1 prosent, ein prosentvis auke på 175.

Eller ta Høgre på landsbasis: Fram 5,8 prosentpoeng frå 20,1 prosent til 25,9 prosent, ein auke på 28,8 prosent, utan aksjefrådrag.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Høgre bruker ein leninistisk partimodell og persondyrkar den store leiaren.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis